Hopp til innhold

Difor trur me Ronny er ein skurk

Trudde du Ronny, Johnny, Kenneth og Roger er meir kriminelle enn andre? Då må du kanskje tru om att. – Politifolk og lærarar trur meg ikkje når eg fortel at Ronny ikkje er ein versting, seier namnegranskar Ivar Utne.

Namnegranskar Ivar Utne, UiB

Ivar Utne har sjekka tre gonger, og ingenting tyder på at namnet Ronny er meir brukt av domfelte enn andre namn.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Har du vondt for å tru Ivar Utne? Du er ikkje åleine.

6 av 10 trur Ronny har ein fengselsdom, og 7 av 10 trur han har låg utdanning og låg inntekt. Det viser ei landsomfattande undersøking gjennomført av Sentio på vegne av TV-serien Nomino. Men kvifor trur me Ronny er ein skurk?

– Det er eit mysterium, seier Ivar Utne, namnegranskar ved Universitetet i Bergen.

Overraskande fengselsfunn

– Tre gonger har me sjekka 1000 domfelte opp mot namn og aldersgrupper, og ingenting i undersøkingane tyder på at Ronny er overrepresentert i norske fengsel.

Det er altså bevist. Men myten er seigliva.

Folk trur ikkje på funna til Ivar Utne. Sjølv dei som gjennomfører undersøkingane blir overraska når dei ser at Ronny ikkje ligg på verstingtoppen.

Så kva veit me om namnet? Her er nokre Ronny-fakta:

Ronny, popularitetsgraf

Dei amerikanske namna blei alle veldig populære veldig fort, så stupte populariteten like raskt.

Foto: SSB
  • 5 753 norske menn heiter Ronny.
  • I 2013 heitte 64 av 3 412 norske, mannlege innsatte Ronny. Dette utgjer 1,88%. (Kjelde: Kriminalomsorgen)
  • I 2013 hadde landets Ronnyar ei snittinntekt på 364 985 kroner.
  • I 2009 låg Ronny, Tommy og Roger på konkurstoppen. I 2013 gjekk Jan, Bjørn og Per mest konkurs.
  • Namnet er eit amerikansk kjælenamn for Ronald, og saman med Tommy, Johnny, Raymond, Frank, Kenneth og Roger nådde det Noreg for fullt med amerikansk populærkultur på 50-talet.
  • Ronny og dei andre amerikanske namna blei raskt populære blant foreldre i arbeiderklassen. Foreldre frå overklassen valde gjerne eldre namn som Kristian, Lars og Ingrid.
  • Ronny var på høgden mellom 1970- og 1975, og snittsalderen til Ronny er 40 år (Kjelde: SSB)

Namnet fekk ein vanskeleg start i Noreg. Frå mellomkrigstida og framover blei nye utanlandske fornamn for framande for styresmaktene. Me finn fornamnet Ronnie i Justisdepartementets liste over godkjende og avviste namn.
Der står det: Ronnie nektet for gutt.

Justisdepartementets liste over godkjende og avslåtte namn i perioden 1923-1950.

Justisdepartementets liste over godkjende og avslåtte namn i perioden 1923-1950 blei sendt ut til alle sokneprestar og folkeregister i heile landet.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Nekta å døype guten

Ronny Omdahl

Då Ronny Omdahl blei fødd på 50-talet kunne prestane avvise namn på born dei skulle døype.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK
Ivar Utne om Ronny

Ronny kjem av namnet Ronald, som igjen kjem av det norrøne namnet Ragnvald. Vikingane tok med seg Ragnvald-namnet til dei britiske øyer der det blei Ronald, emigrantane tok Ronald med seg til USA der det blei Ronny, og Ronny kom over til Noreg att på 50-talet.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK
Ronny Bertelsen

Bror til journalist Ronny Bertelsen heiter Raymond og er politimann.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Ronny Omdahl, fødd i 1956, er blant våre fyrste Ronnyar. Og det er takka vere ei sta mor at han faktisk fekk det namnet:

– Presten sa at berre hundar og utlendingar heiter slikt, fortel Omdahl.

– Han avviste blankt å døype meg Ronny.

