Hopp til innhold

Kontorkonsert med Ida Jenshus

– Eg hadde forventa meg eit sterilt kontorlokale, men her er vi jo nesten på ein italiensk piazza, sa Ida Jenshus under kontorkonserten hos Visit Trondheim.

Kontorkonsert med Ida Jenshus hos Visit Trondheim 21. november 2012.

Alexander Pettersen, Ida Jenshus og Kriss Stemland under kontorkonserten hos Visit Trondheim. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

Ida Jenshus byrja haustens noregsturné i Otta 18. oktober, og har sidan turnert landet på kryss og tvers.

Onsdag heldt ho kontorkonsert nokre steinkast heimanfrå – for 40-50 tilsette og inviterte hos Visit Trondheim ved Torvet i Trondheim.

– Ikkje så ofte innom når ein bur her

– Det er ikkje så ofte ein er innom Visit Trondheim når ein bur her i byen, sa Jenshus under konserten, som fann stad i atriet innanfor Turistinformasjonen, ein overbygd bakgård.

– Men det er veldig hyggeleg å vere her i dag – eg hadde forventa meg eit sterilt kontorlokale, men vi er jo nesten på ein italiensk piazza her i bakgården.

Jenshus (25) er opphavleg frå Steinkjer, men har budd i Trondheim sidan ho var 19, og bur i dag på Bakklandet. Her har ho møtt alle ho speler i band med i dag, og resten av teamet ho har rundt seg.

Møtte sine største fans på turné

Ida Jenshus

Ida Jenshus.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Ida Jenshus skildrar turneen så langt som «veldig, veldig bra», med god publikumsoppslutning – ho merkar tydeleg auke i interessa sidan førre turné.

– Det har blitt mange sterke møter på vegen, med folk som har reist langt og har eit nært forhold til enkeltlåtar, seier Jenshus.

Aller lengst reiste truleg to sveitsarar som Jenshus først møtte på konserten i Bergen:

– Den eine hadde kjøpt debutplata mi på eit postkontor i Hammerfest i 2008, og vart svært begeistra. No kom dei til Noreg for å vere med på alle konsertane mine på Vestlandet – i Bergen, i Haugesund, på Stord og på Bryne.

Les: Ida Jenshus synger ut

Dobbel Spellemann-vinnar

Jenshus vart først kjent for eit større publikum då ho i 2007 gjekk av med sigeren i musikkonkurransen «Lyden av lørdag» på NRK1.

Året etter kom debutplata Color of the Sun, som vart tildelt Spellemannprisen i countryklassen – ei ære ho også oppnådde med andrealbumet No Guarantees.

I haust kom tredjealbumet Someone to Love, der countryelementa er noko nedtona samanlikna med dei første platene. Albumet har hausta svært gode kritikkar og høge plasseringar på salslistene.

Sjå også: Tidlegare kontorkonsertar med mellom andre deLillos, Odd Nordstoga, Bernhoft og Susanne Sundfør

Kontorkonserten er eit samarbeid mellom NRK og MIC Norsk Musikkinformasjon.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)