– Behovet for meir norskprodusert jordbær er veldig stort, seier Harald Valle i grossistselskapet Valldal Grønt.
Han meiner at jordbærbygda Valldal bør kunne produsere minst dobbelt så mykje jordbær som i dag.
- Les også:
– Paradoksalt
Valldal er den største produsenten av jordbær til syltetøy og saft her i landet, og leverer rundt 600 tonn bær i året til konserveringsindustrien.
Likevel må industrien importere fire- fem gonger så mykje som jordbærprodusentane klarer å levere i dag.
– Det som er paradoksalt er at vi har eit marknad som spør etter store mengder bær og så har vi problem med å skaffe nok, seier Valle.
På kjølelageret til Valldal Grønt kjem all bær dyrka av dei rundt 40 produsentane som alt er i Valldal.
Produsentane eig sjølve mottakar -og grossistselskapet Valldal Grønt, som tek hand om bæra og sender henne vidare ut i marknaden.
– Vi leverer blant anna jordbær til Stabburet og Lerum som blir til syltetøy og saft. I tillegg til dei jordbæra som går direkte til sal i butikkane, fortel Valle.
- Les også:
Vil rekruttere fleire
I Valldal har dei no sett i gong eit rekrutteringsprosjekt for å kartlegge interessa for bærproduksjon. Håpet er å kunne auke talet på lokale bærdyrkarar og produksjonen av bær.
– Det viste seg at det va om lag ti nye produsentar som var interesserte i å starte opp. Dette er folk som har eigne garder eller har ledig produksjonslokale, seier Valle.
Han meiner likevel at det er langt frå nok.
– Den viktigaste utfordringa framover blir å sikre og auke produksjonsareala og volumet av jordbær og bringebær, seier Valle.
- Les også: