Hopp til innhold

Stjerneforfattar er blitt meir kritisk til Hellas

Victoria Hislop har blitt bestseljande forfattar med romantiske historier frå Hellas. Men ho ser at det kan bli meir komplisert å skrive om det kriseramma landet.

Victoria Hislop

FORELSKA SEG I HELLAS: Men for to år sidan begynte Victoria Hislop å sjå dei mørke sidene ved landet.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Det er vondt å sjå korleis dei økonomiske problema pregar kvardagen til eit djupt generøst folk, seier den britiske forfattaren.

Hellas har vore den andre heimen hennar i fleire år. No er Hislop i Noreg for å snakke om den siste boka si, novellesamlinga Siste dans og andre fortellinger, som er ute på norsk. Ho nippar til ein stor cappuccino i eit hjørne på ærverdige Grand café på Karl Johan i Oslo, dagens andre kaffi etter ein lang og trøyttande togtur same morgon.

Spelar sosiale spel på toalettet

I Hellas er det å gå på kafé ikkje lenger berre enkelt for Hislop. Ho har mange greske vener som framleis nektar henne å betale når dei er ute og et og drikk saman, trass i at ho har betre råd og gjerne vil leggje ut.

– Eg må stadig late som eg skal på toalettet når me er ute, slik at dei får sjansen til å betale utan at eg ser det. Me spelar eit spel, fortel Hislop lattermildt, men i ein tone som understrekar alvoret som ligg til grunn for slike episodar.

Ho blir engasjert når ho talar om landet som har inspirert henne til å skrive forteljingane folk i heile verda elskar. I 2005 slo ho igjennom som romanforfattar med Øya, om ei ung kvinne som nøstar opp i si eiga dramatiske familiehistorie etter å ha oppsøkt slekta si på ei øy nær Kreta. Med dei to neste romanane Hjemkomsten (2008) og Tråden (2011) har Hislop etablert seg som bestseljar innan det ho sjølv kallar historisk romantikk.

Oppdaga dei mørke sidene ved Hellas

Siste dans og andre fortellinger

SISTE BOK UT PÅ NORSK: Victoria Hislops 'Siste dans og andre fortellinger' hentar handling frå gresk samtidig kvardagsliv.

Foto: Schibsted Forlag

For tre år sidan kom den greske tv-serien basert på Øya, som blei godt motteken i Hellas. Under arbeidet med serien var ho i Hellas i lengre periodar, og det var då synet hennar på landet endra seg.

– Eg lærte meir om Hellas og dei mørkare sidene ved landet, seier ho og ser ut av vindauget, der folk slentrar forbi med kaffi og is i den norske septembersola.

Ho tenkjer på den politiske korrupsjonen som gjer at folk helst unngår å betale skatt til ein stat Hislop meiner har svike innbyggarane. Og ho tenkjer på dei sterke familiebanda som legg press på jenter om å velje ektemake og arbeid etter foreldra sine ønskje.

– Kjønnsrollene i Hellas er veldig problematiske, og det har eg teke opp i tittelnovella i den siste novellesamlinga mi. Her blir ei jente pressa til å gifte seg med den foreldra ønskjer seg for henne, istadenfor den jenta elskar. Eg ville aldri presse mi eiga dotter på denne måten, seier Hislop.

– Men eg må vedgå at eg har ein draum om at ho skal finne seg ein grekar etter kvart, ler forfattaren, som trur dei fleste lesarane hennar er nettopp kvinner i alderen 35-65 år.

Vil ikkje lure lesarane

Sjølv om Hislop dei siste åra har sett fleire sider ved landet ho har forelska seg i, vil ho ikkje at krisa i Hellas skal bestemme kva tema ho tek opp som forfattar.

– Eg vil fortelje historier. Sjølvsagt må dei reflektere det som skjer om dei er sette til notida, elles ville eg framstå som blind. Men eg vil ikkje preike til folket om situasjonen i Hellas, seier Hislop.

Ho trur det finst grenser for kor kritisk ho kan vere om dei politiske og sosiale tilhøva.

– I romanen eg skriv på no tek eg opp emne som nok kan oppfattast som kontroversielle, og som folk ikkje vil like. Han tek føre seg historiske hendingar, og eg synest det er viktig å halde seg til fakta i slike samanhengar. Eg vil ikkje lure lesarane mine, seier ho, utan å røpe kva den nye romanen handlar om.

Meiner krisa har røter i den greske kulturen

Hislop er medviten om at visse emne kan få folk til å vende seg imot henne.

– Men der eg skriv om dei skeive økonomiske tilhøva i dei nye novellene mine, er det ikkje dette som er hovudfokus. Og grekarane sjølve er ikkje hårsåre, dei ser godt at uføret dei har hamna i har fleire sider, og at krisa kan sporast tilbake til uheldige aspekt ved den greske kulturen, seier Hislop, og viser til mistilliten mange grekarar har til styresmaktene.

Artikkelen held fram under biletet.

Victoria Hislop

VIL IKKJE LA KRISA AVGJERE TEMA: Victoria Hislop vil først og fremst fortelje gode historier.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Ho meiner det å skrive er ei balanseøving på fleire vis.

– For meg er det å skrive som å sykle. Eg veit ikkje heilt korleis eg gjer det, svarer forfattaren når ho blir spurd om kva element ho meiner må vere med i ei god historie.

– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål! Eg tenkjer ikkje så mykje over korleis eg komponerer når eg gjer det, eller kva lesaren vil ha. Men eg begynner som regel med å sjå føre meg ein stad, då kjem personane fram. Eg trur folk i stor grad blir forma etter omgjevnadene sine, seier forfattaren.

– Alle dei store kjenslene kjem frå Hellas

Ho trur ikkje at ho vil slutte å skrive om sitt andre heimland ved Middelhavet, sjølv om det ser svært mørkt ut etter at eurokrisa har ramma Hellas med full tyngd. For Hislop er Hellas ei endelaus kjelde til inspirasjon, og ho er etter eiga utsegn alltid full av historier når ho kjem heim frå landet som fann opp sjølve dramaet.

– Alt ved Hellas er dramatisk, det finst ikkje daudpunkt i den greske historia, og det er på godt og vondt. Alle orda våre for dei store kjenslene kjem dessutan frå gresk, seier Hislop, som studerte språk ved universitetet.

Ho peiker på det greske ordet for lidenskap, pathos, og psyche, som tyder sjel.

– Ein høyrer nesten aldri britar tale om sjela eller dei sterke kjenslene sine. I Hellas er desse orda del av den kvardagslege samtalen. Grekarane er rett og slett i nær kontakt med det eg meiner er dei viktige sidene ved livet, seier Hislop med eit smil.

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.