Hopp til innhold

Når naturen må kappspringe med klimaet

Kanadisk biolog vil gå meir drastisk til verks for å redde trua artar frå klimaendringane. Han vil hjelpe dei til å flytte. – Vi kan ikkje sette oss utanfor naturen, seier norsk forskar.

Fjellrev på Finnmarksvidda.

Biologar har hjelpt fjellreven tilbake til sitt naturlege område. Burde vi også flytte artar til nye område når dei er trua av klimaendringar?

Foto: Henrik Eira

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Klimaendringane går i dag så raskt at mange artar kanskje ikkje rekk å tilpasse seg eller flytte før det er for seint, og slik kan dei bli borte for alltid.

Fjellrev, lemen og humler er berre nokre døme på artar som er sårbare for klimaendringar.

Men enkelte plante- og dyreartar kunne kanskje ha klart seg, om dei berre hadde fått hjelp til å flytte på seg i takt med endringane som skjer.

Vi burde begynne å tenke på å flytte skogtypar, saman med deira viktigaste artar, seier Donald Reid til NRK. Reid er bevaringsbiolog og arbeider i Wildlife Conservation Society Canada.

I nordlege skogområde meiner Reid vi først og fremst må tenke på å flytte plantar, fordi dei er dei som er minst i stand til å halde tritt med dei raske endringane i vekstforhold som kjem av det endra klimaet.

– Viss menneske ikkje gjer noko for å hjelpe artar til å flytte seg i takt med endringar i klima så vil det føre til ei forenkling av næringskjeda, seier han.

Forenklinga vil skje når spesialiserte artar mister viktige forhold i i sitt naturlege miljø, og dermed dør ut og forsvinn frå næringskjeda. Det er derfor også spesialist-artane som vil ha mest behov for hjelp.

– Klimaendringar er menneskeskapte, og kan potensielt føre til tap av artar. Viss vi legg til grunn at vi bør ta ansvar for våre handlingar, så er den logiske følgjen av det at vi bør involvere oss.

Bevaringsbiolog Donald Reid, Wildlife Conservation Society Canada.

Likevel vil ikkje Reid flytte artar før det er heilt nødvendig. Ein bør til dømes ikkje flytte artar over store naturlege hindringar, som f.eks. hav. Dette kan nemleg true andre artar som har evolvert til å opp omtrent den same nijsja der.

– Vi burde berre flytte ein art når den er sterkt trua i sitt miljø, og ikkje klarar å flytte raskt nok sjølv, seier han.

Donald Reid

Bevaringsbiolog Donald Reid med lemen.

Foto: Fritz Mueller

– Kan ikkje sette oss utanfor naturen

Nina Eide

Nina Eide er seniorforskar i NINA og prosjektleiar for overvakingsprogrammet for fjellrev.

Høgfjellsbiologen Nina Elisabeth Eide i Norsk institutt for naturforsking, NINA, hoppa nærast på stolen då ho første gong høyrde forslaget frå Reid om å flytte artar. Dette var på ein årleg konferanse for bevaring av arktisk flora og fauna, CAFF.

– Dette går utover kva bevaringsbiologar bør gjere. Bevaringsbiologar har som oppgåve å bevare, restaurere og gi livreddande hjelp til artar som er trua på grunn av menneskeleg aktivitet, seier Eide.

Nina E. Eide har vore med på å redde den norske fjellrevbestanden, men ho vil ikkje redde artar for ei kvar pris.

Fjellreven vart freda i 1930 etter å ha vore nær ved å bli utrydda av jakt. Men bestanden tok seg aldri opp igjen. På Dovrefjell var til dømes fjellreven utrydda. Forskarane trur ein kombinasjon av at bestanden var liten, konkurranse med raudrev samt oppsplitta leveområde kan ha vore blant årsakene.

I 2006 var starta derfor NINA med fleire tiltak, blant anna å sette ut fjellrev. Sidan den gongen har det blitt tre gongar så mange fjellrev i Noreg, og bestanden på Dovrefjell er den største i landet. Restaureringa av fjellrev-bestanden har så langt vore ein suksess.

Nina E. Eide synest likevel det går eit viktig skilje på der menneske har overutnytta ein art, og det er vår skuld at den får problem, enn når den dør ut av årsaker som vi ikkje rår over.

– Når det er vår skuld er det vår plikt å rette opp, seier Eide.

– Vi må ikkje gløyme at vi lever i ei verd i rørsle, vi lever i ei uføreseieleg verd. Artar har komme og gått gjennom jordas historie, vi kan ikkje sette oss utanfor naturen.

Bevaringsbiolog Nina Eide i Norsk institutt for naturforskning

Men er ikkje klimaendringar også vår skuld?

– Jo, og vi må få folk til å vakne opp. Problemet er at vi menneske lever i så kort tid at vi ikkje klarar å kjenne det ansvaret. Samtidig går klimaendringane no så raskt at vi kan sjå endringane berre i vår tid.

– Mitt håp er at vi klarar å bremse klimaendringane, heller enn at vi må rette opp skadane, seier Nina E. Eide.

NINA har nyleg fått støtte til eit stort forskingsprosjekt, ECOFUNC, der forskarane skal kartlegge korleis klimaendringar og andre miljøfaktorar påverkar det biologiske mangfaldet i høgfjellet.

Lemen

Svært mange artar i høgfjellet er avhengige av lemenet, ikkje minst som matkjelde. Lemen er samtidig sårbar for klimaendringar, og har gått tilbake mange stader i landet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Lurt å vere føre var

– Det er heilt klart at det hadde vore lurt å vere føre var, seier skogbiolog Trude Myhre i WWF Norge.

Ho trur likevel at det ligg ein del fram i tid at biologar er villig til å flytte artar.

Ein av grunnane til det, er at biologar veit alt for lite om kva for artar som flest andre artar er avhengige av. Raskare enn biologane klarer å kartlegge, forsvinn den delen av naturen som vi ikkje kan nok om.

– Det å leike Gud i denne samanhengen, er veldig vanskeleg. Det kan gå skikkeleg gale viss ein er uheldig, seier Myhre.

– Det vil vere aller siste utveg. Dessutan vil det vere svært komplisert, og svært dyrt. Det vil vere mykje billigare å stoppe klimautslepp i forkant, heller enn å skulle rydde opp etterpå.

Men om vi ikkje gjer noko, så ender det vel opp med at vi må løyse problemet med slike metodar.

– Viktig å bevare naturleg skog

Trude Myhre

Trude Myhre er skogbiolog i WWF-Norge.

Foto: WWF-Norge

Heller enn å flytte artar, ønsker WWF å få bevart store nok område, slik at artar kan flytte seg naturleg.

Det meste av naturen blir no kutta opp i mindre og mindre bitar. Det utgjer ein trussel i seg sjølv, men gjer i tillegg naturen mindre robust med tanke på klimaendringar.

– Det er ikkje alle artar som har det så enkelt som trekkfuglar. Mange er avhengige av samanhengande natur, seier Myhre.

Med eit breitt spekter av gen innanfor ein art, vil det alltid vere nokon som klarar seg betre. Saman med å jobbe mot klimagassutslepp meiner derfor WWF at det er viktig å ta vare på så stort naturmangfald som mogleg.

Og akkurat det er vi i Noreg svært lite flinke til i dag, ifølgje WWF:

– Noreg er dårlegast i klassen når det gjeld naturvern. Dei fleste av dei utryddingstrua artane finn i vi i skogar. Og Noreg har berre verna 2,6 prosent av naturleg skog.

Skogbiolog Trude Myhre i WWF Norge.
Hakkespett

Hola som hakkespetten lagar er viktige for mange andre artar som tar dei i bruk etter at hakkespetten har flytta ut. Hakkespetten trivst dårleg i planta skog, der det er få gamle og morkne tre som han kan hakke hol i.

Foto: Charles Patey / NRK

Noko Noreg derimot har mykje av, er planta skog. Men slik skog er svært mykje meir sårbar for klimaendringar. Når alle trea er like gamle og har heilt lik genetikk gjer det skogen mykje meir sårbar for vind og vêr og angrep frå skadedyr.

– Det å behalde dei naturlege skogane våre, skogane som ikkje er flatehogd og planta på ny, er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på artar som kan tole klimaendringar, seier ho.

Og klarar vi ikkje å verne samanhengande område, er det viktig å sørge for at det er igjen små område med naturleg skog som artane kan bruke som vadesteinar for å komme seg frå ei øy av gammal skog til ei anna.

– Vi leiker alt Gud

Donald Reid er einig med Myhre i at det er stor risiko og usikkerheit knytt til å flytte artar, særleg gruppevis.

Derfor trur han vi må hauste erfaringar ved å teste det i liten skala først.

– Viss vi køyrer nokre eksperiment med til dømes tre artar, så vil det det kunne gi oss erfaringar som er gode å ha med seg når vi kjem til det tidspunktet då vi må bestemme oss for kva vi gjer, seier Reid.

– Vi menneske leiker alltid Gud så lenge vi er der ute i skogen og gjer ting for å bevare ein art.