Hopp til innhold

Støtten til å elektrifisere sokkelen slår sprekker

Tidlegare støttespelarar snur i spørsmålet om å elektrifisere sokkelen. I mars skal Stortinget stemme over saka.

Trollutslepet i 1996

TROLLUTSLEPET I 1995: Troll-plattforma vert omtala som ein av dei største ingeniørbragdene i norsk historie.

Foto: Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Laurdag vedtok Vestland SV at det «er uaktuelt å elektrifisere sokkelen med kraft frå land».

Eit ekko av Trondheim Ap som same dag vedtok at straumkrisa krev eit nytt blikk på «den meiningslause» elektrifiseringa av sokkelen.

I førre veke sa eit breitt fleirtal i fylkesutvalet i Vestland nei til at oljefelta vest for Bømlo skal drivast med straum frå Samnanger.

Avgjerda kom dagen etter at Rogaland Høgre vedtok at dei «vil ha ny gjennomgang av elektrifiseringa av sokkelen».

Gode vedtak frå Rogaland smittar kanskje nordover, seier Sveinung Stensland, ein av eit knippe Høgre-representantar som ikkje lenger vil nytte straum frå land til plattformene.

Snuoperasjonen i Vestland, Trøndelag og Rogaland går inn i ei historie som strekker seg tilbake til 1995. Det var året då «Troll A»-plattforma vert slept ut i Nordsjøen.

Det var berre eitt problem. Med 369 meter «på sokkelesten» måtte vekta ned om beina ikkje skulle knele under for presset.

Løysinga var å skrote gasskraftverket om bord og i staden forsyne plattforma med kraft frå land. Vips så gjekk både vekta og utsleppa ned, og ein draum tok form: Draumen om landstraum.

Per i dag er det vedteke at 16 plattformer skal få kraft frå land, og i fleire tilfelle er skjøteleidningane alt operative:

  • Troll
  • Gjøa
  • Martin Linge
  • Ormen Lange
  • Valhall
  • Goliat
  • Johan Sverdrup

I tillegg får Vega kraft frå land via verten Gjøa, og Hod via Valhall.

Trollutslepet i 1996

LANGBEINT: Med 369 meter lange bein måtte vekta ned for at konstruksjonen ikkje skulle knele. Løysinga var å droppe gasskraftverket om bord på Troll A.

Foto: Equinor

Høge straumprisar og svekka entusiasme

Det siste året har likevel høge straumprisar og framskrivingar for kraftbalansen svekka entusiasmen for kraft frå land-prosjekta.

Før jul skreiv Stavanger Aftenblad at planen om å erstatte gasskraftverka på plattformene med elektrisk kraft frå land «må vere ein av dei dårlegaste ideane som er klekt ut i moderne tid».

NVE-direktør Kjetil Lund varsla samtidig at «vi er i ein situasjon der vi bør vurdere omfanget av elektrifiseringa».

Også i miljørørsla er det fleire som tenker nytt.

Eit vanvitig påfunn, seier stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson.

I 2014 var MDG med då ein samla opposisjon på Stortinget «pressa» Solberg-regjeringa til å elektrifisere Utsira-høgda.

Osebergfeltet

OSEBERGFELTET: I alt er det vedteke at 16 plattformer skal få kraft frå land, noko som vil redusere utsleppa med 3,2 millionar tonn CO₂. I dag kjem 28 prosent av dei nasjonale utsleppa frå sokkelen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Stortinget skal stemme i mars

Det var tidlegare ordførarkandidat i Stavanger, John Peter Hernes, som fremma forslaget om at Rogaland Høgre må vurdere elektrifiseringa på ny.

Eg trur folk har blitt meir obs på at vi har ei avgrensa mengde med straum, og at vi må vere meir kritiske til kva han vert nytta til, seier han til NRK.

Han legg til at han ikkje lenger er sikker på om tiltaket har «reell miljøeffekt, eller om det berre gir seg utslag i lokal norsk statistikk».

Uttalen står i relieff til tidlegare olje- og energiminister Tina Bru frå same parti som har sagt at kraft frå land vil sørgje for «betre liv» og «fantastiske moglegheiter for næringsutvikling».

Faktisk.no: «Elektrifiseringa kan kutte norske klimautslepp, men den globale effekten er meir omstridt.»

Framstegspartiet foreslo før jul å stanse elektrifiseringa av sokkelen. Stortinget skal stemme over saka 17. mars.

Partiet Raudt har alt varsla at dei støtter Frp-forslaget.

Vi vil ikkje vere med på å sløse bort rein vasskraft på å grønvaske oljenæringa, seier Sofie Marhaug, som er 2. nestleiar i partiet og medlem i olje- og energikomiteen.

Roy Steffensen i Frp omtaler elektrifiseringa som «rein symbolpolitikk» og gler seg over tendensen til at «stadig fleire tek til fornuft.»

Eg håper fleire tar til fornuft før behandlinga i Stortinget. Elektrifisering vil føre til auka etterspørsel etter vasskrafta vår, og høgare etterspørsel betyr høgare pris for kundane.

Nikolai Astrup

STOR FORSTÅING: – Eg har stor forståing for at det blir debatt om elektrifisering av sokkelen med dei straumprisane vi ser nå, seier Nikolai Astrup (H) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Trur dette er feil medisin

Gruppeleiar for Høgre i Vestland, Silja Ekeland Bjørkly, tilhøyrde mindretalet som stemde for landstraum til dei planlagde oljefelta vest for Bømlo.

Eg forstår at forslaget kjem, men eg trur det er feil medisin. Skal vi klare å nå måla i Paris-avtalen, må vi elektrifisere store deler av sokkelen, seier ho.

Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030.

Eg har stor forståing for at det blir debatt med dei straumprisane vi ser nå, og når føresetnadene endrar seg bør vi alltid vurdere om politikken står seg, seier Nikolai Astrup (H), som er fraksjonsleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Han legg til:

Eg meiner det openberre svaret er at vi må bygge ut meir kraft i Noreg, spesielt i Sør-Noreg, slik at vi ikkje hamner i ein posisjon der vi må velje mellom kraft til ulike gode formål.