Hopp til innhold
Urix forklarer

Afrikansk kuppbølge med stadig nye skvulp

På tre år har sju afrikanske land opplevd militærkupp. Sist ut er Gabon. Det finst nokre fellestrekk som kan forklare litt av kaoset.

Y6SQ4esoNp0

Full jubel blant soldatar i Gabon etter at kuppet vart gjort kjent.

Foto: AFP

I den kolsvarte natta vart resultatet frå presidentvalet i Gabon gjort offentleg. Nok ei gong var det ein mann med etternamnet Bongo som vart kåra som vinnar. I alle fall om ein skal tru valkommisjonen i Gabon.

Men ikkje alle trur på valkommisjonen, og offentleggjering av valresultat har skapt uro i Gabon fleire gonger tidlegare.

Sju kupp på tre år

Denne gongen rann det heilt over og det går føre seg eit militærkupp. Mykje tyder på at 56 år med Bongo-dynasti er over i det regnskogkledde landet på Sentral-Afrikas vestkyst.

Ali Bongo vart først kåra til vinnar i eit omstridd val, men berre få timar etter vart makta kuppa av landets militære.

Ali Bongo vart først kåra til sigersherre i Gabons omstridde val, men vart få timar etter kasta frå makta av landets militære.

Foto: AFP

I så fall blir kuppet i Gabon det sjuande vellukka militærkuppet på tre år i Afrika.

  • Mali: I August 2020 tok Assimi Goïta makta frå president Ibrahim Boubacar Keita. Åra som følgde var turbulente, med ein mellombels president, før Goita på ny kuppa all makt i 2021. No er han fungerande statsleiar og har lova eit nytt demokratisk val. Det har førebels ikkje skjedd.
  • Guinea: President Alpha Condé vart teken til fange i september 2021, og militærtopp Mamady Doumbouya vart sjølvutnemnt leiar av Guinea. No er han mellombels president medan ein ventar på eit demokratisk val som let vente på seg.
  • Sudan: Eit av Afrikas største land var i ein demokratiseringsprosess då hærsjef Abdel Fattah al-Burhan kuppa makta frå den sivile leiinga i september 2021. Seinare har ytterlegare forsøk på demokratisering feila og hæren hamna i april i år i blodig konflikt med den militære militsen RSF. Ei av verdas verste kriser utfoldar seg i Sudan no.
  • Burkina Faso: I Burkina Faso starta 2022 med eit kupp der ein ung oberstløytnant tok makta. Også han har lova demokratisk val, utan å levere på den lovnaden.
  • Tsjad: Eit litt annleis kupp. President Idriss Deby vart drepen då han besøkte fronten i kamp mot opprørarar nord i landet. Grunnlova sa at leiaren av parlamentet skal ta over om presidenten døyr. Men i staden for tok sonen til Deby, Mahamat Idriss Deby, makta. Det førte til protestar, men ikkje demokrati.
  • Niger: I Niger er det framleis usikkert kva som skjer etter at Mohamed Bazoum vart kasta av militære leiarar for ein månad sidan. Mykje tyder på at dei militære leiarane kuppa makta fordi dei var i ferd med å bli bytta ut. Den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen Ecowas vart nok ei gong vitne til eit kupp i Vest-Afrika, og har sagt at dei vil intervenere i Niger om ikkje kuppmakarane gir seg.

I tillegg har det dei siste tre åra vore kuppforsøk i Den sentralafrikanske republikk, Guinea-Bissau, São Tomé og Príncipe, Gambia og Sierra Leone.

Land som har opplevd kupp, eller forsøk på kupp dei siste tre åra.

Ustabilt i tidlegare franske koloniar

Det er nokre fellestrekk ved kuppa. Frankrike er eit stikkord. Sett bort frå Sudan, så er alle landa som har opplevd eit vellukka kupp vore tidlegare franske koloniar.

Kan fransk påverknad vore med på å skape ustabile regime?

Svaret er ikkje soleklart, men spørsmålet er verdt å stille likevel.

Tidlegare i historia har det vore tydeleg at Frankrike har hatt tette band til fleire afrikanske presidentar. Franskmenn har vore i Afrika som diplomatar og soldatar, men også hatt stor aktivitet i næringslivet.

Nokre folk i Gabon gjekk ut i gatene og jubla til militæret etter kuppet.

Jublande folk i gatene i Gabon etter at kuppet var eit faktum.

Foto: AFP

Til tider har Frankrike vore oppsiktsvekkande nær partnar til enkelte presidentar i krisetider.

Gabon er for så vidt eit godt døme på dette. Der vart det bråk i 1986, då Omar Bongo, far til dagens president, vann med 99 prosent av stemmene.

Støtta blant folket vart neppe spegla av valresultatet og folk protesterte i gatene. Då sende Frankrike inn soldatar for å støtte opp om sine langvarige samarbeidspartnar.

