Hopp til innhold

Strid om kraftskatt øydelegg for klimamål

Ein ny analyse frå Miljødirektoratet viser at det vil krevje 60 TWh å gjere transportsektoren grøn. Opposisjonen spør om skjerpa skattlegging rimar med målet om meir elektrifisering.

Kirsti Fagerslett.

MYKJE VIL HA MEIR: Ein ny rapport seier at Noreg må ha 75 TWh meir i årleg kraftproduksjon innan 2030. Det er 50 prosent meir enn dagens produksjon (150 TWh).

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

To nye rapportar seier at Noreg treng opp mot 50 prosent meir kraft til det grøne skiftet innan 2030.

Tilsvarande signal har i haust komme frå Statnett, som melder om kraftunderskot frå 2027.

I tillegg kjem dette:

  • Miljødirektoratet varsla denne veka at landet vil trenge 60 TWh meir kraft til å elektrifisere transportsektoren innan 2050. I dag kjem 33 prosent av innanlandsutsleppa i Noreg frå transportsektoren.
  • Miljødirektoratet har tidlegare meldt at den landbaserte industrien vil trenge ytterlegare 14 TWh ekstra kraft for å oppfylle utsleppskrava i Parisavtalen.
  • Det omstridde tiltaket med å elektrifisere sokkelen er berekna til å krevje om lag 15 TWh i året.

Vi må ha meir kraft, og det raskt, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han i førre veike opna Jølstra kraftverk, eit av dei største vasskraftverka som er bygd i nyare tid.

I ein kommentar i Europower gjer redaktør Haakon Barstad eit poeng av at regjeringa sitt mål om meir kraft ikkje rimar med den skjerpa skattlegginga som den same regjeringa legger opp til.

Ein skulle tru at auka skatt gir mindre utbygging, ikkje meir. Det er litt vanskeleg å skjønne dette, det hadde vore fint med ei forklaring, skriv Barstad.

Tilsvarande spørsmål kjem frå Stortinget, miljørørsla og Norsk industri (sjå under).

Råkjører

Miljødirektoratet varsla denne veka at landet vil trenge 32 TWh meir kraft til elektrifisering og ytterlegare 28 TWh til produksjon av alternative drivstoff i 2050. 

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

Særleg bekymra for høgprisbidraget

NRK-kommentator Lars Nehru Sand skriv at regjeringsforslaget om å hente meir pengar frå kraftbransjen har brei politisk støtte i dei alternative budsjetta (sjå under), og at kritikken mot regjeringa verkar hol når opposisjonen viser sine eigne kort.

Til det seier Venstre-leiar Guri Melby at grunnrenteskatt «er ei god skatteform prinsipielt sett», men at:

Vi er likevel bekymra for innretningane av forslaga, og særleg bekymra for høgprisbidraget.

Regjeringa har tidlegare signalisert at den nye toppskatten («høgprisbidraget») blir avvikla innan utgangen av 2024.

Viss regjeringa insisterer på å halde fram med den meiningslause elektrifiseringa av sokkelen og skal realisere ei rekkje andre prosjekt samtidig, får vi knappleik på energi, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Torsdag legg partiet fram ei pakke for Stortinget med 13 forslag til «nokså konfliktfrie tiltak som kan monne på kort sikt». Blant tiltaka er forslag for ENØK, bergvarme, solenergi og biogass.

Regjeringa skjerpa det offisielle målet

I eit skriftleg spørsmål til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) spør Terje Halleland (Frp) kor mykje ny kraftproduksjon regjeringa reknar med at Noreg treng for å innfri Noregs klimaforpliktingar.

Den norske regjeringa skjerpa det offisielle målet få dagar før klimatoppmøtet i Egypt.

Frp-representanten har så langt ikkje fått svar.

Kraftmangel har bekymra oss lenge, og fleire fagmiljø har stadfesta at fleire regionar kjem til å oppleve underskot på kraft, seier Halleland til NRK.

Han viser til at havvind «vil ha liten innverknad på kraftsituasjonen før 2030».

Då står vi att med å utnytte potensialet på vasskrafta, men det har vore vanskeleg å sjå at politikken til regjeringa ovanfor vasskraft vil gi så mykje meir.

Ikkje sant at vi treng meir kraft

I andre delar av det politiske landskapet vert «dogmet» om at Noreg treng meir kraft kontant avvist.

I ein mykje delt facebook-post om «miljøbløffen» skriv Motvind-leiar Eivind Salen at rapportane om kraftmangel ikkje må takast for pålydande, men er forureina av kommersielle interesser og «andre som ser moglegheit for å tene pengar».

Produksjonen har alltid lege litt over (forbruket, jou.anm.). I dei siste åra og tiåra har den flata litt ut. Det er sånn det skal vere, skriv han.

NTNU-professor Leif Lia har skrive ein mykje omtalt studie om at norske vassdrag kan produsere 15–20 fleire terawattimar berre ved hjelp av opprusting og utvidingar.

Det kjem stadige rapportar om at Noreg treng meir elektrisk kraft. Det er likevel uklart kva som er eit reelt «behov», kva som er berre er ønskeleg eller kva som går an å tene pengar på, seier han til NRK.

NVE publiserte tidlegare i år ein rapport som viser at Noreg innan kort tid vil få ein ubalanse mellom effekt [MW] og energi [TWh].

Kan hende er det denne rapporten som vere i sentrum av debatten, seier Lia.

Med 50 prosent av Europas magasinkapasitet og moglegheit for å kunne byggje ut meir effekt, bør politikarane bli samde om korleis den norske vasskrafta kan utnyttast best mogeleg for landet vårt og for jordkloden.