Hopp til innhold

Ber om tips etter at 6-åring skal ha blitt trua på livet av ukjend mann

Det var fredag 7. august at ei seks år gamle jente skal ha blitt halden for munnen og trua av ein mann på Skodje. No ber politiet om tips frå publikum.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik er politifullmektig ved Sunnmøre politidistrikt og seier at dei trur på forklaringa til jenta.

Det var like før klokka 16 fredag den vesle jenta skal ha blitt truga. Ho kom seg laus og ropte på hjelp. Då skal mannen ha forsvunne, ifylgje politiet. Episoden skjedde i Nedreskodjevegen i Skodje kommune.

Vil ha tips

– Vi er i gang med etterforskinga av saka og det er avhøyrt ein del personar. Politiet har ikkje nokon konkret mistenkt i saka og derfor er det så viktig å få inn fleire tips, seier lensmann Renate Grande Skodje ved Ørskog lensmannskontor.

Politiet har ingen vitne til hendinga og ynskjer kontakt med folk som kan ha gjort observasjonar i det aktuelle området før og etter klokka 16. fredag 7. august.

Trur på jenta

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik er politifullmektig ved Sunnmøre politidistrikt og seier at dei trur på forklaringa til jenta.

– Det er ingenting i saka som gjer at vi ikkje skulle feste lit til jenta si forklaring, seier Kvalvik.

– Fryktar de at ein eventuell gjerninsmann kan slå til igjen?

– Det har vi ingen haldepunkt for no, seier Kvalvik.