NRK Meny
Normal

Raftoprisen til russisk menneskerettsorganisasjon

Raftoprisen 2014 tildeles den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora.

agora2

RAFTOPRISEN 2014: Raftoprisen 2014 blir tildelt den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora.

Foto: Evegenia Vorobyeva

Klokka 10 i dag annonserte Raftostiftelsen årets Raftoprisvinnar for 2014.

Raftoprisen 2014 blir tildelt den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, ved leiar Pavel Tsjikov (36).

Martin Paulsen

ANNONSERTE PRISVINNAREN: – Me ønsker å løfte fram arbeidet deira som eit eksempel på korleis ein kan kjempe for grunnleggjande menneskerettar i dagens Russland, sa leiar i priskomiteen Martin Paulsen.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Agora er ein føderal samanslutning etablert i 2005 av menneskerettsorganisasjonar i byane Kazan, Cheboksary og Tsjita. Den består av rundt 35 juristar som fører saker knytt til myndigheitenes overgrep i dei fleste av Russlands regionar.

– Raftostiftelsen ønsker å understreke at Russland som stat har forplikta seg til å etterleve den internasjonale menneskerettane, sa priskomiteens leiar Martin Paulsen under pressekonferansen.

Men årets vinnar får ikkje ta i mot prispengane.

– Situasjonen for menneskerettsorganisasjonar i Russland er i dag så vanskeleg at Agora ikke kan ta imot prisbeløpet som følger med Raftoprisen, sa Paulsen då han las opp frå grunngjevinga i dag.

LES OGSÅ: Dmitrij gikk forbi en demonstrasjon. De neste 15 dagene satt han fengslet.

– Kjempar for grunnleggjande menneskerettar i Russland

Ein av de viktigaste aktivitetane er forsvar av aktivistar, bloggarar, journalistar og ikkje-statlege organisasjonar mot offentlege instansar sine ulovlege handlingar, skriv Raftostiftelsen i ei pressemelding.

Agora jobbar gratis for klientane sine, men juristane får betalt gjennom donasjonar til organisasjonen.

Ein organisasjon som Agora er svært viktig for å ivareta den russiske rettsstaten og ei demokratisk utvikling i landet, skriv Raftostiftelsen i si grunngjeving av tildelinga.

– Me ønsker å løfte fram arbeidet deira som eit eksempel på korleis ein kan kjempe for grunnleggjande menneskerettar i dagens Russland, seier Paulsen.

LES OGSÅ: Håper på søkelys på menneskettigheter

Agora

AGORA: Agora jobbar gratis for klientane sine, men juristane får betalt gjennom donasjonar til organisasjonen.

Foto: Agora

– Ikkje la denne organisasjonen kjempe åleine

Under pressekonferansen i dag appelerte Inna Sangadzhieva, rådgjevar for den norske Helsingforskomiteen, verdssamfunnet om å ikkje la denne organisasjonen kjempe åleine.

– For fyrste gong i russisk historie blir dei russiske myndigheitene utfordra utan våpen, med lov som eit av dei viktigaste verkemidla.

Ho seier organisasjonen sidan 2000 har arbeida med å spreie informasjon om kor viktig det er å følgje med på å overvake valsituasjonane i Russland.

– Sidan juni 2012 har det komme fleire nye lover som avgrensar grunnleggjande menneskerettar. Myndigheitene vedtek lover som klart strider mot ytringsfridomen. Dette er ein symptom på djup frykt hjå den russiske makteliten, seier Khrunova.

– Ein veldig stor dag for oss

Ein organisasjon som Agora er svært viktig for å ivareta den russiske rettsstaten og ei demokratisk utvikling i landet.

Raftostiftelsen

– Det er ein veldig stor dag. Det er alltid like spennande når me endeleg skal få lov til å offentleggjere kven som får prisen, seier Arne Strand, forskar på CMI og med i priskomiteen for Raftostiftelsen.

I fjor gjekk prisen til Bahrain Centre for Human Rights. Organisasjonen som kjempar for menneskerettar har leiaren sin i fengsel etter han kritiserte statsministeren i landet.

– Den tildelinga meinte me var svært viktig for å setje søkarlys på Midt-Austen og menneskerettar der.

LES OGSÅ: Raftoprisen til menneskerettsorganisasjon

– Koplinga mellom menneskerettar og fred er veldig viktig

Raftoprisen har blitt delt ut årleg sidan 1987, og har etter kvart oppnådd stor internasjonal merksemd og prestisje. Fleire som har fått prisen har seinare blitt tildelt Nobels fredspris. Blant dei er Kim Dae-jung og Aung San Suu Kyi.

Arne Strand

RAFTOPRISEN 2014: I dag annonserer Raftostiftelsen kven som får Raftoprisen for 2014. Arne Strand i priskomiteen ville ikkje røpe noko då han var gjest i morgonsendinga til NRK Hordaland i dag.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Koplinga mellom menneskerettar og fred er veldig viktig. Utan grunnleggjande menneskerettar på plass, er det frykteleg vanskeleg å få fred kring om i verda, seier Strand.

Når priskomiteen avgjer kven som skal ta imot prisen, ser dei etter dei som kanskje ikkje har fått mest blest kring arbeidet sitt tidlegare.

– Me ser etter dei menneskerettsforkjemparane som kanskje ikkje står øvst på dagsordenen, og som har fått flest prisar, men som jobbar på.

Raftoprisen er ein menneskerettspris stifta til minne om professor Thorolf Rafto, som var professor i økonomi på NHH.

– I tillegg til å vere ein god akademikar, var han var enormt engasjert i menneskerettsspørsmål. Under den kalde krigen var han svært aktivt med og bisto menneskerettsforkjemparar i tidlegare Sovjetunionen, seier Strand.

Raftoprisen 2013 vert tildelt Bahrain Centre for Human Rights. Organisasjonen som kjempar for menneskerettar har leiaren sin i fengsel etter han kritiserte statsministeren i landet.

SJÅ VIDEO: Bahrain Centre for Human Rights får Raftoprisen 2013. Her er fungerande leiar Maryam al-Khawaja.

Siste video

Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.