VG lanserte sin nye TV-kanal denne helga, den blir distribuert via Canal Digital som når ut til rundt ein million husstandar.
277 000 sjåarar var innom og såg minst eitt minutt av kanalen i løpet av helga, skriv Kampanje.
I snitt hadde kanalen 5000 sjåarar gjennom heile helga, og nådde dermed ein marknadsandel på 0,7 prosent av totalmarknaden.
Det var VG sin dekning av sjakk-VM som trekte flest sjåarar, 26 000 sjåarar følgde med på sjakksendinga mellom klokka 17 og 18.
– Dette er langt over VG sine forventningar. No må me jobba hardt for å leva opp til den svært gode mottakinga som me har fått denne helga, seier fungerande sjefredaktør i VGTV, Helje Solberg til Kampanje.
VG og eigaren Schibsted satsar stort på TV. Schibsted får eit negativt driftsresultat på rundt 100 millionar kroner på grunn av TV-satsinga til VG og Aftonbladet, skriv fagbladet Journalisten.
Toppsjef i VG, Torry Pedersen, vil ikkje spesifisera kor stor andel som kjem frå VG-satsinga, men bekreftar til Journalisten at det er snakk om titals millionar.
TV-kanalen har mål om å tilby «uhøgtidelege livesendingar, tempererte debattar, breidde og miks» skriv VG i presentasjonen av kanalen.