Hopp til innhold

BBC satsar på Ihle Hadland

BBC har valt ut den norske pianisten Christian Ihle Hadland til si prestisjefylte ordning for unge musikarar, New Generation Artists. Ordninga sikrar 28-åringen brei internasjonal merksemd dei komande to åra.

Pianisten Christian Ihle Hadland er ny kunstnerisk leder i Stavanger

Christian Ihle Hadland er ein av musikarane BBC satsar særskilt på dei neste sesongane.

Foto: Anders Bergersen

BBC kunngjorde mandag at seks unge musikarar er plukka ut til å få status som New Generation Artists dei to komande konsertsesongane. Musikarane kjem frå Russland, Storbritannia, Tyskland, Spania og Noreg.

Christian Ihle Hadland frå Stavanger vert den første norske solisten som tek del i ordninga. Satsinga starta opp i 1999, og fiolinisten Marianne Thorsen tok del dei to første åra, som leiar av Leopold String Trio.

Les også: KORK-dirigent til BBC-orkester

Overtydde BBC i Bergen

Christian Ihle Hadland øver i Troldsalen.

Ihle Hadland ved flygelet.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Christian Ihle Hadland var ikkje tilgjengeleg for kommentar tirsdag, men manageren hans, Kathryn Naish Hjelsvold i Nordic Artists Management, kunne melde om ein svært fornøgd pianist:

– Christian er veldig glad for å kunne ta del i ordninga, dette passar perfekt inn i karriereplanane hans og er eit viktig springbrett vidare, seier Hjelsvold.

Leiarane for BBC-ordninga vart overtydde om å satse på Ihle Hadland under Festspillene i Bergen tidlegare i sommar:

– Eg har i to år jobba for å overtyde BBC om at Christian passar svært godt inn i opplegget deira. I tillegg til å vere ein glimrande pianist, er han allsidig og har eit repertoar dei kan bruke i mange samanhengar. I Bergen fekk dei oppleve han åleine, då han spelte Bach-musikk i Johanneskirken, og som kammermusikar. Dei var svært imponert over det dei fekk høyre.

Sjå Ihle Hadland spele med KORK: Sjå stjernepianistane briljere

Mange konsertar dei to neste åra

Christian Ihle Hadland har allereie mange oppdrag både i inn- og utland, og er kunstnerisk leiar for Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Kalenderen hans nok blir endå tettare no:

– Han får i utgangspunktet spele to til fire konsertar som solist med eit av BBC-orkestera kvar av dei to sesongane, og om lag like mange solokonsertar og kammermusikkonsertar. Viss han gjer det godt, kan det bli endå meir – kanskje til og med konsertar under The Proms.

Mellom dei mest kjende artistane som har vore med i New Generation Artist-ordninga, er den nederlandske fiolinisten Janine Jansen, den svenske klarinettisten Martin Fröst og den makedonske pianisten Simon Trpceski.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.