Sidan 1917 har røyken stige frå metallverket i Høyanger.
Å produsere aluminium er ekstremt energikrevjande, og utsleppa har vore i same skala.
Hundre år etter begynninga er det teikn til aluminiumproduksjonen kan slå inn på ein grønare veg.
Fredag markerte Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) startskotet for ei ny pilotordning der fabrikken byter ut gass i oppvarminga, og erstattar henne med grønt hydrogen.
I kofferten hadde han med seg 83,3 millionar statlege kroner for å bidra til å realisere planane.
Pengane kjem på toppen av andre kompensasjonsordningar og 285 millionar kroner som Hydro sjølv investerer.
Piloten går over tre år og er den første i verda i sitt slag.
– Med denne piloten tar vi enda eit steg på vegen mot aluminium utan CO2-utslepp, seier Hanne Simensen, konserndirektør for Hydro Aluminium Metal.
Hydro testar hydrogen-prosjekt til 450 millionar i Høyanger. Om førsøket lykkast, har teknologien globalt potensial.
Foto: NRK– Dette er ein stor dag
På fabrikken i Høyanger viser Rune Vevle fram maskina som blir bygd om for å gå på den nye drivstofftypen.
– Dette er ein stor dag og vi skal lage den reinaste aluminiumen i verda, seier han.
NRK har tidlegare skrive om europeiske bilprodusentar som har fått auga opp for norsk, resirkulerte aluminium.
– Dette er ein stor dag, seier Rune Vevle i Høyanger.
Foto: Ole Kristian SvalheimKlimaminister Eriksen markerte dagen med kake og sette piloten inn ei større forteljing om nullutslepp og det grøne skiftet i aluminiumsindustrien.
Tidlegare i sommar åtvara regjeringa om at det offisielle målet om 34 TWh meir kraft innan 2030 ikkje var innan rekkevidd.
– Eg trur ikkje vi klarar å auke kraftproduksjonen så mykje. Vi må vere realitetsorienterte, sa energiminister Terje Aasland frå Stortingets talarstol.
Hydro og Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen feira piloten med kake fredag formiddag.
Foto: Kristian Skårdalsmo– Utan klimautfordringa, så trong vi ikkje hydrogen
Han stod likevel inne for energibruken som går med til å framstille grønt hydrogen.
Ei konvertering som ifølge den tidlegare regjeringskollegaen hans Ola Borten Moe er like fornuftig som å «kaste kraft rett i dass».
I ein kronikk i Trønderdebatt samanlikna han tenkemåten bak det grøne skiftet med «tiårsplanane til Moskva i tida etter den russiske revolusjonen».
– Han tar feil, kvitterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Han fortsette:
– Utan klimautfordringa, så trong vi kanskje ikkje å gå ned vegen med å utforske hydrogen. Det er mange spørsmål som står att, men vi har ei klimautfordring.
– Nær null utslepp av CO₂ vil vere ein milepæl for Hydro, og nær ein verdssensasjon i bransjen, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.
Foto: NRK– Dette er ein god dag for Høyanger – og for verda!
7. juni viste nye tal frå SSB at klimagassutsleppa totalt gjekk ned med 4,7 prosent i 2023.
Utsleppa frå metallurgisk industri blei reduserte med 10 prosent.
«Ikkje la deg lure», kvitterte Bellona, og meinte at tala laug sidan aktiviteten i industrien har vore på eit «kunstig» lågt nivå.
Dels på grunn av pandemien, og dels på grunn av høge straumprisar.
- Oddmund Reisæter Haugen
Arild Hermstad, MDG
- Dette er eit spennande og viktig prosjekt. Vi er nøydde til å fjerne fossil gass frå aluminiumproduksjonen, og dette må testast ut før det eventuelt kan skalerast opp. Sjølv om hydrogen ikkje er den mest effektive måten å utnytte energien frå rein energi frå vind, vatn og sol, så trengst teknologien sannsynlegvis for å få eit sprang over til ein ein industri basert på nullutslepp.
- Torstein Boe
Ola Elvestuen, Venstre
- Når Hydro tar i bruk grønt hydrogen for å produsere utsleppsfri aluminium er det eit stort steg framover i klimakampen. For å halde global oppvarming under 1.5-grader må all industri bli utsleppsfrie. Det er ein stor fordel for Hydro og Noreg denne teknologien blir tatt i bruk her. Dette har ei betydning langt utover Noregs grenser.
- Geir Anders Rørbakken Ørslien
Anne Marit Post-Melbye, fagsjef i ZERO
- Det er gledeleg at grønt hydrogen erstattar fossil gass, og eit viktig steg for å redusere store utslepp frå industrien. Det viser at kombinasjonen av støtte frå Enova og klimakrav i CO2-kompensasjonsordning kan utløyse viktige klimaløysingar, som både hydrogen og på sikt også karbonfangst og -lagring. Dette bør inspirere regjeringa til å styrke punktutsleppsprogrammet i Enova vidare.
- NHO Vestland / NRK
Helene Frihammer, regiondirektør | NHO Vestland
– Dette er ei svært viktig og banebrytande satsing som vi ønsker varmt velkomne. Hydro si satsing kan kutte store industriutslepp, sikre arbeidsplassar og ytterlegare posisjonar i sterk internasjonal konkurranse. Dersom ein lukkast med denne satsinga, skaper vi eit endå grønare produkt som verda treng mykje av i tida som kjem. Dette er ein viktig dag!
- Bård Siem
Ove Trellevik, Høgre
– Dette er spennande og i tråd med den utviklinga vi ser i EU. Slik kraftsituasjonen er i Europa så er blått hydrogen framstilt av naturgass vesentleg rimelegare enn grønt hydrogen. Det er også lettare tilgang på naturgass enn «fornybar overskotskraft», men dette kan endre seg i takt med kraftutbygginga. Uansett så bør Noreg sjå litt på vår hydrogenstrategi når vi nå styrer mot eit kraftunderskot.
- Knut Neerland / Magent AS
Bjørn K. Haugland, administrerande direktør i Skift – Klimaleiarane i næringslivet
– Noreg er Europas største produsent av primæraluminium og for aluminiumsindustrien vil det derfor vere nødvendig å redusere utsleppa frå produksjonen kraftig for å kunne produsere i framtida. Hydro tar nå eit nytt og viktig steg mot nullkarbonaluminium, dette vil styrke norsk næringslivs konkurransekraft og bygge opp under Noregs klimamål.
- NRK
Hanne Simensen, konserndirektør for Hydro Aluminium Metal
- Grønt hydrogen er potensielt eit spennande alternativ for å avkarbonisere ikkje berre aluminiumar, men også annan utsleppsintensiv industri.
Eit gammalt ordtak seier at «Når Hydro hostar, harkar Høyanger».
Som eit gammalt ektepar har dei to «smelta saman» og er forbundet i ein livslang skjebnefellesskap.
Det som er godt nytt for Hydro, er godt nytt for kommunen, som i fjor vert sett under administrasjon på grunn av pengetrøbbel.
Høyanger-ordførar Petter Sortland seier til NRK at han er «stolt og glad for at Hydro valde Høyanger til å teste ut grøn hydrogen».
– Nær null utslepp av CO₂ vil vere ein milepæl for Hydro, og nær ein verdssensasjon i bransjen. Dette er ein god dag for Høyanger – og for verda!
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.