NRK Meny
Normal

Forsiktig optimisme i Valldal

Jordbærdyrkarane i Valldal ser lyst på årets jordbærsesong etter to dårlege sesongar.

Jordbærplante i Vallda

Jordbærdyrkarane i Valldal er forsiktige optimister før årets jordbærsesong.

Foto: Harald E. Valle

– Vi har hatt to dårlege sesongar som følgje av store vinterskadar. I år har plantene overvintra fint og det har vore lite tele og bakkefrost, seier Jan Ole Fuglem, som er ein av dei største jordbærprodusentane i Valldal.

Jordbærplanter i Valldal

Jordbærplanter i Valldal.

Foto: Harald E. Valle / privat

Jordbærdyrkarane i Valldal er forsiktige optimistar framfor årets sesong.

– Ja, eg vil kalle det forsiktig optimisme. Vi håpar det blir ein bra sesong, og det er ingenting som tyder på det motsette no, seier Fuglem.

Valldal er den største produsenten av jordbær til syltetøy her i landet, og står for ein årleg leveranse av mellom 6- og 700 tonn jordbær.

Sakte utvikling

Det kalde mai-vêret har ikkje øydelagt for årets jordbæravling, og etter ein noko unormalt varm vår i fjor, er årets sesong foreløpig normal.

Jan Ole Fuglem

Jan Ole Fuglem er forsiktig optimist før årets sesong.

Foto: Frode Berg / NRK

– Veksten starta veldig tidleg i år med ein mild vår, men etter ei periode med litt kaldare vêr har det gått noko saktare, seier Fuglem.

Han meiner det berre er positivt for plantene, og seinare bæra, at utviklinga går litt saktare i år enn i fjor.

– Då får vi smakfulle og fantastisk gode bær seinare i sommar. I tillegg har vi ein del nye planter som gir veldig fin bær, seier jordbærbonden.

Mykje nyplanting etter 2013

Dagleg leiar i Valldal Grønt, Harald Valle, ser også lyst på årets sesong.

Harald Valle

Valldal er kjent som «jordbærbygda». Harald Valle er dagleg leiar i Valldal Grønt AS.

– Etter katastrofeseongen i 2013 insisterte vi mykje i utstyr for å beskytte bæra, og plantene har hatt ei fin utvikling i vinter, seier han.

Valle fortel at det ikkje blir toppsesong på grunn av nyplanting som følgje av 2013-sesongen, då den kalde vinteren øydela store delar av jordbæravlingane i Valldal.

– Vi er på det andre året med nyplanting og eg håpar det blir ein bra sesong, men eg trur det blir enno betre neste år, seier han.

Jordbær i starten av juli

Dei to jordbærleverandørane vil ikkje vere for sikre med å spå plukkestart, men seier det truleg er Valldalbær i butikken i starten av juli.

– Om utviklinga held fram som no, er dei truleg klare første veka i juli, seier Fuglem.