NRK Meny
Normal

Padre Melo tok imot Raftoprisen

Den honduranske presten Padre Melo tok i kveld imot Raftoprisen for sin kamp for menneskerettar i eit av dei mest valdelege landa i verda.

Padre Melo - raftoprisvinner 2015

TOK IMOT PRIS: Leiar i Raftostiftelsen sin priskomité Martin Paulsen (t.v.) og prisvinnar Padre Melo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Utdelinga av Thorolf Rafto sin minnepris gjekk føre seg på Den Nationale Scene i Bergen i kveld.

– Vald og ulikskap i verda er hovudfienden til fredeleg sameksistens for folket, sa Padre Melo då han tok imot prisen.

Den honduranske presten, radioaktivisten og menneskerettsforkjemparen Ismael Moreno Coto (57) blir i dag tildelt årets pris. Han er betre kjent under namnet Padre Melo.

– Eg er full av kjærleik og tru på framtida. Eg er veldig glad for dette, men denne prisen er ikkje til meg. Det viktige er alt som blir gjort for å tene rettferd og menneskerettar i Sentral-Amerika, sa prisvinnaren.

I tillegg til prisen mottar også Padre Melo ein sjekk på 20.000 dollar.

Kritiserer det honduranske regimet

Presten er ein av få som torer å kritiserer regimet i eit av dei fattigaste og mest valdelege landa i Mellom-Amerika, noko som kan vere farleg. Fleire gongar han mottatt dødstruslar, men likevel haldt fram med arbeidet. Mellom anna i radiokanalen Radio Progreso.

– Sidan kuppet i 2009 har det vore ei skarp auke i valden mot journalistar. Arbeidet Padre Melo og andre har lagt ned har hatt store personlege kostnadar, sa leiar i Raftostiftelsen sin priskomitè Martin Paulsen under seremonien.

Etter kuppet valde Padre Melo og hans kollegaer å halde fram med lokalradioen Radio Progreso, trass i risikoen som følgde med. Den omtalar livet i fattige bydelar og på bygda.

Padre Melo fra Honduras i Bergen

I BERGEN: Padre Melo har vore mellom dei få som torer å kritisere det honduranske regimet.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Vil kaste nytt lys over situasjonen i Honduras

Då det tidlegare denne veka blei kjent at han ville ta imot prisen var han overraska.

– Ei slik internasjonal anerkjenning vil kasten nytt lys over situasjonen i Honduras. Prisen gjer at vi får større tyngde i møtet med styresmaktene. Vi kan presse dei til å oppfylle menneskerettane og vere ei stemme for dei svakaste i landet, sa Melo til NRK like etterpå.

Prisen gjer at vi får større tyngde i møtet med styresmaktene. Vi kan presse dei til å oppfylle menneskerettane og vere ei stemme for dei svakaste i landet.

Ismael Moreno Coto

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.