Hopp til innhold

Sjå Bieber-dramaet fra innsida

Justin Bieber sin konsert ved operataket i Oslo i slutten av mai var nær ved å bli avlyst. No får me sjå kva som skjedde bak scena.

Så nær var Justin Bieber-konserten å bli avlyst.

Dramaet bak Justin Bieber sin konsert i Oslo.

Onsdag 20. juni får me eit innblikk i kva som skjedde bak scena då Justin Bieber skulle halde konsert i Oslo den 30. mai i programmet «Justin Bieber live i Oslo».

Programmet blir fyrst vist her på NRK.no onsdag kl 12. Vanleg TV-visning blir onsdag kveld kl 21:30.

Politiet trua lenge med å avlyse heile konserten på grunn av tryggleiken. Men til slutt fekk tusenar av fans sjå idolet sitt på scena.

Endringar

Justin Bieber, Operataket

Justin Bieber fekk til slutt opptre ved operataket i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB Scanpix

I programmet får me sjå korleis arrangørane måtte gå vekk frå at Bieber skulle komme på scena som låg på vatnet frå ein båt.

– Eg synest ikkje me skal ha med at Justin kjem med båt som ein del av showet, seier Tom E. Marzullo, turnéleiaren til Justin Bieber, og får til svar at det er blitt kutta ut.

Mange fans tok vassvegen for å kome nær idolet sitt, nokre av dei i små og enkle gummibåtar.

Avlyse eller ikkje?

Det var også ein del fram og tilbake hos politiet denne dagen.

– Me sit her og lurar på om me skal avlyse eller om me skal la ballen gå vidare, seier Magnus Strande, innsatsleiar i politiet i ein telefon.

– Kor mange politieiningar har du tilgjengeleg i Oslo no? Du klarer å halde byen, for å seie det slik? spør han.

– Kva skjer når han kjem på?

Bieber

Elleville fans på Bieber-konserten i Oslo.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Me er veldig bekymra over lokaliteten og at det er ein så stor artist om kjem. Det har vore mykje klemskader allereie. No er det roleg, men når han kjem på scena, kva skjer då? spør innsatsleiar i politiet, Arve Røtterud.

– Bekymringa har vore stor hos politiet, seier han.

Minst 20.000 ihuga Bieber-fans møtte opp, men berre 5.000 fekk plass på operataket. Noko som førte til lettare kaotiske tilstandar i Oslo sentrum.

49 jenter fekk småskadar og 14 vart køyrde til legevakt, men ingen av dei fekk alvorlege skader.

Syng a capella

I programmet får du også, i tillegg til sjølve konserten og kaoset rundt, sjå Bieber bli intervjua av Fredrik Skavlan.

Skavlan får blant anna ut av superstjerna kva slags kjæraste han er. Og Skvavlan utfordrar han også til å synge a capella.

Programmet «Justin Bieber live i Oslo» kan du sjå på NRK.no onsdag kl. 12, og på NRK1 21.30.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.