Hopp til innhold

Legg bort saka der jente (6) vart truga

Trass i skildringar av gjerningsmannen har ikkje politiet nokon mistenkte i saka.

Fredag ettermiddag 7. august fekk politiet melding om at ei jente vart halden for munnen og truga av ein mann ved Nedreskodjevegen på Skodje. Jenta skal ha kome seg laus og ropt om hjelp. Då skal mannen ha forsvunne.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik, politifullmektig ved Sunnmøre politidistrikt

Politifullmektig Magne B.G. Kvalvik seier at ingen har vore konkret mistenkt i saka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I ei pressemelding fredag skriv politiet at dei ikkje har noko meir å gå på etter avhøyr og grundige undersøkingar, og står framleis utan gjerningsmann.

Politifullmektig Magne B.G. Kvalvik fortel at dei har gjennom avhøyr av jenta prøvd å få opplysningar om utsjånaden til gjerningsmannen. Jenta forklarte blant anna då at mannen var mørkhuda.

– Vi har likevel ikkje kome noko nærare ein identifikasjon av ein gjerningsmann, seier han.

Men ifølgje Kvalvik vil dei sjå på saka på nytt viss det kjem fram nye opplysningar.

– Viss vi får inn fleire opplysningar som kan hjelpe oss med å identifisere gjerningsmannen så er det absolutt av interesse for oss, seier han.

– Då politiet vart varsla om hendinga, vart alle spor og tips straks følgde opp. Vi har også hatt inne fleire til avhøyr, men det har ikkje vore nokon som er konkret mistenkt i saka. Til sjølve hendinga melde det seg ikkje vitne, seier Kvalvik.