Hopp til innhold

Kontorkonsert med Marit Larsen

– Eg likar å vere husband hos Posten, sa Marit Larsen då ho tysdag heldt kontorkonsert i Postgirobygget i Oslo. Sjå heile konserten her!

Kontorkonsert med Marit Larsen hos Posten 4. desember 2012.

Marit Larsen under kontorkonserten hos Posten tysdag ettermiddag. (Stillfoto: Fred-Olav Vatne/NRK)

Årets siste kontorkonsert vart eit høgdepunkt både musikalsk og på andre måtar, då Marit Larsen heldt kontorkonsert for førjulstravle tilsette i 17. etasje hos Posten.

Til denne konserten stilte artisten med ein viss porsjon innsidekunnskap: Marit Larsens bestemor i Fredrikstad jobba nemleg i Posten i mange år.

Kontorkonserten er eit samarbeid mellom NRK og MIC Norsk Musikkinformasjon.

Marit Larsen

Marit Larsen hadde med seg cellist Kaja F. Pettersen og gitarist Marius Graff til kontorkonserten.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Berre to unntak frå straumen av rekningar

I tillegg til å ha lært barnebarnet sitt nyttige posttriks, som at postkort frå Syden kjem raskare fram om ein legg dei i ein konvolutt, står Larsens 82-årige bestemor framleis for dei mest oppmuntrande innslaga i artistens postkasse:

– Posten er jo for meg først og fremst ein formidlar av rekningar, seier Marit Larsen til NRK.no.

– Det er i grunnen berre to unntak: Litteraturtidsskriftet McSweeney's, som kjem som ein forundringspakke ein gong i kvartalet, og så det bestemor sender meg. Då eg flytta heimanfrå og trong mykje oppmuntring kom det noko kvar veke, no er det kanskje ein gong i månaden. Ho sender sjokolade og sokkar ho har strikka, ho skriv brev – og sender meg bilete av kattar.

– Kattar?

– Ja, du skjønar, eg er ein veldig optimistisk, men håplaus dyreallergikar. Så eg har prøvd å ha ulike kjæledyr, men dei har enda opp hos bestemor alle saman. Ho er veldig flink med dyr!

Marit Larsen

Marit Larsen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Tek ferie etter konserten

Marit Larsen har vore på vegen sidan februar, hovudsakleg med fullt band, og etter kontorkonserten er det tid for ein vel fortent juleferie.

Ho har nettopp avslutta ein kulturhusturné med elleve konsertar med dei to musikarane ho hadde med seg til Posten, gitarist Marius Graff og cellist Kaja F. Pettersen.

– Det har vore heilt vanvitig moro å spele konsertar med dei to, fortel ho.

– Med berre tre musikarar får ein ekstra nær kontakt med publikum. Det blir meir nakent, utan det filteret ein har med fullt band. Det er til dømes kjempegøy når publikum kan ønske seg låtar undervegs i konserten.

Marit Larsen er no midt i låtskrivararbeidet til eit nytt album. Låtane har ho jobba med i heile år, og no får ho endeleg tid til å fullføre dei – innspelinga byrjar etter planen til våren. Det planlagde albumet vert Larsens fjerde soloalbum, det tredje i rekkja, «Spark», kom ut hausten 2011.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters