Hopp til innhold

Kan bli TV-streik for «Skal vi danse»

TV-programma «Idol», «Skal vi danse», «Fristet» og «Robinsonekspedisjonen» kan bli tatt ut i streik frå og med onsdag morgon.

Skal vi danse

'Skal vi danse' er eit av programma som kan bli ramma av TV-streik innan onsdag. Her er vinnarar og deltakarar frå 2010.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Søndag møter Norsk Filmforbund og Produsentforeningen til mekling hjå Riksmeklaren.

Dersom dei ikkje blir einige kan det bli TV-streik innan onsdag morgon. «Ein historisk første streik i vårt område», skriv Filmforbundet i ei pressemelding.

Filmforbundet og Produsentforeningen er mellom anna ueinige om minstelønsatsane for filmarbeidarar, som klipparar, fotografar, lyd- og lysarbeidarar.

TV2- og TV3-program kan bli ramma

Dei første produksjonane som kan bli ramma er «Skal vi danse» (TV2), «Idol» (TV2), «Robinsonekspedisjonen» (TV3) og «Fristet» (TV3).

Av desse er det« Idol» som har snarast premiere, nemleg 30. august. Dei andre programma skal etter planen kome på skjermen i september, men fleire er delvis ferdigprodusert.

Dette er produksjonar av Monster Entertainment, Strix Televisjon og Nordisk film. Andre selskap kan også bli ramma dersom streiken blir opptrappa.

Ikkje einige om minsteløn

– Vi fekk etablert ein ny avtale mellom Produsentforeningen og Filmforbundet i fjor, som vi var einige om. Men vi vart ikkje einige om minstelønn. Vi skal møtast til mekling på søndag og måndag, seier Leif Holst Jensen i Produsentforeningen til NRK.

I 2010 vart Produsentforeningen og Filmforbundet einige under mekling og streiken vart avblåst.

Filmforbundet er einige med Produsentforeningen om at det generelle lønsnivået er ok, og at det skal forholde seg til lønsnivået i NRK og TV2.

– Men vi er ueinige om korleis det skal fastsettast og korleis vi skal regulere lønsnivået. Vi må få eit lønsystem som er tilpassa vår arbeidssituasjon, med mange kontrakter av svært varierande lengde, seier Sverre Pedersen i Norsk Filmforbund i pressemeldinga.

260 arbeidarar kan bli tatt ut

Begge partar håpar at dei kan løyse problemet før ein eventuell streik.

– Vi opplever at vi står ganske langt frå kvarandre, men vi får sjå om vi kan bli einige om vilkåra for minsteløn og eit par av dei andre spørsmåla som vi er ueinige om, seier Holst Jensen.

– Kva andre spørsmål er de ueinige om?

– Det har dreid seg om vi skal utvide avtalen til også å gjelde andre faggrupper og om vi skal etablere ein såkalla eigen «location»-avtale. Det vil seie ein særavtale for opptak på stadar der folk er langvarig bortreist, forklarar han.

Frist for meklinga er sett til måndag 22. august ved midnatt. Til saman kan 260 TV-arbeidarar bli tatt ut i streiken.

IDOL GIR TILBAKE

Marion Ravn og Aleksander Denstad With har begge lange Idol-karrierer bak seg: Ho som dommar, han som deltakar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift