Hopp til innhold

Noreg klarer ikkje halvere CO₂-utsleppa innan 2030

Noreg er langt bak målet om å halvere utsleppa på sokkelen innan 2030. Klimastatusen til regjeringa viser at det i staden vert styrt mot 35 prosent kutt.

North Sea Giant

OMSTRIDD PAKKE: Målet om å redusere utsleppa på sokkelen med 50 prosent innan 2030 var del av den omstridde oljeskattepakken.

Foto: North Sea Shipping AS

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I skuggen av statsbudsjettet («gul bok») la Støre-regjeringa denne veka fram ein klimastatus («grøn bok») der dei syner konsekvensen av vedteke politikk.

Under kapittelet som omhandlar petroleumssektoren skriv regjeringa at utsleppa på sokkelen ligg an til å bli «om lag 35 prosent lågare» i 2030 enn i 2005.

Regjeringa tek vidare atterhald at om «fleire forhold kan bidra til at utsleppa ikkje blir redusert like mykje som desse overslaga».

I juni 2020 vedtok Stortinget at olje- gassindustrien skal redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030.

Målet var del av den omstridde oljeskattepakka, der industrien fekk handsrekkingar frå staten i byte mot ein meir offensiv klimasatsing.

Utsleppsrekneskap

Denne figuren viser at olje- gassindustrien ligg an til å redusere utsleppa med 50 prosent først i 2034.

Grafikk: Klima- og miljødepartementet

På Stortinget og blant miljøorganisasjonane vert «innrømminga» motteke med skuffelse og sinne.

Det er overtydeleg at oljesektoren ikkje er i rute for å nå kuttmåla, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.

Sjå under for fleire reaksjonar.

Kuttmålet på sokkelen er urealistisk og for ambisiøst

Hos Framstegspartiet vert «kapituleringa» motteke med eit slags «kva var det vi sa?».

Frp sa i mars at forventninga om 50 prosent kutt på sokkelen var «altfor hårete» og at «ei realitetsorientering» talte for å justere ned målet til 40 prosent.

Vi har lenge meint at kuttmålet på sokkelen er urealistisk. No erkjenner tydelegvis regjeringa det same, seier Marius Arion Nilsen, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Han legg til at Noreg gjer verda og seg sjølv ei teneste om vi legg vekk visjonen om å elektrifisere sokkelen og i staden oppnår dei same kutta ved hjelp av kvotekjøp.

Resonnementet byggjer på at oljesektoren er omfatta av kvotesystemet i EU, og at norske kutt vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet.

Å elektrifisere sokkelen vil binde opp 10–15 terawattimar dei næraste åra. Dette er verdifull vasskraft vi heller bør setje av til norske hushald og næringslivet vårt, seier han.

Framskrivingar frå Oljedirektoratet viser at om lag halvparten av norsk petroleumsproduksjon vil vere drive med kraft frå land midt på 2020-talet.

Figur 3.7 Utsleppsutviklingen i petroleumsverksemd når avgrensinga knytt til oppmodingsvedtak nr. 684 12. juni 2020 leggas til grunn.

Frp uttalte i mars at Stortingets forventning om 50 prosent kutt på sokkelen innan 2030 (grøn prikk) var «altfor hårete».

Grafikk: Klima- og miljødepartementet

I ein prognose frå Miljødirektoratet heiter det at 50-målet kan vere innan rekkjevidd «dersom alle klimatiltaka i petroleumssektoren blir gjennomført». Framskrivinga inneheld ein kombinasjon av vedtekne, planlagde og umodne tiltak.

Om kategorien «umodne tiltak» skriv Miljødirektoratet at dette er løysingar som i lita grad har vorte testa ut offshore og derfor er «forbundet med stor uvisse».

Utsira

Den norske olje- og gassutvinninga står i dag for meir enn ein firedel (27 prosent) av norske klimagassutslepp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Regjeringa må slutte å vere så passiv

Å redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030 er sjølvsagt mogleg, men regjeringa må slutte å vere så passiv. Utan dette kuttet blir det umogleg å kutte 55 prosent av klimagassutsleppa i Noreg innan 2030, seier Ola Elvestuen (V).

Han legg til at «regjeringa tek feil» når dei i budsjettet skriv at karbonfangst og -lagring frå røykgass som eit alternativ til kraft frå land ikkje kan takast i bruk før etter 2030.

Dette er kjent teknologi som både kan og takast i bruk tidlegare, seier han.

NRK skrev torsdag at regjeringa også styrer mot for høge utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor (transport, landbruk, bygg og små industribedrifter). Regjeringa skriv i budsjettet at ho arbeider med tiltak for å tette gapet.

Mellom anna blir det dyrare å sleppe ut klimagassar: CO-avgifta aukar med 21 prosent utover forventa prisstigning, frå 766 kroner til 952 kroner per tonn i 2023.

Benedicte Solaas

Direktør for klima og miljø i Offshore Noreg, Benedicte Solaas, seier målet om å halvere utsleppa er «krevjande og kostbart», men overkommeleg. I løpet av kort tid vil fire nye plattformer på Utsira-høgda bli kopla til landsstraum.

Foto: Offshore Norge

Regjeringa vil endre skattereglane for petroleumssektoren

Direktør for klima og miljø i Offshore Noreg, Benedicte Solaas, seier til NRK at målet om å halvere utsleppa er «krevjande og kostbart», men at to ulike statusrapportar frå KonKraft viser at det kan vere overkommeleg.

Skal vi greie det, er industrien avhengig av føreseielege rammevilkår. Og at planlagde kraft frå land-prosjekt ikkje blir kansellerte eller utsette.

I forslaget til statsbudsjett legg regjeringa opp til å endre dei mellombelse skattereglane for petroleumssektoren. Forslaget inneber at friinntektssatsen blir redusert frå 17,69 prosent til 12,4 prosent.

Feirer Utsira-avtale i Stortinget

Terje Lien Aasland (Ap), Heikki Holmås (SV) og Jon Evang frå miljøstiftinga Zero feira vedtaket om elektrifisere Utsira-høgda med kake i 2014.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier at målet om å halvere utsleppa frå petroleumsproduksjonen står fast og at «utsleppa allereie er låge samanlikna med andre land.»

Han legg til:

– Som det kjem fram av grøn bok er det uvisse rundt slike anslag. Eit av dei viktigaste grepa vi kan gjere er å elektrifisere sokkelen, noko regjeringa har vore veldig tydelege på at vi ønskjer – trass i tidvise protestar frå opposisjonsparti med lågare klimamål enn oss.