Hopp til innhold

Spenstige kast og vare tonar

Døgnet rundt fram til sundag, er heile folkemusikkeliten samla på Geilo for å tevle i spel, kveding og dans.

Landskappleik 2007 ungdom lysregulert

LEIK PÅ KAPPLEIK: Hallingjenter og gutar yrer av liv og ynskjer velkomen til Geilo, Landskappleik 2007.

Foto: Tone Jorunn Tveito / NRK

Åsmund Nordstoga

HUMORSNERT: Aasmund Nordstoga frå Vinje toppa vokal klasse B og har faktisk klart å bli A-klassing, sjølv om han bare har deltatt på landskappleik to gonger.

Foto: Tone Jorunn Tveito / NRK

Over 1200 deltakarar er påmeldte og i Hallingdal yrer det av folketonar.

- Velkomen til Geilo, Landskappleiken 2007!

Brølet kjem frå gutane i hallingdrakter på hjørnet av Geilohallen. Dei har akkurat vore med på opninga av Landskappleiken og adrenalinet brusar framleis.

Ikkje dårlegare blir det når dei har fått svive med alle dei finaste hallingjentene i stakkar.

 

Leik sidan 1923

Landslaget for Spelemenn har arrangert landskappleik sidan 1923, bortsett frå dei fem krigsåra. År etter år kjem dei same folka att, men likevel er det alltid nye fjes å møte.

Fornøgd var den gamle kappleiksveteranen Arne Fjeldstad for at han fekk kome her.

- Hjertespesialisten skreiv meg ut frå sjukehuset for at eg kunne kome på Landskappleiken, smiler han og gler seg til å spele i lagspel fredag.

Ellen Marie Selland Geithung

STILLFERDIG: Ellen Marien Selland Geithung frå Voss hadde ei var, mjuk og stemningsfull formidling i vokal klasse B.

Foto: Tone Jorunn Tveito / NRK

Får håpe at slåtten ikkje er hjerteskjærande!

 

Telemark toppar

Vokal klasse C, B og D vart unnagjort på onsdag og telemarkingar toppa alle tre klassene.

- Eg har heltar; A.O. Vinje og Talleiv Røysland er to av dei. Eg har pugga og pugga tralling i fjoset, så kyrne slutta nesten å mjølke, ler Aasmund Nordstoga idet han går ut bak scena for vokal B.

Ikkje overraskande stakk han av med seieren. Men overraskande var det heller ikkje at Ellen Marie Selland Geithug frå Voss kom høgt opp. 28 år gamal, men fyrste gong på Landskappleik. Var, mjuk og stemningsfull formidling.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters