Frå jordbærsmell til optimisme

Jordbærdyrkarane enda med milliontap førre sommar. I år kan situasjonen bli annleis.

Jordbær fra Valldal

Jordbærdyrkarane i Valldal har god tru på jordbærsesongen. I fjor var sesongen elendig.

Foto: Aksel Døving
Jordbæråker i Valldal

Jordbæråkeren til Jan Ole Fuglem ser hittil frisk og fin ut.

Foto: Jan Ole Fuglem
Jan Ole Fuglem

Jan Ole Fuglem er ein av dei største jordbærprodusentane i Valldal.

Foto: Frode Berg / NRK
Aksel Døving jodbærkonsulent i Valldal

Aksel Døving er jordbærkonsulent, og driv litt med dyrking sjølv.

Foto: Privat

Den milde vinteren kan få store konsekvensar. Frukttrea er allereie i full blomstring, og dyrkarane fryktar at den tidlege blomstringa vil gi lite frukt i kassene. Men for jordbæra kan sesongen sjå lysare ut.

Fruktbygda Valldal gjekk på ein jordbærsmell førre sommar. Frost øydelagde store åkrar, og bærmengda gjekk ned samanlikna med tidlegare år. Vanlegvis kjem det mellom 500 og 600 tonn jordbær frå Valldal kvart år. I fjor måtte bygda nøye seg med knappe 100.

Jordbæroptimist

Dyrkarane er meir optimistiske for denne sesongen sjølv om vinteren har vore tørrare enn ønska. Bonde Jan Ole Fuglem har tatt viktige forholdsreglar denne vinteren ved å legge duk over åkeren.

– Hittil så trur vi at overvintringa har gått bra. Det vert i alle fall mykje betre enn i fjor, som var ein veldig dårleg sesong, seier Fuglem, som er ein av dei store jordbærprodusentane i Valldal.

Han syns at det er vanskeleg å gjette seg fram til kor mykje bær som kjem til å sprette fram. Men han håper at dei klarer godt over halvparten av normalen. I fjor gjorde frosten at store mengder plantar blei kasta, og difor er mykje nyplanta i år. Desse skal få jordbær for første gong, og sjansen for mykje bær er mindre.

Jobbar for jordbærrekord

Men i år slapp dei frosten. Plantane har blitt verna med kvit plastduk, og åkeren har hatt det betre. Bonden innrømmer at det ikkje vert rekordsesong enno.

– Viss det går bra denne sommaren så kan det hende at vi får rekordsommar i 2015.

– Viktig å ikkje gi opp

Jordbærkonsulent Aksel Døving seier at dei milde temperaturane i vinter har vore ein fordel. Men han hadde ønska seg meir snø.

– Viss ein har snødekke over plantane så held temperaturen seg på rundt null grader, og der er ypparleg for overvintring av jordbær. Då treng ein heller ikkje å uroe seg for uttørking, seier Døving.

Jordbærkonsulenten meiner òg at avlingane kjem til å bli større i år. Han håper at Valldal klarer å nå minst 300 tonn denne sommaren.

– Sesongen i fjor var elendig, men no har folk litt optimisme i alle fall. Det er viktig at vi ikkje gir opp.

Jordbær Valldalen

Slik såg det ut i jordbæråkrane i fjor. Enorme mengder plantar fraus vekk, og bøndene måtte plante nye. Dei ferskaste plantane vil gi mindre bær enn veteranane.

Foto: Hegelin Waldal

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.