Hopp til innhold

A-ha gjev vekk millionar

Popbandet A-ha opprettar eit stipend på totalt fire millionar kroner, som skal gå til fire artistar.

Magne Furuholmen og Morten Harket

Magne Furuholmen og Morten Harket fortalde i dag at A-ha skal dele ut eit stipend til nye talent.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

På ein presselunsj i Oslo i dag fortalde popgruppa A-ha at dei opprettar eit stipend på totalt 4 millionar kroner. Stipendet skal gå til fire ulike artistar frå fire ulike byar. Kvar artist får ein million kroner, og dei skal delast ut under dei fire stadionkonsertane på Brann Stadion i Bergen, Lerkendal i Trondheim, Ullevål i Oslo og Sør-Arena i Kristiansand.

— Vi ser på dette som ein del av vår avsluttingsfest. Vi gjev bort ein sum pengar som kven vere med på å støtte nye norske talent, seier Magne Furuholmen.

Så langt er ikkje så mykje omkring stipendutdelinga fastsett, og kva kriteria vert for å få stipenda er ikkje avgjort. Pengane er det A-ha medlemmane sjølve som gjev vekk.

Vil tilretteleggje for nye artistar

Stipendet skal etter planen berre delast ut i år, men bandet ser ikkje vekk frå at dei kan gjere noko liknande igjen, dersom andre vil vere med å bidra økonomisk.

— Det er ei anna verkelegheit no enn då vi starta. Vi har vore priviligerte, vi har gjort suksess og skrive ei norsk suksesshistorie. Viss vi på beskjedent vis kan vere med på å framelske noko nytt, så gjer vi det, seier Furuholmen.

Magne Furuholmen fortel at dei ikkje nødvendigvis vil gje stipend til artistar etter deira eigen smak, for bandet handlar det om eit ynskje om å tilretteleggje for nye talent.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Meir detaljert informasjon om stipenda vil kome på nettsida www.aha2010.no, den 12. april. A-ha har planar om å involvere publikum i ei avstemming om kven som skal få pengane, men dei vil gjerne delta i juryering av vinnarane sjølve.

— Det er interessant for oss, så det ville vere naturleg å vere med. Men vi må fintenkje litt på detaljane, seier Morten Harket.

Avskjedsturné

A-ha skal avslutte karrieren og avskjedsturnéen Ending On a High Note med ein konsert i Oslo Spektrum 4. desember i år. I dag vart det kjent at popgruppa før avsluttingskonserten, også skal spele fleire stader Noreg. Totalt vert det seks ekstra-konsertar, mellom anna i Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø.

Morten Harket og Magne Furuholmen

Morten Harket og Magne Furuholmen var i godt humør under pressekonferansen.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

— Blir det gøy å vere på avskjedsturné?

— Nei ikkje i det heile, seier Morten Harket

— Eg skal i alle fall ha det moro, skyt ein flirande Magne Furuholmen inn.

— Det ser eg ikkje for meg. Det vert eit miserabelt år, ler Morten Harket.

— I fjor spelte vi ein del konsertar, og opplevde ei fornying som var veldig stimulerande, det er forsmaken på det vi skal gjere i år, seier Harket.

Harket meiner det primært er innstillinga både korleis ein har det sjølv og korleis ein leverer på scena.

— Vi har i alle fall lagt til rette for at Morten skal kose seg mest mogleg, ler Morten Furuholmen.

  • Kven synest du bør få stipend frå A-ha? Delta i diskusjonen her.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP