Hopp til innhold

Verdas største katastrofe: – Vi kjenner oss heilt fortapte

Ein brutal krig har ført millionar på flukt i eige land. Bashier og Zainab levde ulike liv før krigen, no står dei begge på bar bakke. Kva skjer i Sudan?

lWmZAcDrjR0

GLØYMD KRISE: Krigen i Sudan blir kalla for ein gløymd krig og ei humanitær katastrofe. Fire millionar sudanske barn er trua av hungersnød, ifølge FN.

Foto: AFP

Sudan står overfor ein av Afrikas verste katastrofar nokosinne. Frykt, panikk og ei kjensle av håpløyse har breidd om seg i landet.

Ifølge FNs avdeling for naudhjelp har totalt over 10,7 millionar flykta heimane sine på grunn av den brutale situasjonen i Sudan, men ingen har funne sikkerheit.

Bashier og Zainab er to av dei som enno ikkje har kome seg ut av landet, men som er internt fordrivne. Dei to levde ulike liv før krigen og kjenner ikkje kvarandre.

No deler dei same skjebne.

25 år gamle Zainab fortel om livet før krigen. Ho skildrar seg sjølv som morosam og sosial. Likte å ri, fjellklatring, og brukte fritida si til å henge med vennar.

No er alle spreidd rundt i inn- og utland.

Då krigen braut ut, hadde ho eit par eksamenar att på medisinstudiet.

– Alt eg vil no er å kome meg til Egypt, slik at eg får fullført legeutdanninga mi og kan hjelpe familien min.

Men ho har blitt fortalt at visum til Egypt kostar 30.000 kroner, og det er pengar ho ikkje har.

Bashier arbeidde som lærar og omsettar før krigen braut ut. No skildrar han eit liv som har blitt sett på pause i snart eit år.

bashier og venner held eit italiensk flagg og smiler til kamera

Bashier (nr. to frå høgre) pratar både italiensk, engelsk, fransk og arabisk. Han var fornøgd med livet sitt før krigen, og arbeidde som omsettar.

Foto: Privat

– Akkurat no prøver eg berre å overleve. Dette er ikkje noko liv, alle må vere inne i husa sine. Vi berre ventar på at dette skal ta slutt, seier Bashier.

Alt endra seg på ein dag

15. april braut det ut full krig i Khartoum, og livet til alle sudanarar blei snudd på hovudet.

Det er hæren i Sudan og den mektige RSF-militsen som krigar mot kvarandre. Dei to gruppene har hatt den militære kontrollen i landet sidan dei kuppa makta ilag i 2021.

Dette er ikkje ein krig der det er snill mot slem. På eine sida er ein hær beståande av islamistar, som ønsker ein stat som er styrt etter islamistiske reglar, utan særleg demokrati.

Å ville innføre demokrati er heller ikkje noko motparten har vist særleg teikn til. Tvert imot har Rapid Support Forces, betre kjent som RSF, blitt kjent for å vere brutale, og dei er i tillegg skulda for folkemord i den vestlege regionen Darfur.

Kart over Sudan og kven som hadde militær kontroll juli 2023

JULI 2023

Hovudstaden Khartoum delt i to. Kampar pågår for fullt i bygatene.

Sudans hær styrer hamnebyen Port Sudan, men også austover mot Etiopia.

RSF-militsen kontrollerer i vest, men har ikkje full kontroll. Militsen angrip stadig lokale militsar og etniske grupper.

Oversikt over militær kontroll i Sudan, november 2023

NOVEMBER 2024

Fire månader har gått og RSF starter å ta kontroll over større delar.

I hovudstaden Khartoum pågår framleis kampar, og millionar har flykta sørover mot byen Wad Madani - ei fredfull hamn midt i krigen.

Kart over Sudan og militær kontroll februar 2024

FEBRUAR 2024

RSF-militsen har for alvor teke styringa i krigen.

No har også den frykta militsen erobra Wad Madani, og millionar er på ny tvungne på flukt.

