Hopp til innhold

Høyr den nye Flåklypa-musikken

Den nye dokkefilmen «Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa» kjem på kino i haust. Komponist Knut Avenstroup Haugen sitt mål er at publikum skal gå nynnande ut av kinosalen.

Ludvig, Reodor Felgen og Solan

Aukrust-figurane Ludvig, Reodor Felgen og Solan Gundersen er på veg til kinoane igjen. «Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa» har premiere 8. november.

Foto: Maipo AS

Knut Avenstroup Haugen (39) er frå før mest kjend for musikken til dataspelserien «Age of Conan», som mellom anna har gitt han ein pris og fleire nominasjonar i «Hollywood Music in Media Awards».

– Eg har laga mykje musikk av ein heilt annan karakter, gjerne både dyster og dramatisk, seier Knut Avenstroup Haugen.

– Det var i grunnen frigjerande å jobbe med eit materiale som skulle vere det motsette – dette skal vere koseleg, lystig og hyggeleg.

– Hadde stor ærefrykt for oppgåva

Knut Avenstroup Haugen

Knut Avenstroup Haugen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Musikken i «Flåklypa Grand Prix» frå 1975 er skriven av danske Bent Fabricius-Bjerre (f. 1924), og er kanskje den mest kjende musikken frå ein norsk film nokon gong. Haugen kjenner ikkje prestasjonsangst av den grunn:

– Ikkje no lenger, men i byrjinga hadde eg stor ærefrykt for oppgåva, seier han.

– Eg var spent på å ta tak i noko som er så elska av heile det norske folk, som alle kjenner og har eit forhold til. Det har vore viktig å skape ei stemning i filmen som passar til Flåklypa-universet, så eg har valt å ikkje fjerne meg altfor langt frå det musikalske uttrykket i «Flåklypa Grand Prix».

– Samstundes må jo musikken vere original, så min musikk er naturlegvis annleis – eg har ikkje prøvd å gjenskape musikken. Eg har prøvd å halde fast ved stemninga, som er koseleg og folkeleg. Det er også viktig med tydelege melodiar som folk kan hugse. Målet er at folk skal nynne på desse melodiane når dei går ut av kinosalen.

Flåklypa Grand Prix

«Flåklypa Grand Prix» frå 1975 er tidenes mest sette norske film. Multicyde sin coverversjon av «Reodors munnspill-ballade» toppa VG-lista i fire veker sommaren 1999.

Foto: SF Norge

– Det skal vere noko tidlaust over musikken

Rasmus A. Sivertsen

Rasmus A. Sivertsen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

I tillegg til dokkefilmen frå 1975, har Solan og Ludvig tidlegare vore framstilt på filmlerretet i teiknefilmen «Solan, Ludvig og Gurin med reverompa» frå 1998.

– Det har vore viktig for oss å lausrive oss frå begge dei tidlegare filmatiseringane, fortel Rasmus A. Sivertsen (41), regissøren som denne veka la siste hand på «Jul i Flåklypa».

Les: – Vi bør satse mer på norsk animasjonsfilm

– Dette er vår tolking av Kjell Aukrust sitt univers – då kan vi ikkje basere oss på andre tolkingar! Difor har vi gått tilbake til bøkene, for å sjå på korleis han teikna dei.

I arbeidet med filmmusikken har det hatt større verdi å samanlikne med dei tidlegare filmane:

– Det er litt annleis med musikken, det finst jo ikkje musikk i bøkene. Men vi har snakka om at musikken ikkje må vere for moderne, det skal vere noko tidlaust over det heile. Vi har difor leika oss med retroelement frå alle tiåra frå 1960-talet og framover.

«Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa» har premiere på kino 8. november.

Kulturstrøm

  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistene gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • Billie Eilish til Norge i 2025

    Hun skal ut på verdensturne, og spiller i Norge 26. april på Telenor Arena. Det opplyser Live Nation. Forhåndssalget til medlemmer av Live Nation starter 2. mai, mens det vanlige billettsalget er i gang fra 3. mai, ifølge Ticketmaster. Den tredje platen hennes, «Hit Me Hard and Soft», slippes 17. mai.

    Den norske artisten Girl In Red varmet opp for Billie Eilish på O2 Arena i London i juni 2022.

    Billie Eilish
    Foto: Amy Harris / AP