Hopp til innhold

No kan du syngje for pingvinane

Jørgen Amundsen feirar sin legendariske slektning Roald Amundsen si polferd med ein konsert for pingvinar i Antarktis. No kan du gi di stemme til konserten.

Pingviner i Antarktis

Tusenvis av pingvinar i Antarktis vil få seg ei overrasking i desember, når ekspedisjonen «The Spirit of Amundsen» held pingvinkonsert.

Foto: Creative Commons - Martha de Jong-Lantink, Flickr

Ekspedisjonen «The Spirit of Amundsen» reiser frå Argentina i november med retning Antarktishalvøya, der dei etter planen skal halde konsert for tusenvis av pingvinar 16. desember, i det området i Antarktis med den største pingvinbestanden.

Hensikta med ekspedisjonen er å setje fokus på dei enorme endringane som skjer i Antarktis, og dei dramatiske følgjene dette får for mellom andre pingvinar. Ein av artane i området er til dømes redusert med 85% sidan 1970-talet. Naturvernforbundet og Røde Kors er mellom ekspedisjonen sine støttespelarar.

Mista interessa for Sydpolen

Jørgen Amundsen

Jørgen Amundsen under ein ekspedisjon til Nordpolen i 2004.

I bresjen for ekspedisjonen står 34-åringen Jørgen Amundsen, grunnleggjar av klesfirmaet Amundsen Sports og tippoldebarnet til Roald Amundsen sin fetter. Amundsen har allereie vore på Nordpolen to gonger, men dette vert den første turen hans til Antarktis.

– Å reise til Antarktis har vore ein draum for meg heilt sidan gutedagane, seier Jørgen Amundsen til NRK.no.

– Lenge såg eg for meg at eg skulle dra til Sydpolen i Roald Amundsen sine fotspor i høve 100-årsjubileet for ekspedisjonen hans. Då vi kom i gang med planleggjinga, fann vi ut at 160 var meldt til Sydpolpunktet til jubileet, og då mista eg interessa. Draumen min forsvann, og vi tok til å sjå etter alternativ, noko vi kunne gjere «i Amundsen si ånd», i staden for å gå i fotspora hans.

Les: Markus (96) var blant de siste som så Roald Amundsen i live

Jørgen Amundsen

Jørgen Amundsen.

Foto: Privat

Slik kan du vere med og syngje til pingvinane

Inger Lise Rypdal

Inger Lise Rypdal står for det første vokalsporet på «Return to the Penguin Kingdom».

Foto: Berit Roald / Scanpix

Marius Rypdal har laga musikken som ekspedisjonen tek med seg, og mora Inger Lise Rypdal syng.

I tillegg inviterer dei alle som vil til å syngje inn sitt bidrag og bli med i den endelege versjonen, som Marius Rypdal miksar innan avreise.

Du kan bli med på pingvinkonserten ved å gå inn på «The Spirit of Amundsen» si nettside.

Les også: Sjå verdas største Youtube-kor

Her kan du høyre Marius Rypdal sin musikk til pingvinkonserten, slik den høyrest ut før stemmene er lagt på:

Mannskapet dansa med pingvinane

Det er eit kjent fenomen at pingvinar vert tiltrekt av musikk. Det merka allereie dei som var med på ekspedisjonen til Roald Amundsen. I videoen som ligg midt på ekspedisjonen si nettside kan du sjå klipp frå 1911-ekspedisjonen der maskinisten Knut Sundbeck dansar med ein pingvin.

– Vi har søkt råd frå mange hald, og mellom anna vore hos Akvariet i Bergen for å hauste erfaringar, seier Ane Beate Fredriksen, som er initiativtakar til og talsmann for ekspedisjonen saman med Jørgen Amundsen, og brand manager i forsikringsselskapet Water Circles.

Les: – De blir mer spennende jo mer vi vet om dem

– Skal samle så mange pingvinar som mogleg

Ane Beate Fredriksen

Ane Beate Fredriksen.

Foto: Presse

– I Bergen speler dei musikk for pingvinane sine kvar dag. Dei som bur i Antarktis er nok ikkje like van med musikk, men forskingsstasjonen vi skal vitje der nede, seier at pingvinane i området vert nysgjerrige når dei speler musikk, seier Fredriksen.

Akkurat korleis konserten skal gå føre seg, er ikkje avklart:

– Vi kjem til å føle oss litt fram i forkant av sjølve konserten, som vert overført direkte på nettet. Vi skal prøve å samle så mange pingvinar som mogleg, men har ikkje tenkt å presse dei på nokon måte. Pingvinane vert gjerne tiltrekt av rytmen, som dei kjenner i bakken, så vi trur dette skal gå bra.

Sjå «Ut i naturen» om pingvinar: Blant konger og keisere

– Trur Roald Amundsen ville vore veldig positiv

Jørgen Amundsen sjølv har så langt avgrensa kjennskap til pingvinar:

– Eg har aldri møtt ein pingvin, men er veldig fascinert av dei, mellom anna etter å ha sett filmar som «Pingvinenes marsj».

Jørgen Amundsen trur siglasen frå Argentina til Antarktis vert den tøffaste delen av ekspedisjonen, sidan mannskapet har mindre erfaring til sjøs enn på land.

– Å stige opp på fjellet blir nok også tøft, men vi har meir erfaring når det gjeld klatring og lange skiturar, seier Amundsen, som vitja Nordpolen både i 2004 og 2007. Han trur den berømte slektningen ville sett pris på tiltaket:

– Om Roald Amundsen hadde sett for seg kor enorme endringar som har skjedd i Antarktis på berre hundre år, ville han nok ha vore til dei grader bekymra. Eg kan ikkje forstå anna enn at han ville ha vore veldig postitiv til ekspedisjonen vår.

Vil bli først på og namngi fjelltopp

I tråd med Roald Amundsen si pionerånd tek ekspedisjonen også sikte på å erobre ein fjelltopp på Antarktishalvøya:

– Vi vil gjerne nå eit punkt som ingen har nådd før, så to dagar før konserten har vi tenkt oss til topps på ein fjelltopp der ingen har vore. Det er ein av dei høgste toppane i området, på mellom 2100 og 2200 meter.

Fjelltoppen har enno ikkje noko namn, og det har ekspedisjonen tenkt å gjere noko med. Men Jørgen Amundsen vil ikkje gå ut med namnet:

– Det må avklarast med ulike organisasjonar. Og så er det vel best at vi kjem oss til toppen først!

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.