Hopp til innhold

KORK må finne ny sjefdirigent

KORKs sjefdirigent Thomas Søndergård tek over BBCs walisiske nasjonalorkester frå hausten 2012. Arbeidet med å finne etterfølgjaren hans er i full gang.

Thomas Søndergård

Thomas Søndergård i aksjon som sjefdirigent for Kringkastingsorkestret.

Foto: Ole Kaland / NRK

Danske Thomas Søndergård (41) tok over som sjefdirigent i Kringkastingsorkestret i 2009, og går til «BBC National Orchestra of Wales», oftast omtalt som BBC NOW, etter at kontraktsperioden hans går ut våren 2012.

– Den første konserten min med BBC NOW i desember 2009 var ein fantastisk augneblink for meg, og eg kan tydeleg hugse engasjementet og entusiasmen musikarane viste frå første note, seier Søndergård til BBC.

– Har vunne orkesterets hjarte

BBC NOW, eit av i alt fem BBC-orkester, presenterer i dag Søndergård som ein av dei dyktigaste dirigentane som har kome frå Skandinavia dei siste åra, og både leiinga og musikarane er entusiastiske:

– Han har vunne orkesterets hjarte med naturleg musikalitet, dynamisk energi og djupt engasjement, seier BBC NOWs orkestersjef David Murray.

– Den behagelege framferda, den effektive, men grundige prøvemetoden og ein tydeleg glød for musikken gjorde eit umiddelbart og varig inntrykk på oss, skriv bratsjisten Laura Sinnerton på bloggen til orkesteret.

– Ein demokratisk og seriøs dirigent

Kringkastingsorkestrets sjef Rolf Lennart Stensø er full av lovord om den danske dirigenten:

– Han arbeider enormt seriøst og fokusert, og kan på sikt nå veldig langt som dirigent – kanskje til eit av verdas beste orkester, seier han.

– Samstundes har han ein veldig demokratisk stil, som passar orkesteret vårt godt. Han er lyttande, open og mottakeleg for synspunkt frå orkesteret. Ein diktatorisk type hadde nok ikkje fungert så godt hos oss.

KORK-sjefen har full forståing for at den tidlegare paukisten Søndergård no søkjer seg til nye utfordringar:

– Søndergård byrja å dirigere relativt seint, og har si første sjefdirigentstilling hos oss. Det betyr at han har hastverk med tanke på å utvide repertoaret sitt til å omfatte dei store symfoniane, som vi ikkje har kapasitet til å setje opp. BBCs orkester er ein del større, og han vil få høve til å vekse til endå større oppgåver i framtida.

Sjå i Nett-tv: Thomas Søndergård dirigerer Kringkastingsorkestret

– Klassisk forankring eit krav til etterfølgjaren

Sjølv om det først er hausten 2012 Søndergård tek over som sjefdirigent i Wales, hastar det for KORK å finne ein erstattar, sidan attraktive dirigentar gjerne planlegg engasjementa sine langt fram i tid.

– Vi er i godt i gang med å finne ny dirigent, og jobbar med spennande namn, seier Rolf Lennart Stensø. Han har klare prioriteringar når den neste sjefdirigenten skal utpeikast:

– Orkesteret speler både jazz, pop og rock, så dirigenten må vere allsidig, men det er viktig at vedkomande har ei tydeleg forankring i den klassiske tradisjonen og har styrken sin der, seier han.

– Kringkastingsorkestret har og skal framleis ha kjernekompetansen sin i den klassiske musikken. Det er difor vi er så spennande å jobbe med for artistar som Dimmu Borgir og Bjørn Eidsvåg. Vert vi eit reint poporkester, kjem vi ikkje til å vere like attraktive.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.