Når sonen, Ali Bongo, no opplever eit kupp, så kjem det neppe noko hjelp frå Frankrike. Dei har både blitt meir kritiske til Bongo og også sagt at dei har slutta med slik innblanding som den i 1986.

Les også – Me er klare for å døy for Niger

Fleire demonstrerer mot Ecowas og Frankrike i Niameys gater.

Fransk dobbeltmoral?

Frankrike er også skulda for dobbeltmoral i Afrika. Samtidig som dei snakkar varmt om demokrati, så er dei viktige støttespelarar til fleire av verdas lengstsittande presidentar.

Slik som Paul Biya i Kamerun, som framleis sit ved makta sjølv om han i år fylte 90 år som menneske og 39 år som president.

Det kanskje mest omdiskuterte tilfellet av mogleg fransk innblanding i afrikansk politikk er mordet på Thomas Sankara.

Han var ein ung revolusjonær president i Burkina Faso som stod opp mot Vesten og Frankrike. Han var elska av folket, men skapte uro i Paris. Spesielt fordi marxisten Sankara regjerte midt under den kalde krigen.

I 1987 vart Sankara myrda. Hans samarbeidspartnar Blaise Compaore tok over makta, og regjerte fram til han vart kasta i eit kupp i 2014.

Kven drap Sankara? Det var ikkje lov å etterforske dette så lenge Compaore, som vart ein nær alliert av Frankrike, var president.

li-xx3G7TNU

Over heile Afrika kan du finne bilete av Sankara, som eit symbol på revolusjon og motstand mot dei tidlegare koloniherrene.

Foto: AP

Men etter at Compaore var kasta frå makta i 2014 vart han stilt for retten, og seinare dømd for drapet på Sankara, som framleis er eit ikon over store delar av Afrika.

Spelte Frankrike ei rolle i drapet på Sankara? Mange meiner det, men bevisa er få og Frankrike har heile tida nekta for å ha hatt ei rolle i drapet.

Høyr Oppdatert sin episode om ikonet Thomas Sankara:

Store forskjellar, og djup fattigdom

Dei landa som opplever kupp i Afrika har også til felles at dei slit med djup fattigdom blant store delar av folket. Dette er sjeldan på grunn av mangelen på naturressursar. Niger har uran, Mali har gull, Gabon har olje.

Men inntektene har blitt for lite fordelt opp gjennom åra, og korrupsjonen har vore omfattande. Dette skaper fattigdom, og fører til at fleire av landa er i botnen av FNs levekårsindeks. Unntaket er Gabon, som ligg mellom land som Libanon og Indonesia.

Ulikskapane og fattigdommen fører til folkelege opprør og politisk grunnlag til å gjennomføre eit kupp. Det har i Mali og Burkina Faso også ført til at terrorgrupper har klart å rekruttere nye medlem som ønsker å krige mot staten.

Militære diktatur

På papiret har dei sju landa, utanom Sudan, blitt kalla demokrati. Men det er veldig varierande kor demokratiske dei eigentleg har vore. Dei har alle til felles at dei har eit mektig militære som sit tett på landets leiarskap.

For å kunne styre eit land på ein autoritær måte må ein ha klart å fjerne demokratiske mekanismar som hindrar deg frå å vere autoritær. Dermed har du også fjerna mekanismane som kan stanse eit kupp, og ein er heilt avhengig at lojale støttespelarar blir verande nøgde.

Når ting byrjar å butte mot kan lojaliteten forsvinne, og militæret står best stilt til å ta over makta.

Folk viser støtta til kuppmakarane i Niger.

I Niger vende plutseleg militære leiarar ryggen til presidenten då rykta sa at han skulle bytte dei ut. I gatene viser mange støtte til kuppet.

Foto: AFP

Lite fungerande sivilsamfunn

Dei fleste landa som går gjennom kupp har svake sivilsamfunn, der folk sjeldan har kanalar å uttrykke misnøye og kritikk.

I mangelen på sivilsamfunnsorganisasjonar, fagrørsler og liknande institusjonar, så er gjerne eit militærkupp det beste misnøgde innbyggjarar kan håpe på. Difor kan også militærkuppa få ein del støtte blant folk.

Det skaper gjerne ein del undring hos mange europearar, som ikkje ville sett like positivt på ei militær overtaking. Men til gjengjeld har dei fleste i Europa ein del andre verktøy og kanalar dei kan bruke om dei er misnøgde med leiarskapet i landet sitt.

Media er også ofte lite fungerande, eller styrt av staten, i dei landa som har vore gjennom kupp. Dermed er ikkje den fjerde statsmakt på plass til å kunne stille autoritære og korrupte leiarar til ansvar. Omfanget av falsk informasjon blir også større når tilliten til media er låg.

SISTE NYTT

Siste nytt