Det var under ein konsert med Det franske nasjonalorkesteret torsdag kveld det dramatiske fallet skjedde. Masur fall halvannan meter bakover og trefte første publikumsrad i Theatre dess Champs-Elysees.
Ifølgje dei første meldingane frå sjukehuset kom Masur frå uhellet utan skader, men mandag kom det melding om at det er konstatert brot i skuldra, og at han har avlyst alle konsertar fram til sommaren.
84-åringen har dei siste åra vore ramma av Parkinsons sjukdom, og avlyste ein serie konsertar i Boston tidlegare i år.
– Han fall opp ned på ryggen fordi venstrefoten kom for langt ut på kanten av podiet, det hadde ikkje med helsa hans å gjere, sa ein talsmann for orkesteret til AP.
Les:
Les:
Heidra av Sarkozy
Den franske presidenten Nicolas Sarkozy kom fredag med ei utsegn der han ønskte Masur god betring.
Sarkozy kalla Masur ein «legendarisk musikar» og nytta høvet til å minne om den «historiske rolla» dirigenten spelte under gjenforeininga av Tyskland.
Masur var sjefdirigent for Leipzig Gewandhausorkester frå 1970 til 1996. Lenge var han lojal mot DDRs styresmakter, men han stod fram som ein sentral figur under dei fredelege demonstrasjonane i 1989, som leidde til murens fall.
Kurt Masur (f. 1927) flytta sidan til USA, og var sjefdirigent for New York-filharmonien frå 1991 til 2002. Han leidde London-filharmonien frå 2000 til 2007 og Det franske nasjonalorkesteret frå 2002 til 2008, der han sidan har vore æresdirigent.
– Viktig mentor, leiar og ven
Den norske dirigenten Eivind Gullberg Jensen møtte Masur i Paris seinast i midten av april. Han vart kjend med den tyske dirigenten under kurs tidleg på 2000-talet.
– Kurt Masur har vore ein viktig mentor, leiar og ven for meg, seier Eivind Gullberg Jensen på telefon frå København. Han vart ikkje altfor overraska då han høyrde om uhellet i Paris:
– Han er på ingen måte den han var fysisk sett, mellom anna er synet blitt dårlegare, seier han. Gullberg Jensen er svært glad for at det ikkje gjekk verre med venen og mentoren Masur – noko han kallar «eit mirakel».
– Har lært meg mykje om viljen til å uttrykkje noko
I 2005 ringte Masur Gullberg Jensen og spurte om han på kort varsel kunne dirigere Det franske nasjonalorkesteret sidan han sjølv var nyoperert og måtte melde forfall.
Konserten vart ein suksess, og vart eit viktig springbrett til nye oppdrag for Gullberg Jensen – i dag sjefdirigent for Hannover Radiosymfoniorkester.
Les:
– Masur har lært meg mykje om viljen til å uttrykkje noko som dirigent, seier Gullberg Jensen.
– Eg er ikkje sikker på om eg vil halde på så lenge som han – i så fall må det vere fordi eg klarer å behalde engasjementet og motivasjonen slik han har klart det.
– Han er nok ikkje like god teknisk som før, men uttrykksregisteret er like stort. Dessutan er han glasklar i toppen – han har minne som ein elefant og kan utan vanskar fortelje historier om sine møte med Karajan og andre dirigentar frå langt tilbake.