– Vi legg ikkje fram ei ny energimelding for å underhalde.
Det sa olje- og energiminister Tord Lien (Frp) då han i 2016 la fram den første heilskaplege stortingsmeldinga om energipolitikk sidan 1999.
Fem år seinare var det olje- og energiminister Tina Bru (H) sin tur til ikkje å underhalde, då ho la fram meldinga «Energi til arbeid».
Spol fram til i dag og det er Energikommisjonen sin tur til å overrekkje ei ny melding til same departement, no leia av olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
Og om rapporten «Meir av alt – raskare» ikkje er direkte «underhaldande», så er han denne gongen sett fram til med ei folkeleg appetitt som tidlegare utgåver ikkje kan vise maken til.
Symbolisert ved opptil fleire lekkasjar, og ein opposisjon på Stortinget som alt har gjort seg opp ei meining om rapporten (sjå under).
Bakom interessa syng straumkrisa, «rasjoneringsspøkjelset» og ein europeisk kraftkrise som har understreka samanhengen mellom energipolitikk og sikkerheitspolitikk.
Eller som kommisjonsmedlem Are Tomasgard frå LO uttalte for nokre dagar sidan:
– Den akutte situasjonen er jævlig vanskeleg.
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) får i dag den nye energimeldinga frå Energikommisjonen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Klimamåla ser svært ambisiøse ut
Delar av meldinga er derfor kjend allereie, før den offisielle overrekkinga klokka 10:00:
- Etter det NRK erfarer foreslår komiteen å greie ut korleis kraftutvekslinga med utlandet kan innrettast slik at «prissmitten frå andre land ikkje overstyrer norske energipolitiske målsetjingar».
- Vidare er NRK kjend med at kommisjonen foreslår å redusere behandlingstidene for konsesjonar til ny produksjon, «utan å gå på kompromiss med lokal forankring og miljøundersøkingar». Og at dei vil auke inntektene til vertskommunane ytterlegare.
- Aftenposten, som har tilgang til heile rapporten, viser til at kommisjonen er delt i synet på ny utbygging av vasskraft, og at dei ser det som realistisk å auke vindkraft-produksjonen med 5–10 TWh innan 2030. Fleirtalet i komiteen meiner Trollvind-prosjektet raskt bør godkjennast.
- Dagbladet kan røpe at kommisjonen «opnar for atomkraft» (på sikt).
- Dagens Næringsliv har meldt at komiteen vil auka krafttilgangen med 40 prosent innan 2030. 40 TWh skal komme frå ny produksjon av kraft, medan 20 TWh skal frigjerast frå dagens kraftforbruk med omfattande energieffektivisering.
- Adresseavisen fekk «ein førpremiere» på innstillinga under Trondheimskonferansen. Kommisjonsmedlem Are Tomasgard tok der til orde for europeisk solidaritet og åtvara mot «ein debatt der Putin lykkast med å spele oss opp mot kvarandre», men la samtidig til at dei europeiske naboane våre må vise «forståing for våre særmerke».
- VG fortalde måndag at meldinga tek til orde for «nærvindmøller» langs norske vegar, og at medlemmene har «lita tru» på at havvind vil vere ei energikjelde å rekne med innan kalenderen viser 2030.
Kommisjonen konkluderer difor med at klimamåla for 2030 per i dag «ser svært ambisiøse ut».
Men at «politisk vilje» og upopulære val framleis kan tippe vektskåla:
– Alt må gå mykje kjappare enn det gjer i dag, seier ei kjelde i Energikommisjonen til NRK.
I sjølve rapporten heiter det: «Vi snakkar ikkje lenger om å auke takten. Vi må opp i eit tempo vi ikkje har sett før.»
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Innen 2030 skal Norge kutte minst 55 prosent av klimagassutslippene i forhold til 1990-nivå. Målet skal nås i samarbeid med EU. Innen 2050 skal 90-95 prosent av norske utslipp kuttes.
