Hopp til innhold

Sjå Paskalevs kontorkonsert

Mikhael Paskalev heldt kontorkonsert for Wimp-tilsette i Oslo – sjå heile konserten her!

Kontorkonsert med Mikhael Paskalev hos Wimp i Oslo, 5. februar 2013.

Mikhael Paskalev er denne veka klar for lansering av sitt debutalbum. Her under kontorkonserten tirsdag. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

Ålesundaren Mikhael Paskalev (25) fekk eit gjennombrot då han vart fjorårets Urørt-vinnar i NRK P3, og denne veka kjem debutalbumet hans, «What's Life Without Losers» i handelen.

Les: Intenst år for Paskalev

Mikhael Paskalevs kontorkonsert fann stad hos strøymetenesta Wimp i Grensen i Oslo sentrum. Kontorkonserten er eit samarbeid mellom NRK og Music Norway.

Sjå: Tidlegare kontorkonsertar

Mikhael Paskalev med band

Mikhael Paskalev med band.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ein del av å vere musikar

Strøyming har vore eitt heitt tema i musikkbransjen dei siste åra, men ikkje i Paskalevs miljø. Der er tenestene ein like naturleg del av musikklivet som gitarstrengar og forsterkarar:

– Det er ikkje akkurat strøymetenestene vi diskuterer når vi set oss ned med ein pils, seier han til NRK.no.

– For meg er strøyming ein del av det å vere musikar, og fordelen er at det gir god eksponering overfor publikum. Eg forstår reaksjonane frå dei som mista inntekter dei hadde før, men for meg har det alltid vore slik, eg har aldri tent så mykje på musikken.

Ein del av kveldsrutinen

Rett nok er det ikkje Wimp Paskalev brukar. Spotify kom først, og etter fleire år som brukar har han sett saman så mange spelelister at han vegrar seg for å bytte teneste.

– Det ligg mange minne i spelelistene eg har laga, og dei har eg ikkje lyst til å kvitte meg med, seier Paskalev.

Mange spelelister er bygd opp etter at Spotify fekk plass i den daglege rutinen: han byrja å roe seg ned om kvelden med å høyre eit album han aldri hadde høyrt før. Til saman har han rundt 400 spelelister, og dei største inneheld opp til 500 låtar.

Mikhael Paskalev

Mikhael Paskalev sett frå kontorplass hos Wimp.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ein del av salstaktikken

Paskalev har både vinyl og cdar liggande omkring, men han klarer seg godt utan ei svær platesamling:

– Spelelistene eg strøymer får sin eigen personlegdom, på lik linje med album, seier Paskalev.

Ei av dei mange personlege listene heiter «playa del sol». Den laga han for to år sidan, til «ei bra jente»:

– Eg brukte spelelista som ein del av salstaktikken, kan du seie, ler han.

– Eg brukte mykje energi på å skryte av musikksmaken min i den lista. Heldigvis funka det.

Kulturstrøm

  • Progrockbandet «Rush» gjør comeback med kvinne bak trommene

    Progrockbandet «Rush» gjør comeback etter over ti år med pause. Mandag varslet bandet at de skal ut på turné i USA, Canada og Mexico i 2026.

    Det blir første gang Geddy Lee og Alex Lifeson opptrer sammen etter at trommeslager Neil Peart gikk bort i 2020, skriverThe guardian.

    Lee og Lifeson har ansatt tyske Anika Nilles (42) som ny trommeslager i bandet. Hun ble oppdaget av «Rush» da hun spilte med Jeff Beck på hans siste Europa-turné i 2022.

    De beskriver den kommende turnéen som en feiring av over 50 år med Rush-musikk.

    
Alex Lifeson (til venstre) og Geddy Lee fra bandet Rush på Rock and Roll Hall of Fame i 2017
    Foto: AP
  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP