Den prislønte forfattaren starta altså litteraturåret 2010 med å stemple norske litteraturkritikarar som ein saueflokk i ein
.Jan Kjærstad meinte bokmeldarane låg rett ut i nasegrus beundring for Min Kamp-bøkene til Karl Ove Knausgård.
Avslutninga på året vert meir sympatisk, med ei støtteerklæring til sokneprest Einar Gelius.
- LES ÒG:
HØYR DIREKTE I KULTURNYTT PÅ P2 KL 16.03:
Debatt om kritikken
Bokmeldingane av Min Kamp var ein eindimensjonal kritikk, syntest Kjærstad. Han etterlyste også at Knausgård vart plassert inn i den svenske sjølvutleverande retning.
Men etter uspelet var Kjærstad sjølv slett ikkje så lysten på å stille til debatt om saka.
Andre som tok del i debatten Kjærstad hadde starta, skulda han for å vere misunneleg på suksessen til Knausgård. Dette er sjølvsagt eit av tema for dagens oppsummering av litteraturåret 2010.
Gjev støtte til Einar Gelius
I november hamna Einar Gelius i
i på grunn av boka Sex i Bibelen. Det heile enda med at Gelius i Vålerenga. Boka har dessutan vorte ein salssuksess.- LES ÒG:
- LES ÒG:
Jan Kjærstad er sjølv utdanna ved Det teologiske Menighetsfakultet, og har til og med opplevd å verte kalla inn på teppet til Oslo-biskop Andreas Aarflot - meir om dette får du på radio i Kulturnytt.
No gjev Kjærstad si støtte til Einar Gelius sitt prosjekt for ei opnare kyrkje.
- LES ÒG:
Andre tema du får høyre meir om i Kjærstad si oppsummering av litteraturåret er Bjørnson-året, om det å vere debutant og forfattar, og så får du vite meir om den nye romanen han nettopp har skrive ferdig.