Hopp til innhold

Full pakke i Drøbak

Gåtefulle dødsfall, gjengangarar, dunkle familiehistorier, unge menn med skjulte sider, kjærleik på tvers av klassegrenser, brev som dett ut av gamle skåp, vondskapsfulle kvinner som vil auke rikdommen sin og som opplever det som rein bonus når dei ser at eiga strebing skaper vanskar for andre.

Jeanette Semb

Forfatter Jeanette Semb er aktuell med første bok i serien Skjærgårdsliv.

Foto: Cappelen Damm

Bokomslag Skjærgårdsliv
Foto: Cappelen Damm

Jeanette Semb: Skjærgårdsliv. Bok 1

Første boka av Skjærgårdsliv er spekka med gåter og konfliktstoff. Slik må det vere i første bok av ein serie; forfattaren må arrangere ei rekkje konfliktliner som kan vare ei stund, og leggje ut hint om løyndommar som skal kome opp i dagen etterkvart som konfliktane spissar seg til i komande bøker.

Mykje på ein gong

I tilfellet Skjærgårdsliv er det grunn til å vente seg mykje av byggjesaka til den vonde Ada som driv Drøbak Strandhotell.

I tillegg til dette må lesaren få eit overblikk over miljøet, og over dei sentrale personane. Det er mykje på ein gong, så også her. Ideelt sett bør ein nok lese fire bøker i ein serie før ein kan uttale seg med tyngd om kvaliteten på ein serie, men la gå, starten må uansett sitje som han skal om serien skal vere liv laga.

Svært mange gifteferdige unge kvinner

Vi er i Drøbak, året er 1909 og dei to foreldrelause jentene Josefine og Martine trillar inn i Drøbak der dei skal bu hjå Tulla, ei morsøster av den ukonvensjonelle sorten. Mor døydde på gåtefullt vis då dei var små, og denne gåta har sider ved seg som knyter familien til Adas hotell.

Det er snakk om fortid her, og det er snakk om Drøbaks unge kvinner og menn som skal finne kvarandre. Eitt problem her at det er svært mange gifteferdige unge kvinner og menn i Drøbak. Så mange at ein nesten kan kjenne ei viss likesæle for korleis det går med parmakinga til dei alle.

Jeanette Semb har vore ivrig etter å stable store deler av persongalleriet og konfliktlinene på plass allereie i første bok, deler kunne like gjerne ha venta til seinare. Det er nok i massevis likevel: eg har enno ikkje nemnt den alkoholiserte naboen eller den merkelege guten som bur hjå tanta til våre foreldrelause heltinner.

Plettfri heltinne

Den sentrale personen her er den eldste av dei to jentene, Josefine. Josefine er vakker og klok og arbeidsvillig, ho har empati og ho er nysgjerrig så vel på kjærleiken som på familiehistoria. Problemet med så plettfrie heltinner er at dei vert kjedelige. Josefine treng ein karakterbrist eller eit fall frå ein viss høgde før ho blir interessant.

Det same gjeld antagonisten, Adas dotter Victoria. Ho er så gjennomført vond at ho blir latterleg der ho burde vore skremmande. Vi forstår godt kvar vi skal leggje sympatien vår, og ein skal ikkje kreve all verda av personteikning i slike seriar. Ein liten nyanse av grått i Josefines reine sjel hadde likevel piffa opp.

Kjenner byen godt

Eit pluss ved boka er at forfattaren tydeleg kjenner byen og landskapet ho har lagt handlinga til, og ho bruker det. Ho bruker byen, hamna, ulike yrkesgrupper, ho skildrar reglar som gjeld for kjønn og klasse.

Dersom serien roar seg eit par hakk og dersom forfattaren let nokon av alle dei mange konfliktane få dominere i dei komande bøkene, bør det vere håp for Skjærgårdsliv. Om det i tillegg blir rista litt meir liv i eit par av dei mest sentrale personane, er det rein bonus.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.