Bashier fortel om dagen då alt starta.

– Det var ein vanleg dag. Eg stod opp tidleg, før sola blei for sterk, og gjekk meg ein tur. Plutseleg høyrer eg skotveksling, fortel Bashier.

bashier står på eit fortau og smiler til kamera. har på stripete skjorte og brune bukser

Bashier før krigen braut ut. No fortel han at hans største ønske er fred, og at krigen skal ta slutt.

Foto: Privat

Han ser tilbake på dei første månadane som heilt grufulle. Dei fleste han kjenner, reiste. Bashier blei att åleine. Han hadde håp om at kampane ville gi seg.

– Det er den største tabba eg har gjort i mitt liv. Eg var heilt åleine i huset til vennen min, livredd for at soldatane skulle finne meg og drepe meg.

Seinare har altså kampane spreidd seg. I dag er Sudan blitt eit lovlaust land, med kampar på fleire frontar, og eit heilt samfunn som er øydelagd av krig.

ein bil blir heist med kran

RSF-soldatar stel ein bil i nabolaget til Bashier.

Foto: Privat

Raiding og valdtekt blei kvardag

Dei krigande partane er stinne av pengar, og det vil dei ha meir av. Å miste tilgang på Sudans gull og mineral kan bety krise for mennene i toppen, som har kjøpt seg både venner og makt ved å rane til seg det som eigentleg er Sudans felles eigedom.

Om du har soldatar med våpen, så kan du kontrollere meir land, hente ut meir verdiar og tene meir pengar. Og når du får meir pengar, kan du rekruttere fleire soldatar.

Det er ein valdeleg spiral.

I fleire månader herja krigen i Khartoum, heimbyen til Bashier og Zainab. Væpna menn gjekk inn i folk sine heimar. Historiene om innbrot, raiding, valdtekter og vilkårleg skyting var mange.

Wad Madani skulle vere trygg

Etter nesten eit år med krig er store delar av byen øydelagd. Samfunnet er stengd ned. Bashier fortel at han held seg inne, og går berre ut når han er tom for mat og vatn.

Etter nokre månader med krig blei livet i Khartoum uuthaldeleg for Bashier. Han bestemde seg i sommar for å reise til Wad Madani, byen mange sudanarar såg på som ei trygg hamn, eit stykke unna frontlinjene. Her fekk han ete godt, og sove trygt inne.

Etter fleire månader åleine i huset til kompisen inne i hovudstaden, hadde Bashier eit stort behov for å vere ute når han endeleg hadde kome til Wad Madani.

– Eg ville sove ute, for eg ville sjå på stjernene. Det var ein draum. Folk sat ute i gatene, drakk te og slappa av. Det var utruleg å sjå. Folk levde vanlege liv, medan eg var vant til krig.

Bashier skildrar tilværet i Wad Madani som «å bli fødd på ny». Her fekk han kjenne på korleis eit tilnærma vanleg liv var.

Også medisinstudent Zainab reiste frå Khartoum til Wad Madani, saman med studiekameratar. Her var dei på trygg avstand frå krigen, men livet stod stille.

kvinner ligg på feltsenger i eit rom med blå murveggar

Zainab budde saman med studievenner i Wad Madani, under særs primitive forhold.

Foto: Privat

Då krigen braut ut, var dei nær å bli ferdige med den fem år lange legeutdanninga. Samfunnet har vore stengt ned sidan, inkludert universiteta.

I Wad Madani var dei langt frå familiane sine, og kjende seg stadig meir deprimerte.

Kampane flytta seg

Så skulle vondt bli verre. I desember vakna Bashier og Zainab nok ein gong opp til lyden av bomber.

Kamphandlingane hadde flytta seg til Wad Madani, byen som skulle vere ei trygg hamn.

Det blei reprise. Denne gongen venta ikkje Bashier, det var om å gjere å få tak i ein bil eller finne ein buss. Han reiste i over eit døgn, og minnast tallause stans av RSF-soldatar. Han blei tatt med til eit hus og avhøyrt saman med fleire andre.

Til slutt lét dei han gå, og han reiste tilbake til Khartoum. Då Bashier kom tilbake til Khartoum, var huset hans øydelagd, og alle verdisakene hans var stolne, fortel han.

– Eg bur no med nokre slektningar, men vi kan ikkje gjere noko. Vi sit inne, høyrer fly og skotvekslingar, og prøver berre å overleve.

menneske står utanfor ein buss med baggasje

Fleire hundretusen sudanarar måtte nok ein gong pakke saman liva sine i desember, og flykte frå Wad Madani.

Foto: AFP

Også Zainab reiste frå Wad Madani, til familien sin i Halfa, heilt nord i Sudan. Det tok fleire dagar, og også ho skildrar trakassering av RSF-soldatar på vegen.

Det viktigaste på den lange flukta var å ikkje få augekontakt med soldatane, fortel ho.

– Eg er no omsider med familien min i Halfa, men vi kjenner oss heilt fortapte. Vi er heilt fanga her, og særleg far min kjenner seg heilt hjelpelaus, seier Zainab.

Etnisk reinsing i vest

Er det ein del av verda som har hamna i nyheitenes skuggedal, så er det Darfur. Denne delen av Sudan er livsfarleg, også for hjelpearbeidarar.

Meldingane som kjem frå Darfur, minner om meldingar verda så vidt har fått med seg tidlegare. Det er teikn til folkemord. Etnisk reinsing.

Folkegrupper med afrikansk utsjånad blir jakta på av soldatar med arabisk utsjånad.

Ein rapport frå Human Rights Watch viser at kvinner og jenter har blitt systematisk valdtekne i stor skala.

Darfur er RSF-militsen si høgborg. Det var her militsen vaks fram under tidlegare diktator Omar al-Bashir. RSF-leiar Hemedti tente seg rik på å jakte på opprørarar frå etniske grupper som masalit, seghawa og fur.

bilete av Mohamed Hamdan “Hemedti” Dagalo. i militæruniform.

Analytikarar meiner at RSF-leiar Mohamed Hamdan «Hemedti» Dagalo prøver å ta over heile Sudan.

Foto: Yasuyoshi Chiba / AFP

Mellom 2003 og 2013 blei over 300.000 menneske drepne i Darfur, ifølge FN. Bashir blei etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen, skulda for folkemord i Darfur.

Sudan nekta for at dødstala stemte, og Bashir har aldri blitt stilt for retten.

No har diktatorens fremste slaktar i Darfur, RSF-leiar Hemedti, tatt skrittet opp. Han er i ferd med å feste grepet, ikkje berre om Darfur, men heile Sudan.

Kva no?

Gjennom ti månader med krig er det blitt gjort mange forsøk på å få i stand samtaler. Fram til no har krigsherrane ikkje vist særleg interesse for det.

Det seinaste initiativet er forhandlingar i Bahrain. Fleire høgtståande leiarar på begge sider av konflikten deltok, noko som ikkje alltid har vore tilfellet tidlegare.

Seinast 22. februar meldte Sudan Tribune at ein fredsplan kan vere rett rundt hjørnet. Men liknande meldingar har det også vore mange av tidlegare.

Det er teikn til at RSF-leiar Hemedti startar å posisjonere seg for å bli statsleiar. Han har reist på turné rundt i Afrika, kledd i sivil.

Bashir tek Sør-Afrikas president i handa. Han har på blå dress. Cyril Ramaphosa har på blå mønstra silkeskjorte.

RSF-leiar Mohamed Hamdan «Hemedti» Dagalo og Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa i januar.

Foto: Government Communication And Information System (GCIS) / AFP

Samtidig kjem det stadig vitnesbyrd om korleis soldatane til han som no ligg best an til å kunne vinne krigen i Sudan, driv på med det som blir omtalt som «nedslakting» av menneske i Darfur.

SISTE NYTT

Siste nytt