NRK Meny
Normal

– Dømet på kor gale det kan gå

FrP-politikar Gjermund Hagesæter vart prega av opplevingar i Nord-Korea. – Nord-Korea er dømet på kor gale det kan gå når staten tar all makt over enkeltmennesket, seier listetoppen.

Gjermund Hagesæter

STORTINGSREPRESENTANT: Hagesæter har vore stortingsrepresentant sidan 2001.

Foto: NRK

– Begge foreldra mine støtta Senterpartiet, og broren min vart SV-ar, seier Gjermund Hagesæter.

Trass i politisk usemje i familien, er han førstekandidat på Framstegspartiet si valliste i Hordaland. Hagesæter vaks opp på garden Hagesæter på Hjelmås i Lindås kommune. Der dreiv den politisk engasjerte familien mjølkeproduksjon.

– Eg har vore i fjøset og mjølka grytidleg om morgonen, men den eldre broren min var odelsgut, og overtok garden, så eg måtte ut i verda og gjere andre ting, seier listetoppen.

– Skaut for å drepe

Då politikaren var 18 år, gjekk han inn i forsvaret. Året etter reiste han til Libanon, som sersjant og lagførar. Der var det trefningar mellom ulike styrker, og Hagesæter opplevde dramatiske hendingar.

– Seks dagar etter 20-årsdagen min, var vi ute på patrulje. Då møtte vi nokre væpna styrker, og ropte kommando om at dei skulle sleppe våpna og løfte hendene i vêret. Dei svarte med å rette eld mot oss. Det var ganske dramatisk, og eg måtte berre gjere det som var det einaste rette: Gi ordre til mine folk om å skyte tilbake. Skyte for å drepe, fortel Hagesæter.

Trefninga varte i fem intense kvarter, før soldatane frå Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) overgav seg.

– Eg skaut 60 skot, og han som låg ved sida av meg skaut 72. Han som låg på andre sida skaut ikkje eit einaste skot, for han fekk sjokk og stivna til.

Eg måtte gi ordre til mine folk om å skyte tilbake. Skyte for å drepe.

Gjermund Hagesæter

FrP-politikaren fortel at han ikkje har slite eller hatt mareritt i etterkant av hendinga, men han meiner at opplevingane i Libanon har prega han.

– Det er dei mest intense og sterke minutta eg har opplevd i mitt 52 år gamle liv. Eg er overtydd om at det har prega meg på mange måtar, både på godt og vondt, seier han.

Mot statleg detaljstyring

Det som brakte Hagesæter inn i politikken, var eit engasjement for politikk.

– Grunnen til at eg gjekk inn i Framstegspartiet, var at eg misliker veldig sterkt statleg detaljstyring og statleg byråkrati. Det er for mange påbod og forbod, og for mykje detaljregulering, meiner han, og legg til at han tykkjer at personleg fridom er viktig.

– Eg meiner at menneske er fødd fri, og at ein må ha fridom for å vere eit levande menneske. Difor er eg oppteken av at staten er til for enkeltmenneske, ikkje omvendt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjermund Hagesæter (Frp) i Nord-Korea

I NORD-KOREA: Gjermund Hagesæter vart følgt av to vakter gjennom heile ferien i Nord-Korea.

Foto: Gjermund Hagesæter/Privat

– Nordkoreanarane var redde

Gjermund Hagesæter har vore mykje ute og reist, og har mellom anna vore i Nord-Korea.

– Eg følte at Nord-Korea er dømet på kor gale det kan gå når staten tar all makt over enkeltmennesket, og ein detaljstyrar alt, seier han, og fortel at det ikkje berre var kjekt å vere i landet.

– Det var eigentleg ein forferdeleg oppleving å vere der, fordi vi vart kontrollert frå A til Å. Då vi landa i Pyongyang vart vi fråtekne mobiltelefonar, og vi vart følgt av to vaktar heile tida.

Vi spurde om det var nokon risiko for at vi vart avlytta på hotellrommet. Då lo dei og svarte: «Sjølvsagt blir de avlytta på rommet!»

Gjermund Hagesæter om Nord-Korea

Listetoppen fortel at han opplevde nordkoreanarane som redde, og at dei ikkje vågde å snakke med turistane utan at det var klarert med vaktene dei hadde med seg.

– Eg opplevde at dei ikkje var frie, men triste og redde. Det minnet har brent seg inn på netthinna: Den frykta som eg opplevde i andleta til menneska eg snakka med, seier han.

På turen hadde dei også ei samling med den internasjonale Raudekrossen, som var leia av ein nordmann. Då hadde dei nokre timar utan dei nordkoreanske vaktene.

– Vi spurde om det var nokon risiko for at vi blir avlytta på rommet. Då lo dei og svarte: «Sjølvsagt blir de avlytta på rommet!», seier Hagesæter.

– Oslo er avsidesliggjande

Etter tolv år på Stortinget, er Hagesæter for første gong listetopp i år. Fram til valet, skal han vere i Hordaland å drive valkamp.

– Her trivst eg, så det blir bra. Men litt etter valet reiser eg tilbake til Oslo, seier han.

Han mistrivst ikkje i Oslo heller, men meiner Hordaland ligg litt meir sentralt til.

– Oslo er ein OK by, men den ligg veldig avsidesliggjande til, ler Gjermund Hagesæter.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget