Flukt-Renk

Sola er på veg ned over Nilen. Ein lang kø snor seg ned mot elvebreidda.

Ein båt er full av flyktningar frå Sudan som sit på botnen av båten.

Alle ønsker plass i overfylte båtar. To døgn på Nilen er einaste veg vidare.

Ei gamal stridsvogn står langs elvebreidda til Nilen, utanfor Renk.

Ved elva står også ei rusten stridsvogn.

Til minne om at krigen aldri er langt unna i grenseområda mellom Sudan og Sør-Sudan.

Flukta frå kulene

Sudan: Tre millionar flyktningar på berre tre månader

Dei har samla heile livet oppå eselkjerra som humpar seg sakte bortover vegen. Familien er på førebels siste etappe av ei livsfarleg, men også livsviktig reise.

– Lommene mine var fulle av pengar, men no er alt borte, fortel John Fiuch.

Han klappar seg på brystlomma. Det var der han for få dagar sidan hadde familiens sparepengar.

No er alt borte. Soldatane i Sudan er desperate bandittar.

– Reisa var vanskeleg. Me har brukt massevis av pengar, og vart stansa av militæret fleire gonger. Men trass alt klarte me å komme trygt fram. Takk Allah for det.

John Fiuch har løfta eit av barna sine opp på skuldra. Bak han kjem kona Mer med parets yngste barn i armane.

John Fiuch og kona Mer ber kvart sitt barn. Dei er komne fram til flyktningleiren på grensa mellom Sudan og Sør-Sudan.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sveitten siler frå panna til Fiuch. Han har vore på reise i fleire dagar. Fire barn har blitt løfta opp og ned frå lasteplan og eselkjerrer. Han har bore dei aller minste, samtidig som koffertane med familiens få eigedelar også skal med.

– Kor skal me bu, spør den slitne småbarnsfaren.

Familien har nådd fram til fluktas første store mål: Flyktningleiren i Renk, ein by heilt i nordtuppen av Sør-Sudan, rett ved grensa til storebror Sudan.

Her har det poppa opp ein flyktningleir. Heile leiren ber preg av hastverk. Konflikten i Sudan starta heilt uventa. Flyktningleiren er etablert på ein stad der jordsmonnet blir eit einaste stort gjørmehol når regntida slår til.

Fire familiar på femten kvadrat

Hjelpeorganisasjonane gjer så godt dei kan under vanskelege forhold. Flyktningane har akkurat det dei treng for å klare seg, men ikkje noko meir. Dette er ikkje ein stad kor noko menneske ønsker å opphalde seg lenge.

John Fiuch blir lang i maska når folka frå FNs høgkommissær (UNHCR) viser fram rommet der han og familien skal bu dei neste dagane.

– De har ikkje ei vifte, kanskje, spør han audmjukt.

Han er takknemleg for hjelp, men samtidig uroa for korleis borna skal klare seg her. Det er over 35 grader i rommet, der fire familiar skal dele på 15 kvadratmeter.

Taket er ein plastduk, og golvet er betong. John er blant dei heldige. Dei fleste i leiren må klare seg med jordgolv.

Flyktningar som vendar tilbake til heimlandet

Krisa i Sudan skaper også store problem i nabolanda. Slik som i Sør-Sudan, eit land med eit leiarskap som ikkje fungerer, der folk er heilt avhengige av bistand og naudhjelp.

Allereie før krigen i Sudan var det mangel på pengar til alt som bør gjerast.

No er Sør-Sudan blitt vertskap for over 200.000 flyktningar frå Sudan. Afrikas nyaste stat har pleid å vere avsendar av flyktningar, ikkje mottakar.

Det seier sitt om situasjonen i hjartet av Afrika akkurat no.

To gutar hentar vatn i flyktningleiren i Renk i Sør-Sudan

To gutar samarbeidar om den tunge jobben det er å hente vatn i flyktningleiren.

Ein gut drar på ei plastkanne med vatn i flyktningleiren i Renk.

Berre fantasien set grenser for korleis jobben med å hente vatn kan gjerast enklare.

Mykje gjørme rundt vannpumpa i flyktningleiren.

Det blir gjørmete rundt vasskrana. Endå meir gjørmete skal det bli fordi regntida er på veg. Då blir heile leiren eit gjørmehol.

Dei fleste som vel å flykte sørover, til Sør-Sudan, kjenner landet godt frå før. Over 90 prosent er fødde og oppvaksne i Sør-Sudan, og mange av dei flykta motsett veg, til Sudan, då borgarkrigen herja i 2016.

No er dei på ny tvungne til å rive opp røtene og flykte tilbake.

Studerte fred då krigen kom

– Ingen lyttar til oss. Krigen må stoppe, men dei bryr seg ikkje, seier Mohamed.

