Hopp til innhold

– Må få fleire helse-appar

Det fins allereie 40 000 helseappar på marknaden. IKT Norge vil ha enda fleire.

Speakless - app for kreftpasienter

Mobilapplikasjonen Speakless skal gjere livet enklare for ungdom med kreft.

Foto: speakless.org / Skjermdump

Skal du ned i vekt? Begynne å trene? Holde blodtrykket under kontroll? Det fins ein mobilapplikasjon til å hjelpe deg med alt det, med meir.

Eiga messe for helse og IT

Men i tillegg til å hjelpe deg å ete sunt og å halde kontroll på kor mykje raskare du har blitt på joggerunden, kan fleire helse-appar gjere livet lettare for svært mange.

Ein app for å vete kva symptomar ulike sjukdommar har, ein som minner deg på å ta rett medisin til rett tid, ein som følgjer blodtrykk, puls, eller når du skal til legen. Alle finst.

Denne veka vart helse- og IT-messa Healthworld halden i Oslo. Der vart mellom anna ehelseprisen delt ut, og av dei 22 kandidatane til å vinne pris for å ha bidratt med noko viktig innan ehelse, altså elektroniske helsehjelpemiddel. Vinnaren var ein app som gjer livet enklare og tryggare for diabetikarar.

Enkelt, men nyttig

På same messe vart applikasjonen Speakless presentert. Den er tenkt til unge med kreft. Gjennom appen kan vennene deira kan følgje kvardagen til pasienten, og ein kan legge inn korleis ein har det og kva som skjer.

– Unge med kreft opplever ofte at einsemd og isolasjonen frå vener er vel så gale som diagnosen. Med denne appen kan til dømes vener sjå at dette var ein dårleg dag, og skjøne at det var grunnen til at dei kjente seg avviste, fortel AnneFi Troye, som har vore med å utvikle appen.

– Enkelt

– Mange av applikasjonane som har fått mest merksemd, er veldig enkle, men dei gjer kvardagen for mange enklare, seier Nard Schreurs i Computerworld.

Han fortel at enkel teknikk i ein app, kan utviklast raskt og løyse store problem.

– Den gode appen føreset at ein er tett på brukaren i utviklinga, og ikkje går gjennom store organ og etatar, seier Schreurs.

Få norske

Men sjølv om det fins om lag 40 000 appar å få tak i, som går under helsekategorien, er få av dei norske.

– Noreg ligg etter i utviklinga. Me tren norske alternativ og norske myndigheiter må satse meir på helseapplikasjonar, seier Fredrik Syversen i IT-bransjen sin interesseorganisasjon, IKT Norge.

Fredrik Syversen IKT Norge

Fredrik Syversen i IKT Norge meiner myndigheitene må satse meir på helseappar.

Foto: Pressebilde / IKT Norge

Han meiner det bør leggjast betre til rette for å utvikle applikasjonar innan helsesektoren.

– Næringa må sjølvsagt ta noko av ansvaret, men myndigheitene må sørgje for at appane kan kjøpast inn til dei som treng dei, og at teknologien vert utvikla, seier Syversen.

Ham meiner helseminister Jonas Gahr Støre må følgje med på kva som skjer.

– Ministeren må sjå enkeltheita i dette, seier Syversen.

Han trur eit tungrodd helsesystem bremsar utviklinga.

– Eg trur dei ser moglegheitene, men heng fast i dei store systema sine, seier han.

– Kjem snart stortingsmelding

Gahr Støre var til stades på Healthworld, og seier han tek mobilapplikasjonar som helsehjelpemiddel på alvor:

– Me jobbar med ei stortingsmelding om IKT i helsesektoren, og eg trur nok me vil sjå ei sterk utvikling i bruken av teknologiske hjelpemiddel framover, behovet er veldig stort, seier han.

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap)

Helseministeren er positiv til fleire mobilappar i helsevesenet.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Han peikar på at teknologien no vert utvikla i mindre skala.

– Initiativtakarar utviklar dette sjølve der dei ser behovet, og det er noko eg trur me vil sjå langt meir av, seier helseministeren.

– Lett å lage

Schreurs i computerworld meiner akkurat det er ein føremon for appane.

– Ein er ikkje avhengig av store selskap eller myndigheiter for å utvikle ein app, og difor kan små grupper med spesielle behov bli møtt, seier han.

For mobilapplikasjonane treng ikkje vere veldig avanserte å utvikle, og difor kan dei gå motsett veg av det hjelpemiddel vanlegvis gjer.

– Ein kan lage ein prøve-app og sjå om den fungerer, og så har ein eit produkt å vise til, i staden for at det vert brukt lang tid på å forske produktet fram, seier Schreurs.

Vanskeleg å sikre

Men akkurat dèt er grunnen til at teknologiske verktøy er vanskelege å kvalitetssikre.

– Me rådar til å drøfte med ein lege før ein nyttar appar i behandling og oppfølging av sjukdom, seier avdelingsdirektør ved avdeling helseportal i helsedirektoratet, Roar Olsen.

Direktoratet vil ha på plass eit offentleg godkjenningsorgan for appar som skal vere ein del av eit offentleg behandlingstilbod.

– I jungelen av helseappar, er det ei utfordring for folk flest å skilje mellom dei som er gode og dei som ikkje er det. Me diskuterar allereie om det er mogleg å gje ut betre informasjon om korleis det kan vurderast, seier han.

Men det kan verte for mykje av det gode med alt.

– I USA verkar det som om mange er blitt heilt avhengige av å heile tida kunne måle blodtrykk og puls eller sjekke kaloriinnhold og så vidare. Nordmenn er kanskje litt meir skeptiske no, men eg trur me kjem etter, seier han.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor