– Å skrive ungdomsbøker er litt som å halde på med ein sær risikosport. Du blir åtvara om ikkje å gjere det, men likevel kastar du deg ut i det, fordi det er så sabla morosamt. Og når du kjem i mål er det få eller ingen som bryr seg, seier Sigbjørn Mostue.
I fjor fekk han Uprisen for zombie-apokalypsen «I morgen er alt mørkt». Boka fekk varm omtale og forfattaren var klar fok suksess.
No er han tilbake på Norsk litteraturfestival på Lillehammer for å halde foredraget «Ungdomsboka – ein sjanger i krise?».
Tomme hyller
– Skal forfattaren tene pengar til livets opphald, må bøkene bli selt. Kor mange gongar svevar ikkje forfattarar på skyar av jubel etter eit skulebesøk, for så å snike seg inn i bokhandelen på staden, forsøke å finne den bortgøymde hylla med ungdomsbøker, for berre å oppdage at bøkene hans eller hennar ikkje ein gong står i hylla, sa Mostue på foredraget.
Forfattarens redaktør, Steffen Sørum, meiner det i alle fall ikkje er leselysta blant ungdomane det står på.
– Vi ser at ungdom kan stå seks månadar i kø for å låne boka til Sigbjørn på biblioteket. Det er jo heilt tragisk. Når dei faktisk blir gira finst ikkje boka i bokhandelen og skulebiblioteket har berre to eksemplar.
– Har ikkje dårleg samvit
Kategori- og innkjøpsdirektør i Ark, Jon Georg Husby, har forståing for otta og meiner ungdomsbøkene er ein vanskeleg sjanger.
– Vi ser at ungdomane følgjer med på internasjonale trendar som til dømes John Green og Twilight. Dei ønskjer ofte å kjøpe bøkene på engelsk og har ei internasjonal referanseramme som gjer det vanskeleg for norske ungdomsbøker å nå fram, seier han.
Men han har ikkje dårleg samvit for jobben med å selje norske ungdomsbøker.
– Vi er bevisste på ansvaret vårt for å gi ungdomsbøkene plass i butikkane, og sikrer eit godt sortiment sentralt, samtidig som den enkelte butikk står heilt fritt til å kjøpe inn dei ungdomsbøkene dei måtte ønskje utover dette. Målet vårt er å selje flest mogleg av dei, seier Husby.
Hollywood-maskineriet
Sigbjørn Mostue er ikkje nemneverdig imponert av svaret til Husby, og meiner det han seier berre bekrefter problemet.
– Det er ikkje rart at ungdomane konsentrer seg om dei utanlandske bøkene. Det er dei første dei finn i butikken, og dei har eit stort maskineri bak seg, nemleg Hollywood.