Hopp til innhold

Dirigent døydde midt i sørgemarsj

Den franske dirigenten Jean-Marc Cochereau fekk hjarteinfarkt og døydde medan han dirigerte Orléans symfoniorkester – midt under sørgemarsjen frå Beethovens tredje symfoni.

Jean-Marc Cochereau

Dirigent Jean-Marc Cochereau i lag med Orléans symfoniorkester.

Foto: Celine Bachelet

61 år gamle Jean-Marc Cochereau skulle i helga ha dirigert Orleans Symfoniorkester i tre konsertar med musikk av Beethoven. Cochereau har vore orkesterets sjefdirigent sidan 1987.

Tre kvarters opplivingsforsøk

Mandag kveld øvde orkesteret på Bethovens tredje symfoni, «Eroica-symfonien». Midt i andresatsen Marcia funebre (Sørgemarsj) fekk den rutinerte dirigenten hjarteinfarkt. Ifølge den franske avisa Le Figaro vart ambulansen umiddelbart tilkalla, men tre kvarter med opplivingsforsøk kunne ikkje redde dirigenten.

Også faren døydde av hjarteinfarkt

Cochereau er langt frå den første dirigenten som har døydd medan han dirigerte. Giuseppe Sinopoli fekk også hjarteinfarkt under ei framsyning av Verdi-operaen Aida i Berlin i 2001. Greske Dimitri Mitropoulos døydde under ei orkesterprøve med Gustav Mahlers tredje symfoni i 1960.

Jean-Marc Cochereau gjekk dessutan i fotspora til faren Pierre Cochereau, som var hovudorganist i Notre Dame-katedralen i Paris, og som døydde av hjarteinfarkt i 1984.

Jansons overlevde hjarteinfarkt

Den mest dramatiske liknande situasjonen i Noreg i nyare tid, var nok då Mariss Jansons fall om på scenen under ei konsertframføring av Puccini-operaen La Boheme i Oslo Konserthus i 1996. Jansons overlevde hjarteinfarktet.

Mariss Jansons far, Arvid Jansons, var ikkje like heldig – han døydde på scenen i Manchester i 1984, under ein konsert med Hallé-orkesteret.

Jean-Marc Cochereau med Orléans symfoniorkester

Cochereau vart sjefdirigent for Orléans symfoniorkester i 1987.

Foto: Celine Bachelet

– Ein slik død han ønska seg

Den britiske musikkommentatoren Norman Lebrecht skriv på sin blogg i samband med dødsfallet at dirigenten Herbert von Karajan var så nervøs for å døy på scenen at han spesialbestilte forsking på temaet.

Ifølge direktøren for Orléans symfoniorkester, Catherine Mounier, ville Cochereau imidlertid ha sett på det å falle på sin post som ein verdig måte å døy på:

– Eg tenkjer, for å vere heilt ærleg, at det var ein slik død han ønska seg, seier Mounier til AFP.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters