Hopp til innhold

Regjeringa med nye signal: Toppskatten blir ikkje langvarig

Det har vore full forvirring om varigheita til den nye toppskatten til kraftbransjen. No seier regjeringa at ordninga er forbigåande.

Vannkraft, Aursjødemningen, Aura elv

AURSJØDAMMEN: Ein oversikt NRK har laga viser at kraftbransjen har trua med å droppa investeringar til 35 milliardar som følge av høgare skattepress.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Då regjeringa i september la fram ein pakke for «betre fordeling av overskotet frå naturressursar», introduserte dei ei heilt ny innretning – det såkalla høgprisbidraget.

Den nye «høgprisskatten» sa at kraftbransjen skal betale 23 prosent skatt på toppen av andre skattar når kraft vert seld for over 70 øre/kWh.

I tillegg til å sikre større inntekter til staten er tanken at den nye ordninga vil stimulere kraftselskap til å inngå fastprisavtalar på 70 øre eller lågare.

Skatteskjerpinga kom i tospann med forslag om å auke grunnrenteskatten. Forslag statsminister Jonas Gahr Støre omtalte som «langsiktige grep for å sikre omfordeling».

Men kor «langsiktig» var det nye høgprisbidraget? Var det for permanent eller mellombels å rekne?

Om det ga regjeringa ingen svar.

Støre og Vedum

Regjeringa introduserte i september ei heilt ny skatteinnretning – det såkalla høgprisbidraget.

Foto: NTB scanpix

Forvirring heilt inn i Senterpartiet

Heller ikkje pressemeldinga sa noko om ein eventuell utløpsdato, berre at «nærare avgrensingar av avgifta vil fastsetjast i forskrift».

Nettstaden Europower har i tillegg gjort eit poeng av at forslaget til statsbudsjett ikkje inneheld teikn på om høgprisbidraget skal fasast ut. Det gjer heller ikkje proposisjonen frå Finansdepartementet.

I eit skriftleg spørsmål til finansministeren (og sin eigen partileiar) Trygve Slagsvold Vedum (Sp) spør Geir Pollestad (Sp) direkte om høgprisbidraget er «meint som ei situasjonsbestemd ordning eller som ei varig ordning?».

– Eg har sendt spørsmålet for å gi bransjen ei avklaring på at investeringar i fornybar kraft også vil lønne seg i tider med normale kraftprisar. I dagens situasjon er høgprisbidraget viktig for å styre marknaden til å tilby rimelege fastprisavtalar til næringslivet vårt, seier han til NRK.

Tysdag formiddag har finansministeren enno ikkje svart på spørsmålet.

Geir Pollestad (Sp)

I eit spørsmål til finansministeren spør Geir Pollestad (Sp) direkte om høgprisbidraget er «meint som ei situasjonsbestemd ordning eller som ei varig ordning?».

Foto: Odin Omland / NRK

Ikkje eit varig nytt element i skattesystemet

Ein melding på regjeringa sine eigne nettsider gir likevel ein peikepinn på kor landet ligg.

– Tiltaket (høgprisbidraget) er tilpassa den spesielle situasjonen vi er i, og er ikkje eit varig nytt element i skattesystemet, skriv regjeringa der.

Meldinga seier ikkje noko om kva slags kriterium som vil liggje til grunn for å avslutte ordninga.

Det var nettstaden Europower som fyrst melde om det vesle «røyksignalet» om at høgprisbidraget ikkje skal vere varig.

Dei hevdar vidare at ordninga må ha endra status frå fast til mellombels i løpet av dei siste to vekene – som følgje av stort press og kraftige protestar frå kraftbransjen.

Von der Leyen i EU-parlamentet

President i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, la i september fram forslag til sitt eige «høgprisbidrag» – ein europeisk «solidaritetsavgift» på olje, gass og kol.

Foto: Jean-Francois Badias / AP

Sende «bekymringsbrev» til Finanskomiteen

Ein oversikt NRK har laga viser at kraftbransjen har trua med å droppe investeringar til 35 milliardar.

I eit «bekymringsbrev» om høgprisbidraget til Finanskomiteen viser Energi Noreg til at Olje- og energidepartementet arbeider med ein ny styringsmekanisme for å sikre at produsentane held igjen nok vann fram mot vårflaumen.

Høgprisbidraget dreg i motsett retning av dette, heiter det i brevet.

Forklaringa er at den nye innretninga reduserer verdien av å flytte produksjonen til høgpristimar. Produsentane vil då i mindre grad flytte produksjonen til delar av døgnet der verdien av straum er høg, og i mindre grad spare vatn til framtidige høgprisperiodar.

I rapporten «Norsk og Nordisk effektbalanse mot 2030» viser NVE til at det vert strammare effektbalanse i tida framover, og at pumpekraft og effektutvidingar vil bli viktigare.