Han har også kome fram til flyktningleiren nord i Sør-Sudan, men han er ikkje blant dei mange som har returnert til heimlandet sitt.

Mohameds heimland er Sudan, der han er fødd og vaksen opp. Men han hadde ingen val då krigen braut ut.

Han hadde sagt meininga si på videoar som var lagde ut på nett. Det set han i fare.

Mohamed Aiemam

I april var Mohamed Alemam student, og jobba som engelsklærar. No er han flyktning.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Eg er etterlyst der. Eg pleidde å vise ansiktet mitt i videoar på Facebook og skrive meiningane mine. Hæren har besøkt familien og spurt etter meg. Eg har vore arrestert tre gonger tidlegare. No er eg her, men eg anar ikkje kva eg skal gjere, fortel Mohamed.

Han studerte fredsstudium i Khartoum. Men plutseleg vart fredsstudium bytta ut med full krig.

No er Mohamed flyktning og på jakt etter ei stipend slik at han kan få fullført planane han ei gong hadde.

– Eg vil kjenne at eg lever eit ekte liv. Det livet me lever her er ikkje noko liv, seier Mohamed, som er ein av dei få i leiren som snakkar flytande engelsk.

Vil få i gang livet igjen

Mohamed sit på eit betonggolv, under ein plastduk i flyktningleiren. Leiren er stappfull av fluger, som stadig surrar rundt hovudet og gjerne vil inn mot auga til folk.

Han smiler berre ei einaste gong i løpet av samtalen med NRK. Det er når han fortel om sin namnebror og nye ven, Mohamed, som møttest då dei begge flykta til Sør-Sudan.

Livet i leiren er ikkje eit liv Mohamed vil ha. Han er skuleflink og har jobba hardt for å kome seg til universitetet. Men krigen har endra alt. På spørsmål om han nokon gong vil reise tilbake til heimlandet er svaret eit kontant «nei». Men han må finne noko å gjere.

– Korleis kan eg sørge for at familien min får mat når eg sjølv har enda opp som ein som treng hjelp, spør Mohamed.

Han deler litt om planane sine. Først vil han til Sør-Sudans hovudstad Juba, men dit vil han ikkje bli lenge. Mohamed vil studere vidare, slik at han kan få seg ein jobb og bruke alt han kan.

– Eg er så skuffa. Men så lenge eg er i live, så kan eg hjelpe andre.

Mohamed Aiemam og Mohamed Suleiman, begge flyktningar får Sudan, i Sør-Sudan

Mohamed Alimam og Mohamed Suleiman hjelper kvarandre, og vart vener då dei begge måtte flykte for livet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Nilen er einaste utveg

Verdas lengste elv renn langs den vesle byen Renk i Sør-Sudan. Og for flyktningane er Nilen den einaste vegen bort herifrå.

Nord for Renk herjar krigen. Ingen av bilvegane er gode nok i regntida. Og fly er for dyrt for ein flyktning.

Sola er på veg ned, og det er full rulle nede ved kaia i Renk. Ein lang kø av tolmodige menneske snirklar seg ned mot elvebreidda.

Der blir båtar fylt til randa av menneske og bagasje. Ingen har redningsvest, nesten ingen kan å svømme. Men kvar einaste centimeter skal fyllast opp. Kapasiteten er sprengd av folk som vil vidare på sin flukt sørover i Sør-Sudan.

– Då kampane starta vart me veldig redde, og eg kjente at det riktige var å reise heim til Sør-Sudan, seier Deborah Salomon.

Deborah Salomon er på flukt med sine åtte barn.

Deborah Salomon (til venstre) flyktar saman med familien. Å reise tilbake til Sudan er uaktuelt.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ho flyktar saman med mannen og deira åtte barn. Det er ikkje første gong dei er på flukt. I 2013 var det brutale, militære og egoistiske leiarar i Sør-Sudan som kjempa om makt. No skjer det same i Sudan.

Ved elvebreidda, midt blant flyktningane, står ei rusten stridsvogn. Den minner om alle krigane som har herja også her. Alle veit at det ulmar under overflata, og at det til neste år kanskje blir halde eit val i Sør-Sudan for aller første gong. Det kan skape endå meir uro.

Men Salomon er bestemt på at det uansett ikkje blir nokon retur til Sudan.

– No er me komne hit til hamna for å reise vidare til heimbyen vår. Eg kjem ikkje til å reise tilbake til Sudan, men eg håper at freden kjem dit, slik at begge landa kan vere fredelege, seier åttebarnsmora.

Deretter set ho seg i ein nesten full båt, saman med borna sine.

Medan sola er på veg ned over Nilen, legg dei ut på nok ein etappe. Om alt går etter planen vil dei nå byen Malakal etter to døgn. Før den tid blir det ei trong, slitsam reise, under steikande sol, med lite vatn og endå mindre mat.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?