Den 9. juni sparka HC Andersen og Synnøve Svabø det heile i gong. Med badetemperaturar, tapt og funnet meldingar, eskortetjeneste og mykje anna som høyrer sommaren og Reiseradioen til. Reiseradioen går kvar dag heile sommaren mellom 09.00 og 11.00.
Reiseradioens Fredagsekstra er som det ligg i namnet Reiseradioen sitt ekstraprogram på fredagane. Det går mellom 18.00 og 20.00 på P1. Her blir det blant anna festivaloversikt, og mange andre godbitar.
Den første sendinga av Reiseradioens Fredagsekstra gjekk den 15. juni og det var Helge Gjertveit og Birte Njøsen Horne som sparka den i gong.
Dette er Reiseradio-stemmene:
Karin Johanne Wetlesen
Karin er alle i Reiseradioen si mor og barnehagetante, eller ho er med andre ord prosjektleiar for Reiseradioen. Men det stoppar ikkje der, ho skal ikkje berre vere prosjektleiar i sommar. Denne dama som vi kjenner best frå Nitimen skal og vere programleiar i Reiseradioen.
Geir Schau
Geir er eit av namna ein kan hugse frå tidlegare år i Reiseradioen, dette er den tredje sommaren han kastar sommarglede ut av radioen til oss lyttarane.
Du kjenner han kanskje og frå Nitimen, Herreavdelingen og sjølvsagt Reiseradioen.
I sommar skal Geir jobbe som programleiar i Reiseradioen.
Ragnhild Silkebækken
Denne dama er ikkje redd for seie høgt det ho tenker, og det gjer ho ofte. Utanom å vere programleiar for Reiseradioen om sommaren er ho resten av året programleiar for sex- og samlivsprogrammet Pepper og Pasjon på P1.
I år er det andre gongen ho skal vere reporter og programleiar i Reiseradioen.
Hanne Hoftun
I mange år no har Hanne reist land og strand rundt med mikrofonen i handa, og det som reisande reporter. Ho har i fleire år vore programleiar for Reiseradioens fredagsekstra, men i år blir Lier-jenta og å høyre som programleiar om morgenen.
Ida Kjøstelsen
Ida er frå Fredrikstad, og med si herlege dialekt skal ho i år som i fjor lage sommarstemning gjennom radioen din.
Ida er ei jente som sannsynlegvis aldri er i dårleg humør, og det kjem ho nok ikkje til å vere i sommar heller. Som programleiar bak mikrofonen får denne jenta deg til å smile som berre det.
HC Andersen
Denne mannen kjenner dei fleste som eit stort radionamn og i år gjer han radiocomeback i Reiseradioen. Tidlegare kjenner vi han frå P3 og frå TV.
Endeleg er han tilbake som programleiar, og det for Reiseradioen.
Hilde Wøhni Joakimsen
Det er nok mange som kjenner denne dama som Lotto-Hilde, men no blir ho Reiseradio-Hilde for sommaren. Å jobbe i Reiseradioen er draumejobben til Hilde, og ho ser på det som ei ære å få jobbe som programleiar.
Are og Odin
Endeleg kjem dei saman igjen. Det er no 1 1/2 år sidan den herlege duoen takka for seg i P3, men no er dei tilbake, og det på P1.
Odin fortel at mor hans og resten av bygda der han kjem frå er veldig stolt over at han no får slippe til som programleiar på sjølvaste Reiseradioen.
Caroline Bækkelund Hauge
Caroline er frå Drammen og har vore i NRK i mange år. Tidlegare kjenner vi ho frå blant anna Norge Rundt og Frokost-TV.
Drammensjenta er reisande reporter i Reiseradioen, men du skal og få treffe ho bak mikrofonen i studioet til Reiseradioen. Med sin herlege latter skal ho levere deg god sommarstemning i sommar.
Nina Stensrud Martin
Du kjenner nok denne jenta frå både P3 og P2, men no blir det P1 på ho. Med sitt store, kullsvarte hår og høge sko er ho klar for å få deg til å smile og le gjennom heile sommaren, og det som programleiar for Reiseradioen.