Dette betyr at vi må kutte utslipp i rekordfart. De siste ti årene har vi klart å kutte rundt 5 millioner tonn, de neste ti skal vi kutte rundt 25 millioner tonn.
Norge skal kutte utslipp på to måter, fordi utslippskildene kan deles i to:
Kvotepliktige utslipp: Dette er særlig utslipp fra industri og olje/gassplattformene. Utslippene er omfattet av EUs kvotesystem: For å slippe ut klimagasser må industrien kjøpe tillatelser (kvoter) i EU til den prisen kvotemarkedet bestemmer. Stadig høyere pris og færre kvoter skal tvinge frem utslippskutt der det er enklest å gjennomføre.
Ikke-kvotepliktige utslipp: Dette er klimagassutslipp fra blant annet transport, landbruk, avfall og oppvarming i bygg. Dette kalles ikke-kvotepliktig sektor fordi man ikke trenger kvoter for å slippe ut klimagasser. Hvordan Norge kan kutte utslippene i denne sektoren er beskrevet i fagrapporten «Klimakur 2030». Politikerne bestemmer hvilke av tiltakene fra rapporten som skal iverksettes.
Norge kan også kutte ikke-kvotepliktige utslipp ved å betale for utslippskutt i andre europeiske land. Regjeringen sier at de planlegger å klare målene uten å bruke denne muligheten, men den kan brukes hvis det blir «strengt nødvendig».
For Norge er utslippene i de to sektorene omtrent like store: I 2019 slapp de ut rundt 25 mill. tonn klimagasser hver.
Det kan bli politisk pinlig. En sannsynlig løsning er at Norge velger å betale for utslippskutt i andre land. Norge kan også bli ilagt sanksjoner dersom vi ikke når målene vi har avtalt med EU.
Norge skal jevnlig rapportere kutt til FN, i tråd med målene satt i Parisavtalen. Her er det ikke fastsatt noen sanksjoner for dem som ikke oppfyller forpliktelsene sine.
Eit fleirtal vil omgåande elektrifisere sokkelen med straum frå land
NRK har tidlegare dokumentert at anslaga for kor mykje havvind Noreg vil ha innan 2030 sprikar mellom «mest sannsynleg ingenting» og 20 TWh.
Noreg har forplikta seg til å kutte utsleppa med 50–55 prosent innan 2030.
Ein av føresetnadene for det, meiner Stortinget, er at sokkelen vert elektrifisert.
Om ikkje med landstraum, så med havvind.
Ifylgje DN tek eit fleirtal i Energikommisjonen (11 av 15 medlemmer) til orde for omgåande elektrifisering av sokkelen med straum frå land.
Medan eit mindretal vil utsetje elektrifiseringa fram til havvind kan gjere jobben «for unngå at kraftbalansen på fastlandet vert svekka».
– Denne rapporten er ein marsjordre
– Rapporten er klinkande klar på at Noreg må gire opp kraftutbygginga vesentleg, og at det hastar, seier Åslaug Haga, som er leiar i Fornybar Noreg.
Ho legg til at skatteskjerpinga i haust «er eit av dei største hindera mot meir fornybar kraftproduksjon» og at ho gler seg over kommisjonen ønskjer ein gjennomgang av desse endringane:
– Regjeringa bør sjå på rapporten som ein marsjordre. Det handlar om klima, det handlar om næringslivet i framtida, og ikkje minst handlar det om noko så fundamentalt som tilgangen på straum i stikkontakten, seier ho.
Energimeldinga skal no ut på høyring. Neste steg er at regjeringa sender saka over til Stortinget, til dømes mot slutten av året.
Europower-kommentator Haakon Barstad trur difor at eventuelle forslag ikkje vert handsama i Energi- og miljøkomiteen «før på vårparten 2024».
– Rapporten er klinkande klar på at Noreg må gire opp kraftutbygginga, seier Åslaug Haga, leiar i Fornybar Noreg.
Foto: William Jobling / NRK