I januar 2018 vart det kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte i Luster.
Forklaringa var at det hasta å få ei avklaring på om Hydro Energi skulle få byggje ut og modernisere eksisterande kraftanlegg i elvane Fortun og Grandfasta i Sogn.
I tillegg pressa nabokommunen Årdal på. Industristaden inst i Sogn har historisk sett fått kraft frå nettopp Luster.
Kommunestyrerepresentantane i Luster kasta seg rundt, og sa – på eit sett vilkår – ja til planane.
Sidan har det gått fem år, og «hastesaka» er framleis på bordet til NVE, som har ansvaret for behandle konsesjonssøknader.
– Det har teke lang tid, seier ordførar i kommunen, Ivar Kvalen (Sp).
NVE seier til NRK at det vil bli gjennomført fleire undersøkingar i løpet av året (sjå under).
Sjølve kraftverket fekk konsesjon i 2020, men spørsmålet om nettilknyting er, som Hydro seier: «krevjande».
John Eckhoff i Hydro legg til:
– Generelt er vi opptekne av å korte ned behandlingstida for konsesjonssakene. Det er heilt nødvendig i den kraftsituasjonen vi står i.
I januar 2018 vart det kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte i Luster. Bakgrunnen var at Hydro måtte få svar på eit kraftspørsmål.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB– Eg får pensjon før eg får konsesjon
Ein biltur to timar unna, i Sandane i Nordfjord, går Olav Fuglestrand rundt med ein stille draum om å byggje eit «lite, diskre småkraftverk» som kan forsyne 570 husstandar med straum.
Førebels blir det med draumen.
Fire år etter at NVE var på synfaring i elva har Fuglestrand enno ikkje fått svar frå NVE.
– Eg har byrja å forsone meg med at eg får pensjon før eg får konsesjon, seier 59-åringen til NRK, med eit resignert smil.
Olav Fuglestrand går rundt med ein stille draum om å byggje eit «lite, diskre småkraftverk» som kan forsyne 570 husstandar med straum.
Foto: Harald Kolseth / NRKDepartementet vil ha eit hurtigspor
Den anstrengde kraftsituasjonen, arbeidspresset og opplevinga av NVE som «ein propp i systemet» var utgangspunktet då dåverande olje -og energiminister Tina Bru (H) i 2021 setje ned det såkalla tempoutvalet til å foreslå tiltak som kan redusere tida som går med på å gje konsesjonar.
Same impuls låg bak då Olje- og energiminister Terje Aasland i fjor bad NVE om å opprette eit «hurtigspor» for å fart på utbygginga av det norske kraftnettet.
Meir utolmodig er ordførar i Vestland fylke, Jon Askeland (Sp), som har teke til orde for at NVE må lære seg å gjere jobben på «maks ti veker».
NVE har på si side varsla at køen vert lengre, og selskap som søkjer konsesjon må rekne med lengre behandlingstid enn før.
– Regjeringa må få ut fingeren
I eit forslag til Stortinget tek fire Høgre-representantar til orde for at regjeringa må «vurdere tiltak for å få fortgang i konsesjonsbehandlinga»
– Regjeringa må få ut fingeren. Under korona viste vi at det er mogleg å handle raskt. Vi kan overføre noko av det til kraft- og nettkonsesjonar, seier Bård Ludvig Thorheim (H) til NRK.
Nye skattereglar og milliardinvesteringar i vasskraft var bakgrunnen for at NVE i fjor varsla at dei vil setje inn meir ressursar å handsame konsesjonar knytt til store vasskraftverk (og prioritere ned mindre vasskraftverk).
Bak vedtaket låg også spørsmål om kraftbalansen og effektbalansen.
– Det kjem inn mange saker, og det er mange fleire saker på gang. Då må vi ha ei køordning, forklarte NVE-sjef Kjetil Lund.
NVE har dei siste åra fått ekstra pengar til å styrke avdelingane som behandlar konsesjonssøknader, men mykje står att seier fleire i bransjen som NRK har vore i kontakt med.
Alle peikar på at tida som går med på å i stå i kø verken er akseptabel eller berekraftig (sjå under).
Vannet er en viktig del av vår historie. Da vi temmet fossene og la elver i rør, la det samtidig grunnlag for bosetting og industri.
- Det skjedde også da Stortinget vedtok full utbygging av lakseelva Aura i 1951 med 82 mot 49 stemmer.
- Det la grunnlaget for aluminiumsverket Hydro.
- Fabrikken bidro til å øke folketallet og er fortsatt er en hjørnesteinsbedrift i Sunndalsøra.
- Det skulle bli en av de største vannkraftutbygginga i landet på den tida.
- Her fra vannmagasinet på fjellet.
- På denne tida var behovet for kraft i industrien stort, og det ble lagt mindre vekt på natur og miljø.
- Det var få eller ingen krav til minstevannføring i mange vassdrag.
- Det ble kalt ingeniørkunst i verdensklasse da vannkraftverket ble bygd rundt Aura.
- Til sammen 35 kilometer lange tunneler ledet vannet til kraftverket i nabokommunen.
- Gradvis forsvant mer og mer av vannet i vassdrag mange steder i landet, også i Aura. Der regnes laksen som tapt i åtte kilometer.
- I elva Eira, som er en del av vassdraget, setter kraftselskapet ut 50.000 smolt i året.
- Vannkraft har ført til tørre elver, nå kan det bli en endring.
- Allerede i 1959 vedtok Stortinget at konsesjonene kunne revideres på nytt etter 50 år.
- I Aura kraftverk fortsetter strømproduksjonen som før og det blir ingen krav til minstevannføring de neste 30 årene heller.
- I andre vassdrag venter de fortsatt på et svar.
NVE: – Gode prosessar tek tid
Seksjonssjef i NVE, Carsten Stig Jensen, seier til NRK at konsesjonssaker råkar mange ulike interesser og at navigeringa i dette villniset av kryssande interesser «kan ta tid»:
– Det er derfor viktig at det blir gjennomført gode, demokratiske prosessar der kommunar og andre ramma partar får høve til å komme med innspel gjennom høyringar, synfaringar og møte. NVE skal deretter vege dei ulike interessene mot kvarandre, og dette kan ta tid.