Pål Thoresen
Denne mannen har vore i Reiseradioen i mange år, og vi kjenner lett igjen stemma hans. Når han ikkje jobbar i Reiseradioen ser du han tidleg oppe om morgonen, nemleg i Frokost-TV.
Om sommaren flyttar han ut frå huset sitt og flyttar inn i båten. Med båten og som programleiar for Reiseradioen er det verkeleg sommar for Pål Thoresen.
Synnøve Svabø
Synnøve er kanskje best kjent som dama som alltid har ein rask kommentar på lur. Vi kjenner ho frå blant anna Melodi Grand Prix og Nitimen, men no er det Reiseradioen som gjeld.
Denne jenta hadde sin debut i Nitimen allereie som ung praksisstudent frå Volda i 1991, og har sidan vore blant stemmene i Nitimen og Reiseradioen, som programleiar og reporter.
Nils Johan Halvorsen
Nils Johan påstår at han er ein harry gut frå Horten, som elskar bilar. Denne guten har vore i Reiseradioen sidan 2004. Her fekk han reise mange stadar han aldri hadde vore før, og som han kanskje ikkje hadde reist til om ikkje. I sommar skal Nils Johan jobbe som programleiar og reporter i Reiseradioen.
Alex Rosén
Vi kjenner denne mannen akkurat som han er. Med ekstremt høg latter og med eit enormt smil kan han få ein gråstein til å smile.
I år som i fjor skal Alex vere reporter, han skal reise rundt i landet, men ikkje nok med det så skal Alex vere programleiar i Reiseraidoen.
Øyvind Wik
Denne mannen kjenner vi kanskje best frå Norgesglasset, Stjerneklart og Nitimen på P1, men i sommar er det Reiseradioen som gjelder.
Øyvind skal reise land og strand rundt som som reporter for Reiseradioen, men ikkje nok med det, du høyrer han og i Reiseradioens Fredagsekstra.
Helge Gjertveit
Helge kjem frå Haugesund og har ei herleg dialekt. Med sin herlege latter og gode humør har denne mannen i eit par år no vore å høyre i Reiseradioens Fredagsekstra, og det skal vi sjølvsagt få gjere i år og.
Marte Fougner Hjort
Marte er ei 30 år gamal trønderjente som elskar musikk, sko og folk. I sommar skal ho jobbe i Sommaråpent som Musikkansvarleg, men i Reiseradioens Fredagsekstra skal vi likevel få høyre den smilande jenta.
Sven Ole Engelsvold
Frå Jæren i Rogaland kjem denne mannen, og han har vore å høyre i NRK dei siste ti åra.
Han har då blant anna vore i Musikknytt, Kveldsåpent, Nattønske og Norsk på Norsk for å nemne nokre av programma.
I sommar er han å høyre i Reiseradioens Fredagsekstra.
Pål Hovengen Plassen
Pål er ein Vågågut som alltid er i godt humør, og i sommar skal han spre dette humøret utav radioen din. Både som reporter i Reiseradioen og som programleiar for Reiseradioens Fredagsekstra.
Birte Njøsen Horne
Birte kjem frå Florø i Sogn og Fjordane, og i sommar skal ho reise rundt i landet som reporter i Reiseradioen. Og ho skal som i fjor vere programleiar for Reiseradioens Fredagsekstra.
Erik Baanerud
Denne mannen kjenner vi godt frå Nitimen. Han er mannen som får alle han snakkar med, og alle som høyrer på i godt humør, og i sommar skal han få alle saman til å bli i godt sommarhumør. Erik skal reise land og strand rundt som reisande reporter.
Ida Hartmann
Når det ikkje er sommar og Reiseradio er Ida produsent i Nitimen, det er med andre ord ho som held styr på alt som skjer på lufta. I sommar skal ho og vere produent i Reiseradioen, men ho skal og vere reisande reporter.
Helga Hem
Helga er ei smilande jente frå Larvik som har jobba i Reiseradioen som produsent i eit par år no, men i sommar skal ho vere både produsent og reporter.
Kvar sundag i heile sommar skal ho møte kjente menn og sjekke ut kva dei eigentleg kan på kjøkkenet.