Men mamma Omdahl hadde bestemt seg. Ho venta. Og venta. Då gamlepresten gjekk av, spurte ho om nyepresten ville døype guten hennar.
Han sa ja.

Då var guten blitt 3 år og kunne sjølv spasere opp til døypefonten.

Arbeiderklassenamn blir sett ned på

– Eg trur dette er ein stereotypi, eit rykte som har lagt på seg. Og dei som held myten i live er kanskje dei som kjem frå høgare sosiale lag? seier Ivar Utne.

Kan ein i det heile tatt seie noko om ein person utifrå namnet?

– Nei. Eg pleier å seie det slik:
Namnet fortel meir om foreldra enn om ungen.

Gatas skrekk

– Det verste eg har gjort nokon gong er å kaste snøball på ein lærar. Og det var eit uhell, fortel Ronny Bertelsen, fødd i 1965.

Foreldra hans må ha hatt særleg sansen for USA og amerikanske namn. Dei døypte nemleg broren for Raymond.

– Me høyrest ut som gatas skrekk. Men eg pleier å spøke med at det har gått bra med både meg og bror min. Eg er journalist, og Raymond er politimann.

Les Ronny Bertelsens Ytring-kronikk om namnet Ronny.

Mange gir Tramteatrets Randi og Ronny skulda for Ronnys dårlege rykte. Men namnet hadde lenge hatt ein negativ klang i mange norske øyrer.

– Det var ei fæl tid. Kvifor måtte dei kalle skurken Ronny?

Ingen frå Oslo vest heiter Ronny

Ronny Fremstad

Då Ronny Fremstad voks opp i Horten var han ein av veldig mange Ronnyar. Han meiner det sit færre Ronnyar i fengsel no enn før.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Eg ringte muttern og spurte kvifor ho kalla meg Ronny. Ho sa det var fordi ho syns det var eit fint namn, fortel Ronny Fremstad, fødd i 1972.

– Men ho sa òg at hadde eg blitt fødd i dag, så hadde ho ALDRI kalt meg Ronny. Haha!

Ronny Fremstad blei fødd då namnet var på sitt mest populære.

– På fotballaget i Horten heitte 7 av 11 Ronny. Og i mål stod Raymond.

Ronny må tåle ein del fleipete kommentarar om namnet sitt. Han er nemleg fengselsbetjent i Bergen Fengsel.

Og når kollegene hans insisterer på at: - Ronny er eit fangenamn! då protesterer han.

– OK, då eg starta i jobben merka eg at namn som Ronny og Tommy gjekk att. Men det er vel berre fordi dei er populære namn? Det er jo mange som heiter det, då er det logisk at nokre av dei sit inne.

Fengselsbetjenten seier det har gått bra med alle Ronnyane heimeifrå.

– Ronny Lund er til og med blitt direktør!

Sjølv trur Ronny Fremstad ein kan seie noko om bakgrunnen til ein person utifrå namnet.

– Det er ikkje tilfeldig kva namn foreldre gir borna sine. Heiter ein Ronny så kjem ein ikkje frå Oslo Vest. Der har folk flotte og fancy namn, seier han.

Snart sit apostlane i fengsel

– Mange Ronnyar er domfelte, men det er fordi dei utgjer ein stor del av befolkninga, seier Ivar Utne.

– Dei som sit i fengsel i framtida er folk med vanlege namn, og sidan bibelnamn som Lukar, Filip, Markus og Mattias er veldig populære no, så vil Jesu disiplar snart sitte bak lås og slå.

Namnegranskaren syns det er nedlatande å sjå ned på namn som Ronny, Johnny, Raymond, Roger og Kenneth.

– Det er ikkje namnet som gjer ein til forbrytar.

I Nomino på NRK1 2025 i kveld møter du dei fire Ronnyane på biletet under. Kokken, fengselsbetjenten, juristen og journalisten har alle reint rulleblad. Og eit heilt spesielt namn.

Kvifor trur me Ronny er kriminell?

6 av 10 trur Ronny har ein fengselsdom, og 7 av 10 trur han har låg utdanning og låg inntekt. Fortener Ronny sitt dårlege rykte?

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters