Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

SJÅ VIDEO: Gro Ravnestad pyntar festkake saman med Gro Tveit Sveen. Ho er utdanna konditor, men i dag er ho dagleg leiar på Svanøy Røykeri.

Nøttekake med sjokolademousse

Når det skal feirast er det på sin plass med ei god kake til dessert eller på kaffibordet. Denne kaka likar alle, nøtter og sjokolade i ein herleg kombinasjon.

Slik gjør du

Nøttebotn

Køyr nøttene i foodprocessor, ha i melis og bland saman. Pisk eggekvitene lett stive, vend inn nøtter og melis. Ha i rund kakeform (24 cm) med bakepapir i botnen og steik i omn på 160 grader ca. 20–25 min til den er gyllenbrun. Avkjøl. Skjær laus botnen frå forma før du har på moussen.

Sjokolademousse

Legg gelatin til bløyt i kaldt vatn. Varm eggeplomme, sukker og fløyte i vassbad til ca. 60 grader (så varmt at gelatinen smelter). Det viktig å røre i slik at eggeplommene ikkje koagulerer.

Smelt sjokoladen i vassbad, og lettpisk fløyten (5 dl). Klem ut alt vatn av gelatinen, ha i varm eggeplomme blanding. Viss det ikkje løyser seg opp, er det for kaldt.

Ha i den smelta sjokoladen i eggeplommeblandinga og bland saman til ein homogen røre. Ha i litt av den lettpiska kremen først, så resten, rør/vend forsiktig inn.

Hell i forma med nøttebotnen og sett kjølig, eventuelt på frys.

Tips

Denne egnar seg godt til frysing, då det er lettare å få den ut av forma, og kan lagast god tid i førevegen. Nøttekaka tinar kjapt og smakar svært godt.

Kilde: Gro Tveit Sveen