Hopp til innhold

Forlik mellom Nettby og Blink

VGs Nettby og Dagbladets Blink har inngått forlik i konflikten om kjeldekoden til nettsamfunna.

Nettby
Foto: Faksimile: nettby.no / NRK

Konflikten mellom nettselskapet til Dagbladet, DB Medialab, og VG Multimedia/Nettby Community AS og programmerar Fredrik Kristiansen er no avslutta.

– Glade for løysing

DB Medialab gjekk til sak fordi dei meinte at programmeraren hadde kopiert kjeldekoden frå Dagbladets sosiale nettsamfunn Blink, då han gjekk over til å arbeide for VGs Nettby.

Torry Pedersen

Administrerende direktør Torry Pedersen i VG.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vi er glade for at denne langvarige tvisten no har fått si løysing. Det har vore ei svært kostnads- og ressurskrevjande sak gjennom mange år. Ein lang runde i rettssystemet ville vore ei ytterlegare belastning. No kan ein heller konsentrere desse ressursane om vidare utvikling av produkta våre, seier administrerende direktør Torry Pedersen i VG og konserndirektør John Arne Markussen i Berner Gruppen i ei felles pressemelding.

DB Medialab sine ekspertar hevda at dei hadde tapt opp mot 609 millionar kroner i inntekter på at Nettby vart oppretta. Forskarar VG hyra inn, meinte derimot at DB Medialab ikkje hadde tapt noko i det heile.

Forlik på 24 millionar

Forliket som no er inngått inneber at Nettby Community AS betaler 24 millionar kroner i oppgjer til DB Medialab.

– Ei heilskapsvurdering av både kostnader og personleg belastning gjer at det no er riktig å setje sluttstrek for denne saka. No kan alle parter sjå framover og leggje denne tvisten bak seg, seier Torry Pedersen og John Arne Markussen.

I rettsrundane i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett vann DB Medialab over VG, og VG måtte utlevere sentrale avtalar om Nettby. Men i dag valde altså partane å inngå forlik i saka.

Det ikkje er grunnlag for å hevde at heile eller delar av Nettby er utvikla på grunnlag av kopiert kildekode frå Blink. Kravet overfor Fredrik Kristiansen og VG Multimedia vert lagt vekk.

Utdrag frå forliket

Samstundes vedgår Nettby Community AS at DB Medialab med ut ifrå den samla dokumentasjonen kunne meine at det hadde skjedd handlingar som strid mot lova. Partene er dessutan samde om at dei gjennom betre dialog kunne ha fått saka ut av verda langt tidlegare.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters