Hopp til innhold
Urix forklarer

Sudans krise kan vekse seg stor – enormt stor

Maktkampen mellom Sudans generalar er brutal for sivile. Med nesten 50 millionar innbyggjarar, og si strategiske plassering i vegkrysset mellom den afrikanske og arabiske verd, er Sudan eit avgjerande land.

Det ligger tung røyk over Sudans hovudstad Khartoum, og elva Nilen som renner gjennom byen.

Røyken ligg tung over Nilen og Khartoum etter at bomber har slått ned i Sudans hovudstad.

Foto: ABDELMONEIM SAYED / AFP

Krisa i Sudan har vart i ei veke. Mykje tyder på at den kan vare lenge. Dei to store militære gruppene i Sudan har bygd seg opp over lang tid.

Det finst ingen i Sudan som kan stanse dei to gruppene som pleidde å vere allierte, men som no er bitre fiendar.

Nokre kvinner har teke med seg fleire barn og baggasje. Dei er på flukt bort frå kampane i Khartoum i Sudan.

Fleire har flykta til rolegare delar av Sudan dei siste dagane. Sivile er utsette for angrep slik situasjonen er i Sudan no.

Foto: AFP

Demokratidraumen som forsvinn

Sudan er diktaturet som skulle bli demokrati. Enorme folkemengder gjekk ut i gatene i 2018 og skapte verdshistorie då dei kravde at Omar al-Bashir sitt militærdiktatur skulle skrotast og bytast ut med demokrati og sivile leiarar.

Nokre vart drepne, andre vart utsette for vald, men som gruppe overlevde demonstrantane, og til slutt vann dei fram mot den gamle og folkemordssikta diktatoren.

Men soldatane som hadde utført folkemordet ga ikkje slepp på makta. Sjølv om Bashir vart kasta, så var militæret framleis dei som styrte. Dei hadde nok innsett at krafta frå folket var for stor, hadde snudd ryggen til sin leiar, og lova folket demokrati.

Les også Blir Sudans demokratihåp skote i filler akkurat no?

Sudansk flagg oppå eit automatisk skytevåpen.

Den gong var Sudans hæren og militsen Rapid Support Forces (RSF) allierte. Fire år etter er dei bitre fiendar og skyt på kvarandre. I tillegg har dei knust draumen om demokrati.

Om konflikten i Sudan blir langvarig, kan alt arbeidet som er gjort for å skape demokrati vere til inga nytte. Mykje er øydelagd av dei pågåande kampane.

Demonstrantar som ønsker demokrati protesterer i Khartoum i Sudan.

Dei har ikkje gitt seg heilt endå. Demonstrantane i Sudan som forlanger demokrati.

Foto: AFP

Kva har partane eigentleg å vinne på dette?

Ingenting.

Men konflikten handlar om kva dei to partane har å tape.

Generalane som kjempar i Sudan forsøker å skape eit inntrykk av at dei er opptekne av landets folk og framtid. Men om så var tilfelle, så ville Sudan vore eit demokrati no.

For det er generalane som står i vegen for Sudans demokrati. Dette handlar mest om deira frykt for tynnare lommebøker.

For i dag har dei stappfulle lommebøker.

Rapid Support Forces (RSF) er den eine parten i krigen. Og dei elskar gull. For med blod på hendene har RSF sine soldatar sikra seg kontrollen over ein god del av Sudans gullgruver. Og det gjer gruppas leiarar søkkrike.

Gullet vert anten seld eller smugla ut av landet. Ofte til Dubai.

RSF sin leiar, general Mohamed Hamdan Dagolo – vanlegvis kalla «Hemedti» – kan bruke store ord om korleis folket i Sudan har blitt rana av landets leiarar. Men heller ikkje han deler særleg av rikdommen frå gullgravinga med folket.

Hemdeti er leiar for Rapid Support Forces. Han står med ein pinne som han held i vêret, og har eit lite smil om munnen. Han er kled i militæruniform.

Han er blant Sudans aller rikaste, og slik vil han at det skal fortsette å vere. Hemedti er leiar for Rapid Support Forces, og ein av generalane som er ansvarlege for krisa i Sudan.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Han har skaffa seg eit nettverk av mektige vener, fleire av dei internasjonale. Den russiske Wagner-gruppa er blant dei som den siste tida har knytt seg tettare til RSF. Også dei elskar gull.

Hemedti vil gjerne fortsette å tene pengar på gull, jordbruk og anna rikdom i Sudan. Men om landet skal gå i den retninga folket ønsker, så har det vore eit viktig krav at Sudan berre kan ha ein hær.

X14FXtZfyH4

Det finst mange væpna menn i Sudan. Desse soldatane tilhøyrer hæren, som no kjempar mot RSF.

Foto: AFP

Difor har det vore planen at RSF skal innlemmast i den sudanske hær. Og hæren skal heller ikkje få lov til å drive på med forretningar.

Med andre ord vil ei slik utvikling føre til at Hemedti må gje frå seg det meste av tilgangen til det som har gjort han rik.

Han valde difor konflikt framfor demokrati.

Motparten, den sudanske hær, er ikkje noko tilhengar av demokrati dei heller. Leia av general al-Burhan har hæren utført statskupp fleire gonger.

