Hopp til innhold

– Me hadde ikkje venta fengselsstraff

Eit medlem av Pussy Riot er i Norge og gjest hos Anne Lindmo laurdag. Gruppa meiner Vladimir Putin er personleg ansvarleg for at to av medlemmene er dømt til fengsel og sendt til fangeleir.

Pussy riot hos Lindmo

«Yozh» frå den russiske aktivistgruppa Pussy Riot gjestar Lindmo laurdag.

Foto: Juli Marie Naglestad

Punk-gruppa Pussy Riot vart kjende verda over etter at dei framførte ein Putin-kritisk låt i ein katedral i Moskva i februar.

Tre av dei blei i august dømte for å ha forstyrra ro og orden motivert av religiøst hat, og to av medlemmene er dømt til to års fengsel.

Maria Alyokhina og Nadezhda Tolokonnikova er sende til ein fangeleir, som er kjent for svært tøffe forhold.

– Det er ein av dei mest skremmande fangeleirane i Russland. Det er veldig dårlege kår med tanke på mat, sanitæranlegg og forholdet mellom fangane, seier «Yozh» frå Pussy Riot, som er i Norge for å delta på Oslo World Music Festival.

– Faktisk må ein seie at fengselssystemet vårt ikkje er skapt for å forbetre folk, seier ho.

(Saka held fram)

Pussy Riot Lindmo

«Yozh» frå Pussy Riot med programleiar Anne Lindmo og tolk.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Anonym

Ho kallar seg «Yozh», som tyder piggsvin, og er ein av fjorten medlemmer i Pussy Riot. Ho har på seg ei rosa finlandshette og vil vere heilt anonym av frykt for forfølging dersom det blir kjent kven ho er.

– Det er flott å vere i eit land som har eit tilnærma ideelt styresett, seier «Yozh» då ho blir ynskt velkommen til Lindmo.

«Yozh» fortel at biblioteket i fangeleiren inneheld berre overflatisk skjønnlitteratur, og at det er få moglegheiter for fangane til å utdanne seg. For dei to jentene, som har studert filosofi og litteratur, er dette naturlegvis ei ekstra påkjenning.

– Å ha moglegheit til å lese er den «friske lufta» dei hadde trengt for å klare seg i fangeleiren, seier ho.

– Putin står bak

Gruppa, som fyrst og fremt kjemper for feminisme og rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, trur det er Vladimir Putin som personleg står bak arrestasjonane i kyrkja, men på grunn av noko dei gjorde ein månad tidlegare.

I januar protesterte dei mot politikken til presidenten på Den raude plass i Moskva.

– Me hadde ikkje venta å få fengselsstraff for det me gjorde i kyrkja, seier «Yozh».

Ho fortel at alle som er ueinige med Putin har blitt utpeikt til fiendar. Folk flest er redde og vil ikkje støtte gruppa heime i Russland.

– Men det er andre som har det verre. Det er til dømes folk som lir fordi sosialsystema våre ikkje fungerer, seier ho.

(Saka held fram)

punk

Frå Pussy Riot sin protest på Den raude plass i Moskva i januar.

Foto: AP

Skal halde fram

Mellom dei som har uttrykt støtte til gruppa er Aung San Suu Kyi og Madonna. «Yozh» seier gruppa vil halde fram med å kjempe for det dei står for.

– Me vil kjempe for at det skal vere OK for ei kvinne å forlate kjøkenbenken, ta på ei balaklava og kjempe for rettane sine på ein meir radikal måte, seier Yozh.

LES OGSÅ: Pussy Riot-medlem tar sak til Europa-domstolen

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters