Hopp til innhold

– Sosiale media er blitt ein viktig del av krisehandtering

Etter det katastrofale jordskjelvet i Nepal har både Facebook og Google aktivert tenester som kartlegg livsteikn frå folk som er i området. Raudekrossen og Utanriksdepartementet stadfestar at dei har god nytte av slike verktøy.

Google Person Finder og Facebook Safety Check

Google og Facebook har aktivert verktøya 'Person Finder' og 'Safety Check' etter jordskjelvet i Nepal. Sosiale media og denne typen tenester er til god hjelp i samband med krisehandtering, opplyser både Raudekrossen og Utanriksdepartementet.

Foto: Adnan Abidi / Reuters/Skjermdump

Situasjonen i Nepal er kaotisk og uoversiktleg etter at landet laurdag blei råka av det kraftigaste jordskjelvet på 80 år.

Laurdag aktiverte både Facebook og Google tenester som skal hjelpa folk frå heile verda å få kontakt med vener og familie som var i området under skjelvet.

Både Facebook sin «Tryggleikssjekk» og Google sin «Person Finder» er interaktive verktøy der folk både kan sjekka om folk ein kjenner er i området, dela det ein veit om statusen til personar eller gje livsteikn dersom ein sjølv er i eit katastrofeområde.

Måndag ettermiddag hadde Google Person Finder 5500 registreringar relatert til jordskjelvet i Nepal.

– Desse tenestene er svært nyttige verktøy som hjelper folk med å fort få kontakt med kvarandre, seier kommunikasjons- og marknadsdirektør i norske Raudekrossen, Øistein Mjærum.

Avlastar hjelpeorganisasjonane

Øistein Mjærum i Raudekrossen

Verktøya til Facebook og Google fører til at folk finn kvarandre fortare og hjelpeorganisasjonane får mindre arbeid med oppsporing under katastrofar, fortel Øistein Mjørum i Raudekrossen.

Foto: Olav A. Saltbones / Røde Kors
Pressekontakt Veslemøy Salvesen i Utenriksdepartementet

– Denne krisa viser tydeleg korleis sosiale media og ny teknologi er blitt ein viktig del av krisehandtering, seier kommunikasjonsrådgjevar Veslemøy Salvesen i Utanriksdepartementet.

Foto: UD

– Raudekrossen har eigne registreringssystem for oppsporing av folk både på nettsidene våre og i felt, men det blir mindre å handtera for oss i formelle kanalar når folk fort kan finna kvarandre via sosiale media. Det er positivt, legg Mjærum til.

Det var i overkant av 200 nordmenn i landet då katastrofen skjedde. Måndag føremiddag var det færre enn ti av desse norske styresmakter ikkje hadde klart å få kontakt med

Utanriksdepartementet stadfestar at dei dreg nytte av sosiale media i sitt arbeid med å få oversikt over situasjonen i Nepal.

– Denne krisa viser tydeleg korleis sosiale media og ny teknologi er blitt ein viktig del av krisehandtering. Utanriksdepartementet og utanrikstenesta nyttar seg også av desse moglegheitene, både for å henta inn viktig informasjon og til å spreia våre bodskap, seier kommunikasjonsrådgjevar i UD Veslemøy Lothe Salvesen til NRK.

jordskjelv i Nepal

Mange er framleis sakna etter jordskjelvet i Nepal. Via tenester på nettet melder folk ifrå om at dei saknar nokon, eller at dei er i live.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

Lanserte «Person Finder» etter jordskjelvet i Haiti

Verktøyet til Google har blitt brukt ved fleire naturkatastrofar, første gong var i etterkant av jordskjelvet på Haiti i 2010. «Security Check» på Facebook blei lansert i oktober i fjor men har vore eit relativt ukjent verktøy fram til no.

Mjærum i Raudekrossen har sjølv fått stadfesta at to vener i Nepal er i god behald gjennom det nye verktøyet til Facebook. For Raudekrossen som hjelpeorganisasjon er det likevel viktig at opplysingane dei registrerer er verifiserte, noko dei ikkje blir hos Facebook og Google.

Nett-tenestene kan heller ikkje erstatta nytta av registreringsstasjonar på bakken i det aktuelle området, påpeikar Mjærum.

– Tilgangen til nett- og mobildekning i område med krig og katastrofe er ofte mangelfull. Det er heller ikkje alle som har ein pc eller mobiltelefon i slike situasjonar. Me må plassera ut eigne folk i felt slik at folk kan koma fysisk til oss.

Over 3700 menneske var måndag ettermiddag stadfesta omkomne i skjelvet, men mange er framleis sakna og dødstala er venta å stiga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.