Al-Burhan har leia Sudan gjennom fire tubulente år. Han har lova fleire gonger at landet skal komme seg inn på sporet mot demokrati og sivilt styre. Det er ein lovnad han framleis har til gode å oppfylle.

Gull

Litt av alt gullet som finst i Sudan. Mykje av det er smuglarvarer, og RSF tener store pengar på sal av gullet.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Sudans folk skaper håp

Det er vanlege folk i Sudan som skaper eit håp om demokrati.

Akkurat no har dei meir enn nok med å gøyme seg for skyting og angrep. Men kanskje dei snart kan komme ut igjen i gatene?

Folkelege opprør har tidlegare skapt store endringar i Sudan. I 2018 gjekk prisane på mat og drivstoff kraftig opp. I fleire månader protesterte folk, og dei skapa så mykje sinne at diktator Omar al-Bashir til slutt vart kasta.

Også i 2021, då militæret i Sudan kuppa heile demokratiseringsprosessen tok folket til gatene. Også den gongen enda det med nye lovnader om demokrati.

Desse grupperingane som tidlegare har klart å skape håp om demokrati i Sudan er framleis både aktive og solide. Om konflikten roar seg, er det venta at folk vil gå ut i gatene igjen.

Les også Sperret inne i flere dager: – Vi forberedte oss på å dø

Skadene inne i et hus under sammenstøt mellom de paramilitære Rapid Support Forces (RSF) og hæren i Khartoum.

For draumen er ikkje heilt død endå, og kravet er framleis det same.

Med eit såpass stort og breitt folkeopprør som i Sudan, er det vanskeleg for generalane å styre Sudan inn i ei framtid utan demokrati.

Sjølv om dei har aldri så lyst, og eit arsenal med våpen.

Demonstrasjoner

Folk i Sudan har vore ute i gatene mange gonger. Her frå 2020. Fredelege prodemokratiske demonstrasjonar kan veldig fort skje igjen i Sudan.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Kan bety trøbbel også utanfor Sudan

Dei internasjonale dimensjonane kan bli store. Sudan ligg i dei nordlege delane av Aust-Afrika. Landet er omringa av ustabile regime.

Det er allereie kome meldingar om sudanarar som har flykta ut av landet. Skulle Sudan bli kasta ut i langvarig borgarkrig vil heile regionen merke det.

Etiopia, Eritrea, Sør-Sudan, Tsjad, Libya og Egypt. Alle er naboland til Sudan, og alle har vore gjennom konfliktar dei siste åra.

Sudan ligg midt i ein uroleg region. I tillegg har landet tett kontakt med fleire andre land som kan bli dratt inn i konflikten.

Som ei arabisk stormakt har Sudan også stifta band til landa på andre sida av Rødehavet, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirat. Handel, militært samarbeid og felles religion skaper band mellom desse landa.

Også Russland og USA er interesserte i Sudan, og vil ha dei med på sitt lag i den globale stormaktskampen.

Det er med andre ord mange som har interesse av å støtte sine næraste støttespelarar i Sudan.

Dei to partane som skyt mot kvarandre i Sudan no har lenge vore allierte, og difor er ikkje krisa i Sudan ein type konflikt der ulike land og aktørar stiller seg bastant på den eine eller den andre sida.

Høyr også:

Nokre samarbeid er likevel tettare enn andre, slik som at Egypt støtter hæren, og rykta går om at den russiske Wagner-gruppa forsyner RSF med våpen. Med andre ord kan Russland tene pengar på krigen i Sudan, og dei har allereie snakka med Sudan om å opprette ein russisk militærbase i landet.

Skulle krigen dra ut, så er det altså nok av pengar og eigeninteresser til at nye alliansar og samarbeid kan bli inngått.

Konflikten kan gje utslag fleire stader i både Nord- og Aust-Afrika. Sudan ligg i ein del av verda der landegrenser ikkje alltid er absolutte, og kor konfliktar fort kan spreie seg over til naboland.

Spesielt om nabolanda etterkvart skulle bli dratt inn i konflikten, eller sjå seg tent med å støtte ei av sidene meir ann den andre.

Intern uro kan også skje. Sudan er ikkje ukjent med det. Det er spesielt Darfur-regionen, lengst vest i landet, som har opplevd kampar mellom regjeringsstyrker og grupper som vil at Darfur skal bli uavhengig.

RSF-militsen oppstod i Darfur. Dei heitte først Janjaweed, og var ein milits som utførte brutale angrep på vegner av diktator Omar al-Bashir.

Skulle RSF tape kampane i hovudstaden i Khartoum vil dei kunne legge om strategien, trekke seg tilbake til Darfur og kanskje forsøke å gjere Darfur uavhengig. Det er i så fall det motsette for det dei har kjempa for før.

Mohammed bin-Salman og leiaren for hæren i Sudan, al-Burhan

Saudiarabiske Mohammed bin-Salman og leiaren for hæren i Sudan, al-Burhan, har samarbeida tett. Her frå 2019.

Foto: BANDAR AL-JALOUD / AFP

Enn så lenge har konflikten i Sudan ikkje spreidd seg, og dei fleste internasjonale aktørane er mest opptekne av å mane til ro.

Men kva som skjer i maktens kulissar, det er like uoversiktleg som det meste anna i Sudan akkurat no.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.