Hopp til innhold

Trøystepremie for kommunane: Foreslår ny avgift på vindkraft

Regjeringa vil krevje inn 165 millionar kroner i ny avgift på vindkraft. Målet er å blidgjere vertskommunane.

Vindkraftpark i Havøysund.

HAVØYSUND: Regjering foreslår «ein moderat avgift» på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh.

Foto: Allan Klo / NRK

– Dette er ein moderat avgift som vil gi inntekter til vertskommunane samtidig som lysten til å investere ikkje vert for mykje hemma, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

I forslag til statsbudsjett foreslår regjeringa ein avgift på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh.

Avgifta er berekna til å gi 165 millionar kronar i året, og vil tre i kraft på eit tidspunkt som departementet vil fastsette seinare – etter EØS-rettslege avklaringar.

Avgifta kjem etter rop frå kraftbransjen og kommunesektoren om at vindkraftkommunar må kompenserast betre.

– Det er bra at ein større del av inntektene der fellesskapet sine ressursar vert nytta tilkjem fellesskapet, seier Kjetil Høgseth Felde (Sp), som er ordførar i vindkraftkommunen Fjaler.

Jan Tore Sanner statsbudsjettet 2022

SANNER MED BUDSJETTET: I forslag til statsbudsjett foreslår regjeringa ein avgift på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh.

Foto: CICILIE ANDERSEN / NRK

– Lurt trekk av regjeringa

– Dette var eit lurt trekk av regjeringa. Her kan vertskommunane få inntekter som igjen kan brukast til avbøtande tiltak for ulempene som vindparkane medfører, seier Gunnar Silden (V), som er påtroppande ordførar i Stad, der det også bles mykje.

– Det er på høg tid at vi som vertskommune vert tildelt avgiftsinntekter på vindkraft, men vi håpa på ei innretning på lik linje med vasskrafta, seier Anne Kristin Førde (Ap), som er ordførar i Bremanger kommune.

Avgifta vart varsla i Revidert nasjonalbudsjett 2021, men då med ei anna utforming.

Den gong vart det foreslått å basere avgifta på installert effekt til kraftverket. No vil regjeringa i staden å basere avgifta på kraftproduksjon.

– Vi håper at dette forslaget leggjast til side av den nye regjeringa, seier Helge Eide, som er områdedirektør samfunn, velferd og demokrati i KS.

KS, Energi Noreg, Norwea og Landssammenslutningen av vindkraftkommunar (LVNK) sende i september ut ein felles uttale om avgift på landbasert vindkraft. Der bad dei om ei anna innretning på avgifta.

Smøla vindpark Statkraft vindkraft

NEI TAKK: – Vi håper at dette forslaget leggjast til side av den nye regjeringa, seier Helge Eide, som er områdedirektør samfunn, velferd og demokrati i KS.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Skader investortilliten i det grøne skiftet

– Det er positivt at regjeringa vil kompensere kommunar som stiller areal til disposisjon for vindkraft, men vi er skuffa over at investeringar som allereie er gjort ikkje vert skjerma. Det skader investortilliten som vi trenger i det grøne skiftet, seier Øistein Schmidt Galaaen, som er direktør i Norwea, som arbeider for å fremme norsk fornybar energiproduksjon.

Han legg til:

– Det er også uheldig at avgifta kan justerast kvart år, når ein samla kommunesektor har bedt om ein føreseieleg avgift.

Knut Kroepelien er administrerande direktør i Energi Noreg, arbeidsgivarorganisasjon for fornybarnæringa.

– Ulempa med denne ordninga er at den rammer eksisterande kraftverk som i mange tilfelle har marginal lønnsemd, seier han.

Energiansvarleg i Miljøstiftinga Zero, Jon Evang, seier til NRK at «ein naturressursskatt hadde vore betre».

– Ein ny regjering bør sjå på dette ein gang til, seier han.

Motvind arrangerer markering mot vindkraft på Øyfjellet i Nordland.

2020: Frå markering mot vindkraft på Øyfjellet i Nordland. Arrangert av Motvind.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

– Burde vore naturressursskatt på vindkraft

Niklas Kalvø Tessem er dagleg leiar i Kraftfylka, som er ein interesseorganisasjon for fylkeskommunane.

– Det er positivt at vertskommunane får direkte kompensasjon for naturinngrepa, men vi er skuffa over at det ikkje er foreslått innført naturressursskatt på vindkraft i tillegg, seier han.

I forslaget til regjeringa ligg det ikkje inne noko kompensasjon til vertsfylka.

– Det er uheldig sidan verknaden av vindkraft i mange tilfelle er kommuneoverskridande, seier Tessem.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, gler seg over ei avgift «som tilgodeser dei kommunane som seier ja til vindkraftverk.»

– Ei anna side ved ei slik avgift, er at det betrar konkurranseevna for vasskraftanlegg. Gjeldande skattereglar gjer det langt meir lønsamt for kraftselskapa å investera i vindkraft enn å ta fatt på oppgradering av vasskraftverk.

Smøla vindpark Statkraft vindkraft

KOMPENSASJON: – Det er positivt at vertskommunane får direkte kompensasjon for naturinngrepa, seier Niklas Kalvø Tessem, dagleg leiar i Kraftfylka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK