Hopp til innhold

Presis samtidskritikk frå Kjærstad

BOKMELDING: Sjølvsagt er det tydelege parallellar mellom 22. juli- terroren og den 23. august-terroren Kjærstad skildrar i romanen «Berge». Men, som så ofte elles: romanen blir rikare om ein unnlet å spekulere over kor mykje av skildringa som er verkeleg.

Jan Kjærstad

Med «Berge» har Kjærstad skrive ei av sine viktigaste romanar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

  • TITTEL: Berge
  • FORFATTAR: Jan Kjærstad
  • FORLAG: Aschehoug

Fem familiemedlemmer blir brutalt slakta ned på hytta ei sommarnatt. To av dei, far og dotter, var profilerte arbeiderpartipolitikarar. Kven står bak?

Tre personar får kome til orde med sine historier: Ein kvinneleg journalist som dekkjer saka, dommaren som skal døme den tiltalte, og sist men ikkje minst: den tiltalte sjølv.

Den perfekte mordaren

Ein mann blir nemleg stilt for retten. Det finst indisium, men ingen bevis og ikkje særleg klare motiv heller. Saka – som går i sal 227 – er altså bygd på eit vesentleg meir usikkert grunnlag, enn saka etter 22.7.

Og det er her, i det usikre, at romanen set inn med full stryke. For aktor må byggje opp ei historie som står til truande. Det same må forsvararen. Sistnemnte har ein vesentleg tyngre jobb, ettersom alle er sikre på at Nicolai er skuldig. Den mislykka arbeidarpolitikaren og like mislykka forfattaren har gjort det. Nokre år tidlegare hadde han jo eit forhold til den unge og vellykka arbeidarpolitikaren Gry, eitt av offera. Han var også sterkt kritisk til utviklinga i ap på bloggen sin.

Både i retten, i media og i folkedomstolane framfor dei tusen fjernsynsapparat blir det smidd historier der alt passar inn: Den ganske tilbaketrekte unge mannen er den perfekte mordaren.

Kunsten å så tvil der alle trur

Jan Kjærstad Berge

«Berge» er ein spennande og insisterande roman om tvil, håp og kjærleik.

Foto: Aschehoug

Det blir opp til dommaren å vurdere om aktor og alle vitna har greidd å setje saman ei overtydande historie. Og det har vore opp til forfattaren å skrive historia om alle historiene på ein måte som fengslar lesaren.

Både dommar Malm og forfattar Kjærstad løyser oppgåva på ein utmerka måte.

Rettnok hevdar dommaren at «Mitt eneste talent var å holde min talentløshet skjult», men det viser seg at han har øvd lenge på ei ekte kjærstadsk dygd: nemleg å prøve å sjå ting frå andre vinklar for å oppdage nye sider og alternative forståingsmåtar.

Dette fører han til dei neglisjerte novellesamlingane til Nicolai, som igjen får han til å revurdere stempelet den unge mannen har som «mislykka». Her har kritikarar og lesarar oversett perler. Dette inspirerer i sin tur lesaren til å revurdere den – i eigne auge – talentlause dommaren, for ikkje å snakke om den – i eigne auge – avblomstra kvinnelege journalisten som opnar romanen.

Alle tre må bli sett av andre med eit ope og fordomsfritt blikk for å bli klar over eigen verdi. Dei er prisgitt den dømmande og livgivande makta som heiter fellesskapet, ei makt som er truga frå mange kantar i det verdsomspennande neokapitalistiske imperiet vi nordbuar er ein liten del av ifølgje dommaren.

Mordsaka blir eit prisme som forfattaren studerer samtida gjennom. På same tid studerer han sjølve historieforteljinga, denne livsnødvendige aktiviteten som kan bli tilsvarande livstrugande dersom ein ikkje opnar for ulike tolkingar av materialet.

«Berge» er ein spennande og insisterande roman om tvil, håp og kjærleik under neokapitalismen. Eg er sanneleg ikkje sikker på kven som er størst av tre. Men eg er sikker på at Kjærstad har skrive ei av sine viktigaste romanar.

  • Flere anmeldelser fra NRK:
Bokforside, jente på stranden
Foto: Samlaget

«Den dunkle dottera» av Elena Ferrante: Elena Ferrantes nye bok på norsk er en thriller. Hovedfortellingen kan synes banal, men romanen inneholder de samme store spørsmålene som foldet seg ut i Napoli-kvartetten.

Kors på halsen

«Kors på halsen. Sannheten om Sylvi Listhaug» av Mathias Fischer: Mathias Fischer forteller nyttig og underholdende om hvordan Sylvi Listhaug erobret sine maktposisjoner, på tross av at hun ikke er verdens beste nettverksbygger.

Herbjørg Wassmos "Den som ser"

«Den som ser» av Herbjørg Wassmo: 20 år etter det alle trudde var slutten på ein trilogi, kjem Wassmo med eit fjerde bind om Dina, hennar liv og tid. Halslaus gjerning; slikt kan gå skikkeleg gale. Men her skjer det motsette, i «Den som ser» overgår Wassmo seg sjølv. Dette er kort og godt stor litteratur.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters