Hopp til innhold

Odd Nerdrum dømt til to års fengsel

– Saka går voldsomt inn på han, seier forsvarar til Odd Nerdrum. Kunstnaren er dømt til fengsel i to år og ti månader for skatteunndraging.

Odd Nerdrum

Odd Nerdrum er dømt til to år og ti månader i fengsel. Her frå då ankesaka starta i Borgarting lagmannsrett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Borgarting lagmannsrett dømmer kunstnaren Odd Nerdrum til fengsel i to år og ti månader. Dommen er ubetinga, og Nerdrum vert også idømt saksomkostingar på til saman 35 000 kroner.

Han er dømt for å ha seld bilete i utlandet for 14 millionar kroner utan å ha ført opp inntektene på sjølvmeldinga.

Borgarting lagmannsrett skriv i dommen at Odd Nerdrum har unndrege 6,9 millioner kroner i skatt om ein skatteprosent på 50 blir lagt til grunn.

«Sviket er dessuten begått over i alt 5 inntektsår, noe som demonstrerer et fast forsett fra Nerdrums side», står det i dommen.

Streng straff

– Odd Nerdrum sa til meg «eg er dømt for noko eg ikkje har gjort», då eg fortalde han om dommen. Han tek dette veldig tungt, seier Pål Berg, forsvarar til Odd Nerdrum.

Pål Berg meiner dommen er feil, og påpeikar at lagmannsretten legg til grunn eit langt høgare salsbeløp enn det galleri og amerikanske skattemyndigheiter har funne fram til.

– Me vurderer no å anka saka, ei anke vil i så fall gjelda sakshandsaming og straffeutmåling, seier Pål Berg.

Odd Nerdrum skal no vera på reise. Han har ikkje vore varetektsfengsla i saka. Blir dommen ståande, vil han dermed måtte sona to år og ti månader uavkorta i fengsel.

Streng straff

Odd Nerdrum vart dømt til to års fengsel av Oslo tingrett i august i fjor, men Nerdrum anka dommen.

Dommen frå Borgarting lagmannsrett samsvarer med aktors påstand.

– Også Nerdrum nyt godt av at me har eit samfunn der alle yt sitt. Av ållmennprevantive omsyn må skatteunndraging straffast strengt, sa aktor Asbjørg Lykkjen, då ho ba om fengselsstraff på to år og ti måneder for kunstnaren.

– Ein måte å dytta meg inn i sjølvmordet

Odd Nerdrum har på si side hevda at staten har vore ute etter han sidan han debuterte som kunstmålar.

– Staten Norge skuldar meg pengar, sa han i intervju med Fredrik Skavlan.

Les og sjå intervjuet med Skavlan her.

– Eg har alltid tenkt at den norske stat ville ta livet av meg. Eg trur dette er ein måte å dytta meg inn i sjølvmordet, sa Odd Nerdrum då han forklara seg i Oslo tingrett.

Les referat frå rettsaka i Oslo tingrett her

Forsvaret ba om full frifinning av Odd Nerdrum.

NRK.no følger saka vidare

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters