Hopp til innhold

– Å sitte er like ille som å røyke

Vi sit opptil ni timar per dag. Det kan vere farleg, meiner fleire forskarar.

Stillesitting

Signalmønsteret i hjernen endrar seg dramatisk når vi sit for lenge i ro.

Foto: Tor Risberg / NRK

James A. Levine

Om vi ikkje kjem oss på beina og set i verk strakstiltak, går vi ifølgje professor James A. Levine mot ei helsekatastrofe i den vestlege delen av verda.

Foto: Mayo Clinic

– Å trene to-tre gongar i veka opphevar ikkje det negative ved å sitte for lenge, seier professor James A. Levine til NRK Puls.

Professoren ved den anerkjente Mayoklinikken i USA har forska på stillesitting i ei årrekke.

– Å sitte gjer noko med prosessane i musklane, med blodsukker og insulinet i kroppen, seier han.

– Dette gjer at risikoen for å utvikle diabetes aukar ved langvarig stillesitting. Høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdomar kan verte eit anna resultat.

– Korleis stillesitting kan ha samanheng med visse typar kreft veit vi førebels ikkje, heller ikkje kvifor risikoen for depresjon aukar, seier Levine.

Men førebelse data viser at signalmønsteret i hjernen endrar seg dramatisk når vi sit for lenge i ro.

Sit over halve dagen

Om vi ikkje kjem oss på beina og set i verk strakstiltak, går vi ifølgje Levine mot ei komande helsekatastrofe i den vestlege delen av verda.

Ein gjennomsnittleg norsk ungdom sit 70 prosent av dagen, og opp til ni timar kvar dag. Vaksne omtrent det same, syner tal frå Norges Idrettshøyskole .

Kvardagslivet med arbeid, skule, og no også mykje av fritida med data og spel, gjer at vi sit i ro.

Kroppen til oss menneske var ferdig konstruert for to millionar år sidan. Den gongen var vi på beina dagen lang. Sitting var pausar i aktivitet.

I dag er heile bilete snudd på hovudet: Sitting er hovudaktiviteten, og vi må sørge for å ta pausar for å gå.

Også dei som trenar

– I starten av studia tenkte vi at dei som trenar og lever sunt ikkje er utsette for same risiko. Men etter å ha sett data frå Australia og USA måtte vi revurdere dette synet, seier Levine.

Sjølv om du trenar opp til tre gongar i veka, tek du ikkje bort helserisikoen om du elles sit lenge stille.

Fleire forskarar trur difor det ikkje berre er fysisk inaktivitet, men faktisk også sjølve sittinga som utgjer eit problem.

– Vi må kanskje slutte å tenke på inaktivitet som det motsette av aktivitet, seier førsteamanuensis Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Resaland har gjort doktorgradsstudiet sitt om fysisk aktivitet hos barn, og kjenner godt til Levine sine studiar.

– Dette er eit svært spennande områd som vi ser kome. Kanskje må vi ta til å tenke på inaktivitet og stillesitting som noko heilt eige, og som i seg sjølv kan få alvorlege følgjer, seier Resaland.

Aktivitet hjelp

Jonny Hisdal

Det er viktig å vere bevist på å ikkje sitje roleg for lenge om gongen, sjølv om ein trenar regelmessig, seier fysiolog Jonny Hisdal.

Foto: Astrid Engen / NRK

– Vi må ikkje kome dit at vi seier at trening ikkje hjelp, for vi veit at aktivitet gir betre helse. Og dersom målet er å betre den fysiske kondisjonen, er det regelmessig trening som gjer ein andpusten som gjeld, seier Jonny Hisdal.

Han er fysiolog ved Oslo Universitetssykehus og Norges idrettshøgskole, og syns at resultata Levine og hans kollegaer har komme fram til er svært interessante.

– Men den nye forskinga viser at det er viktig å vere bevist på å ikkje sitje roleg for lenge om gongen, sjølv om ein trenar regelmessig, seier Hisdal.

Lett å endre

Den gode nyheita er at det er relativt små grep som skal til for å få ein enorm helsegevinst.

– Hyppige pausar i sittande arbeid, gjerne kvart femtiande minutt, gjer enorm skilnad, understrekar Levine entusiastisk.

Korte strekk på beina, jobb ståande i periodar, kvifor ikkje ta møtet gåande? Eller om du går meir drastisk til verks: Få deg ei tredemølle under kontorpulten, gå og jobb samstundes.

Går på kontoret

Kristian Foss hos Gille advokater går fire-fem kilometer kvar dag, medan han jobbar.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

– Løysinga ligg hos kvar enkelt av oss. Men arbeidsplassar, skular og politikarar må legge til rette for bevegelse i kvardagen. Det må ei heilt ny haldning til, meiner professor Levine:

– Undersøkingar viser at folk presterer meir i arbeidet sitt, og at elevar får betre resultat, om det også er meir rørsle i kvardagen. Om vi moderne menneske ikkje endrar sittemønsteret vårt raskt, er det vi ser i dag berre starten på eit enormt helseproblem i framtida.

«Silicon Valley Syndrome»


Også British Journal of Sports Medicine , Diabetologia , og fleire amerikanske universitet har lagt fram studiar som viser at langvarig stillesitting kan utgjere ein helserisiko. Det medisinske tidsskriftet The Lancet har og publisert ei rekke artiklar rundt emnet.

I USA har ei mengde lidingar knytt til langvarig sitting fått namnet «Silicon Valley Syndrome». Mange av dei som arbeider med teknologi og sit framfor dataskjermar i timevis dagleg, slit med same symptom.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)