Hopp til innhold

Norsk menneskerettsdelegasjon kasta ut av det okkuperte Vest-Sahara

– Vi blei vekt ved daggry av sivilt politi som tok frå oss passa våre, og bad oss pakka sakene. Deretter blei vi dytta inn i ein taxi og sendt ut av Vest-Sahara, seier Bjørnar Østerhus Dahle frå Raftostiftelsen.

Raftostiftelsen

Han snakkar med NRK på telefon frå Marokko. Saman med Dina Vågen Fiskum blei han onsdag morgon kasta ut av det okkuperte landområdet under eit delegasjonsbesøk av Raftostiftelsen.

Dei to delegasjonane frå Raftostiftelsen var i Vest-Sahara for å møte menneskerettsaktivistar i det okkuperte landområdet, i tillegg til å følgje opp tidlegare Raftoprisvinnar Sidi mohamed Daddach sitt arbeid.

Det var Bergensavisen som først meldte om utkastinga onsdag føremiddag.

Bjørnar Østerhus Dahle fortel til NRK at det gjekk fint å komme seg inn i landområdet, som ifølgje Folkeretten er ulovleg okkupert av Marokko.

– Men vi merka straks at vi blei forfølgde av marokkansk politi kledd i sivil, fortel Østerhus Dahle.

Blei jaga av politiet

Inne i Vest-Sahara skulle Østerhus Dahle og Vågen Fiskum diskutere menneskerettssituasjonen med fleire ulike organisasjonar.

Då dei merka at dei blei forfølgd av sivilt politi både på motorsykkel og til fots, la dei til slutt på sprang saman med dei lokale aktivistane for å finne ein trygg stad å ha møte.

– Dei kom etter oss både i bil og motorsykkel. Vi søkte til slutt tilflukt inne i eit hus der nokre av dei vi var der for å møte, visste at det var trygt for politi.

FN: Marokko må stanse okkupasjonen

Både FN og den internasjonale Haag-domstolen har fordømt Marokko sin okkupasjon av Vest-Sahara. Landet har hatt styrkar der i 30 år, og nektar på trekkje seg ut.

Ei rekkje menneskerettsaktivistar har sett søkelyset på svært dårlege vilkår i det okkuperte landet.

Vakna av at politiet var på døra

Fiskum og Dahle

HIT, MEN IKKJE LENGER: Delegasjonen frå Raftostiftelsen fekk ikkje bli lenge inne i det okkuperte Vest-Sahara. Dagen etter at dei kom, blei dei tidleg morgon vekt av sivilt politi som tok frå dei passa deira og nærast dytta dei inn i ein taxi som frakta dei attende til Marokko.

Frå vindauga i det trygge huset dei søkte tilflukt i, kunne Østerhus Dahle sjå korleis politiet gjekk frå dør til dør blant naboane og spurde etter utlendingane.

Resten av dagen gjekk likevel smertefritt, og dei to norske delegasjonane møtte blant anna folk frå tidlegare raftoprisvinnar Daddah sin organisasjon CODAPSO.

Tidleg onsdag morgon vakna dei av at nokon banka på døra på hotellromma. Det var politiet.

– Vi måtte gje frå oss passa våre, og dei fekk vi ikkje tilbake før vi sat i taxien på veg ut av Vest-Sahara. Då vi spurde om årsaka til at vi måtte reise, sa dei at vi ikkje var velkomne her.

– Vi er heilt sjokkerte. Vi visste jo at slik skjer her, og at dette berre er litt av det menneskerettsforkjemparar her opplever til dagleg. Likevel er det opprørande, seier han.

Rafto-sjefen: – Heilt uakseptabelt

Konstituert dagleg leiar i Rafto-stiftinga, Solveig Moldrheim, seier at utkastinga er fullstendig uakseptabel.

– Det som har skjedd, er berre heilt fullstendig uakseptabelt. Det viser òg kor vanskeleg situasjonen er for menneskerettsaktivistar i Vest-Sahara, som blir trakasserte og forfølgde av politiet heile tida.

No ser ho og resten av Raftostiftelsen fram til å få snakke meir med delegasjonen når dei to kjem heim.

Ifølgje ei pressemelding er dette den femte norske delegasjonen som har blitt kasta ut av Vest-Sahara i år.